Helsedirektøren til Kristine (17): – Eg forstår at det ikkje er lett

Kristine Vedvik Henriksen (17) fortalte gjennom NRK om kor lei ho er livet på heimeskule. I ettermiddag fekk ho svar frå helsedirektøren: – Eg forstår at det ikkje er lett å vere ungdom no, seier Bjørn Guldvog.

Pressekonferanse om koronasituasjonen

FORSTÅR: Helsedirektør Bjørn Guldvog seier det ikkje er lett å vere ungdom no.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Kristine har det som så mange andre tenåringar akkurat no.

Mesteparten av tida blir brukt på rommet framfor ein skjerm.

Helst skulle ho ha vore på skulen – i andreklasse på IB-programmet på Sandefjord vidaregåande skule. Men smitte etter jul gjer at skulen har hatt raudt nivå. Og sjølv om skulen prøvar å legge til rette for noko fysisk undervisning, så har Kristine stort sett vore heime.

Kristine Vedvik Henriksen (17) i Sandefjord er ein av mange tusen norske ungdommar som er lei undervisning på digital heimeskule.

LEI: Kristine Vedvik Henriksen (17) i Sandefjord er ein av mange tusen norske ungdommar som er lei undervisning på digital heimeskule.

– Eg er lei av heimeskule. Eg er lei av å ikkje sjå vennane mine. Eg er lei av å ikkje vite korleis reglane vil vere om ei veke og ikkje vite korleis ting vil vere framover. Eg er lei av mangelen på struktur i kvardagen, sa ho i ein video ho har sendt til NRK frå rommet sitt.

Forstår henne godt

Då regjeringa heldt pressekonferanse i ettermiddag, vendte helsedirektør Bjørn Guldvog seg til Kristine og tusenvis av andre norske ungdommar.

– Eg forstår at det ikkje er lett å vere ungdom i dag når du må sette livet på vent og usikkerheita blir så stor som den er no, sa Guldvog.

– Og eg forstår så inderlig godt at du kjenner på motløyse når du har gjort det rette i månadsvis og det likevel blir opplevd som om du står på staden kvil.

EIN AV MANGE TUSEN: Helsedirektør Bjørn Guldvog synest Kristine oppsummerer frustrasjonen godt.

– Tusen takk til Kristine og alle andre unge som står i dette kvar einaste dag, avslutta helsedirektøren.

Opnar for meir heimeskule

Men sjølv om Guldvog understrekar at bruken av heimeskule skal vere på eit nødvendig minimum, kan det vere mykje skjermundervisning i vente for norske ungdommar framover også.

Kunnskapsminister Guri Melby på pressekonferanse om koronasituasjonen.

ENKLARE: Med regjeringas nye vedtak blir det enklare for skulane å bruke meir heimeundervisning, også i kommunar med gult smittenivå.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

For i går endra regjeringa reglane slik at skulane kan ta i bruk digital heimeundervisning oftare enn i dag. Også når smittetrykket er mindre – på såkalla gult nivå – kan skulane no ta i bruk digital undervisning. Regelendringa blir gjort i strid med råd frå både Bjørn Guldvogs Helsedirektorat og Folkehelseinstituttet.

– Det vil gjelde på skular der det over tid har vore utfordrande å organisere opplæringa på grunn av stort fråvær blant elevar og lærarar, sa kunnskapsminister Guri Melby.

Til no har Kristine hatt heimeskule når det er «raudt» smittenivå på skulen. I framtida kan det skje også når det ikkje er ein akutt smittesituasjon.

Rektor Harald Møller ved skulen hennar meiner endringa er fornuftig. Den vil for eksempel gjere at skulen kan ha digital undervisning i ein situasjon der ein lærar er i karantene, viser han til.

– Eg blir stressa og lei meg når eg høyrer at det kjem meir heimeundervisning, seier Kristine Vedvik Henriksen.

Kristine Vedvik Henriksen på hjemmeskole.

SKJERM: Nok ein dag på rommet for Kristine og dei andre i klassen.

Foto: Privat

SV meiner det er siste utveg

Men det er mange som ropar varsku. Både FHI og Helsedirektoratet har åtvara mot endringa, og barneombod Inga Bejer Engh har sagt ho håpar Stortinget vil overprøve regjeringa.

– Det er å håpe at opposisjonen er like oppteken av barns opplæring som av alkoholservering, sa Engh til NRK i går.

Mona Fagerås i Sosialistisk Venstreparti meiner regjeringa må erkjenne at heimeskule ikkje er eit fullgodt tilbod til elevane.

Mona Fagerås i SV under muntlig spørretime i Stortinget.

OMKAMP: SVs Mona Fagerås håpar Stortinget klarer å forhindre meir heimeskule.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Å stengje skolar og fritidsaktivitetar for barn og unge må vere absolutt siste utveg, seier Fagerås.

SV er no i samtale med dei andre partia på raudgrøn side for å finne ut om dei kan få fleirtal for å avgrense bruken av heimeskule.

– Viss smitta i samfunnet er stor, og det er raudt nivå, forstår vi at skuletilbodet vert dårlegare. Men vi kan ikkje rokke ved elevars tilbod og gje lov til meir heimeskule når det berre er gult nivå. For å gje inntrykk av at heimeskule er eit fullgodt alternativ, det er berre tull, seier Fagerås.

No krev ho at Melby kjem til Stortinget og gjer greie for planane for heimeundervisning framover.

Men neppe fleirtal for å stoppe dette

Men kunnskapspolitisk talsperson i Frp Roy Steffensen meiner tiltaka med heimeundervisning ikkje er urimelege.

Han seier Frp meiner klasseromsundervisning må vere hovudregelen, men at smittesituasjonen krev at tiltak på skulane må vurderast lokalt.

– Så lenge regjeringa legg opp til å skjerme sårbare barn, meiner vi at dette bør vere greitt, sjølv om det ikkje er ideelt, seier Steffensen.

Også Senterpartiet ser ut til å lande på at regelendringa frå regjeringa er grei. Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad viser til at det er ei sak med fleire dilemma, og seier kunnskapsministeren har gjort greitt greie for dette.

Aps Torstein Tvedt Solberg i spørretime på Stortinget.

KRITISK: Arbeidarpartiets Torstein Tvedt Solberg.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Det er derfor lite truleg at opposisjonspartia finn saman om eit vedtak for å avgrense heimeskule ytterlegare, sjølv om Arbeidarpartiet i likskap med SV er kritisk til ordninga.

– Det verkar som regjeringa set barns rett til utdanning opp mot slitne lærarar sitt ønskje om meir fleksibilitet. Det skaper unødvendig konflikt. Eg synest det er spesielt alvorleg når Barneombodet og faginstansar så tydeleg åtvarar mot dette, sa Tvedt Solberg til NRK i går.

Skjønnar at dei er leie

Kunnskapsminister Guri Melby (V) understrekar at heimeopplæring på gult nivå kun skal nyttast i tilfelle der det er til elevens beste. For eksempel vil det være aktuelt når ein lærar i ungdomsskule eller vidaregåande skule må i karantene, men kan undervise heimefrå.

Også Melby seier ho forstår ungdommen.

– Eg forstår godt at både Kristine og andre ungdommar er leie korona, av mangelen på undervisningsopplegg på skulane og at ein ikkje får sjå vennane sine. Koronapandemien utfordrar oss alle, og eg kan berre forestille meg korleis det er å ha delar av ungdomstida si så mykje heime, seier Melby.

Saka er oppdatert tysdag føremiddag med Guri Melbys kommentarar og tysdag ettermiddag med Bjørn Guldvogs innlegg på pressekonferansen.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger