Hopp til innhold

Opnar for endå meir heimeundervisning

Regjeringa ser bort frå helsefaglege råd og opnar opp for meir heimeundervisning også når det ikkje er stort smittetrykk.

Guri Melby.

HEIME: Kunnskapsminister Guri Melby (V) opnar for meir bruk av heimeskule.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

NRK rettar: I første versjon sto det at Stortinget kan stoppe regelendringane ved hjelp av koronalova. Det riktige er at denne lova er utløpt. Stortinget kan velje å ta opp saka på anna måte.

– Av og til er heimeundervisning eit betre alternativ, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Frå i dag blir det lov for ungdomsskular og vidareggåande skular i heile landet å ta i bruk digital heimeundervisning også når smittenivået ikkje er definert til «raudt nivå».

Melby meiner meir bruk av heimeundervisning kan lette situasjonen for skular som har slite med mykje fråvær blant elevar og tilsette over tid.

Heimeundervisning også ved gult

– Målet er best mogleg opplæring til elevane og at vi gir skulane fridom og tillit til å organisere undervisninga slik at den gir det beste pedagogiske resultatet.

Den såkalla trafikklysmodellen styrer korleis skulekvardagen skal organiserast. Det er styresmaktene sentralt eller lokalt som ut frå smittesituasjonen bestemmer om skular skal drive på grønt, gult eller raudt nivå.

Gult nivå har fram til no betydd at elevane er på skulen. Det er berre ved raudt nivå at skulane har hatt lov til å avgrense kor mange elevar som er på skulen.

No kan skulane gje heimeundervisning også ved gult nivå.

Ved stort fråvær

– Dette vil kun gjelde på skular der det over tid har vore utfordrande å organisere opplæringa på grunn av stort fråvær blant elevar eller lærarar. Det ideelle er å vere på skulen, men nokon gonger er ikkje det alternativet, seier Melby til NRK.

Like etter nyttår kunngjorde regjeringa at alle ungdomsskular og vidaregåande skular i heile landet skulle drive på raudt nivå. Men frå onsdag førre veke - før spreiinga av mutert virus i Nordre Follo vart kjent - var det kunngjort at skulane igjen kunne gå over til gult nivå.

Endringa regjeringa gjer har vore diskutert sidan desember og er ikkje knytt til det siste utbrotet av mutert virus på austlandet. I hovudstadsområdet driv mange skular uansett på raudt nivå komande veke.

Faglege innvendingar

Men forslaget frå Melby har møtt sterk motbør frå fleire fagetatar.

Under høyingsrunden i desember viste Folkehelseinstituttet til at meir bruk av heimeundervisning ville «påføre ungdom en tiltaksbyrde som er større enn nødvendig».

Helsedirektoratet meinte at det kun burde «være mulig å ha hjemmeundervisning på rødt tiltaksnivå når dette er smittevernfaglig begrunnet og fastsatt».

Mens dei viktigaste aktørane i skulesektoren har vore positive og meiner forslaget gir meir fleksibilitet. Utdanningsforbundet, som organiserer lærarar, og KS, organisasjonen for kommunane, har støtta at ein kan gje heimeundervisning på gult nivå.

Inga Bejer Engh

OVERRASKA: Barneombod Inga Bejer Engh.

Foto: Sveinung Arnestad / Barneombudet

Barneombod Inga Bejer Engh har stått saman med dei som har vore sterkt kritisk til forslaget frå regjeringa.

– Eg er difor svært overraska over at regjeringa vil opne for heimeskule der det ikkje er grunngjeve med smittevernomsyn, men praktiske omsyn ved skulane. Særleg når fagmyndigheitene har fråråda dette nettopp på grunn av negative konsekvensar for elevar si læring og psykiske helse.

– Fryktar du det kan bli misbrukt?

– Ja, det gjer eg. Før jul sendte fleire skular elevane på heimeskule utan at det eigentleg var tilgang til det i regelverket. Eg er alvorleg redd for at på eit område med mykje frykt blir det gjort inngrep i elevane sine rettar utover det som er nødvendig.

Ap kritisk

I utgangspunktet har regjeringa makt til å bestemme forskrifter utan å involvere Stortinget.

Men stortingsfleirtalet har den seinare tida likevel endra på regjeringa sine smittetiltak.

Arbeidarpartiets utdanningspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg er skeptisk til Melbys nye politikk for gult nivå.

Torstein Tvedt Solberg i Arbeiderpartiet

KRITISK: Stortinget kan stoppe forskrifter dersom Aps Torstein Tvedt Solberg og fleire parti er usamde.

Foto: Vidar Ruud / NPK

– Det verkar som regjeringa set barns rett til utdanning opp mot slitne lærarar sitt ønskje om meir fleksibilitet. Det skaper unødvendig konflikt. Eg synest det er spesielt alvorleg når Barneombodet og faginstansar så tydeleg åtvarar mot dette.

Han seier Ap vurderer om partiet vil gå mot forskrifta.

– Vi vil gå gjennom forskrifta og lytte til motforestillingane som har kome før vi gjer ei endeleg vurdering av dette.

Barneombodet meiner den politiske opposisjonen bør vise minst like mykje handlekraft no som den klarte å vise fram førre veke.

– Vi får håpe opposisjonen på Stortinget er like oppteken av opplæringa til elevane som dei er av alkoholservering, seier Inga Bejer Engh.

AKTUELT NÅ