NRK Meny
Normal

Kuttar poseavgift, men aukar straumprisen

Regjeringa aukar straumprisen for å kompensere for vraking av poseavgifta, opprettar eit nytt vegtilsyn og gir 250 millionar meir til Syria. Slik lyder i alle fall lekkasjane frå det reviderte statsbudsjettet som vert lagt fram tysdag.

Siv Jensen

Finansministeren vrakar poseavgifta, og legg heller 0,5 øre per kilowattime ekstra på elavgifta, kjem det fram i lekkasjane frå det reviderte nasjonalbudsjettet.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Tysdag klokka 10.45 legg finansminister Siv Jensen fram det reviderte nasjonalbudsjettet. Men i kjent stil er det kome lekkasjar som fleire av statsrådane alt har vore ute og stadfesta.

I kommuneproposisjonen, som vert lagt fram samtidig med forslaget til revidert nasjonalbudsjett, får kommunane 1,1 milliard kroner for å kompensere for tapte skatteinntekter.

Auka elavgift gir 300 millionar

Ein av hovudgrunnane til at regjeringa kuttar berepose-avgifta er at miljøeffekten av ei slik avgift møtte tvil under høyringsrundane. No skal regjeringa heller auke elavgifta med 0,5 øre per kilowattime.

Ifølgje NTB vil det på årsbasis gi om lag 300 millionar kroner i meirinntekt til staten.

Samstundes føreslår regjeringa på sikt å redusere elavgifta for grøne datasenter. I statsbudsjettet for neste år vil det verte fremja forslag om redusert avgiftsgass, noko som regjeringa håper vil styrke moglegheitene for at selskap skal etablere nye bedrifter i Noreg.

Meir pengar til Syria og tiltak i Middelhavet
Statsminister Erna Solberg holder en tale

Statsminister Erna Solberg lovar 250 millionar kroner ekstra til Syria og nabolanda.

Foto: NRK

Statsminister Erna Solberg lovar også meir pengar til Syria i revidert nasjonalbudsjett. Støtta til Syria og nabolanda skal aukast med 250 millionar, til totalt 1 milliard.

Solberg har også varsla at stønaden til EU-prosjektet Frontex i Middelhavet skal opp. Det er Den europeiske union sin organisasjon for tryggleik ved EU sine yttergrenser.

I tillegg skal talet på kvoteflyktningar med særlege medisinske behov tredoblast frå 20 til 60 flyktningar i 2015

Vil ha eit uavhengig vegtilsyn

Regjeringa vil også skilje Vegtilsynet frå Statens vegvesen for å få eit uavhengig tilsyn som er underlagt Samferdsledepartementet.

– I dag er vegtilsynet underlagt vegdirektøren. Det synest vi er uheldig, for då kan det gi inntrykk av at Vegtilsynet ikkje opererer fritt, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen til NTB.

Vegtilsynet si oppgåve er å føre tilsyn med at tryggleiken på riksvegnettet er teke vare på i Statens vegvesen

Og 40 millionar kroner skal settast av til skredsikring i Romarheimsdalen i Nordhordland.

100 millionar til arbeid mot radikalisering

Som følgje av det skjerpa trusselbiletet i landet får Oslo-politiet 38,8 millionar kroner ekstra for det auka vakthaldet.

Det vert også lova 100 millionar kroner til arbeid mot terror og radikalisering. Pengane skal gå til tiltak i fengsel og kommunar.

Finansminister Jensen har også varsla friske midlar til øvingar for Hæren og Heimevernet i Finnmark, dette lova ho under landsmøtet til Framstegspartiet.

Regjeringa varsla tidlegare i år at den set ned eit prøveprosjekt med dyrepoliti i Sør-Trøndelag politidistrikt. Lekkasjane frå det reviderte budsjettet viser at det er sett av 3 millionar kroner for å få realisert planane om eit dyrepoliti.

Dette er berre eit utval av lekkasjane, resten kan du lese i faktaboksen under.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger