Hopp til innhold

Får millionar til forskingssenter: – Viktig for heile landet

Regjeringa løyver 20 millionar kroner til etablering av Sørlandslab i revidert nasjonalbudsjett.

Mæland og Sundtoft feirer Sørlandslab

Næringminister Monica Mæland (H) og klimaminister Tine Sundtoft (H) serverer kake til UiA-rektor Torunn Løvdal for å feire at regjeringen bevilger 20 millioner kroner til etablering av Sørlandslab.

Foto: NRK

– Vi har no ei moglegheit til å bli med på eit heilt nytt konsept. Her går næringslivet og universitetet i Agder saman for å spleise på utstyr og bygging av eit testlaboratorium, seier næringsminister Monica Mæland (H) til NRK.

Saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) presenterte ho nyheita på ein pressekonferanse måndag føremiddag.

Senteret skal etablerast i Grimstad.

– Viktig for heile landet

Næringsministeren påpeikar at det er første gang at staten, universitetet og næringslivet går saman om eit slikt prosjekt.

– Vi er i ein situasjon der vi treng å bistå næringslivet med å utvikle seg og utvikle ny kunnskap. Kombinert med heilt spesiell kunnskap innan mekatronikk ved universitetet, så meiner vi dette prosjektet ikkje berre er viktig for Sørlandet, men for heile landet, seier næringsministeren.

Det låg ikkje pengar til Sørlandslab inne i nasjonalbudsjettet då det vart presentert i fjor haust.

Universitetet og de høyteknologiske bedriftene samarbeider om en testlab

Det er satt av 20 millioner kroner til Sørlandslab i revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Rambøll / Illustrasjon:

Nøgd NODE-sjef

Det er oljebedrifter i NODE-klynga som i samarbeid med Universitetet i Agder som skal realisere senteret i Grimstad.

– Dette er veldig bra og viktig for å skape nye arbeidsplassar. Denne piloten vil bidra til viktig utvikling og sikrar kompetanse i Norge og på Sørlandet, seier KrFs Kjell Ingolf Ropstad til NRK.

– Vi skal utvikle ny teknologi og bruke teknologi på nye område. Dette er eit viktig bidrag i ei tid der omstilling må vere hovudretninga. Dette gir eit godt bidrag til å få bygd naudsynte laboratorium, sier Mæland.

Daglelg leiar i NODE-klynga Anne Grete Ellingsen er strålande nøgd med statsstøtta.

– Det er ei veldig fin utstrekt hand frå staten og næringsministeren til spleiselaget som NODE-bedriftene, Ugland og universitetet har lagt til rette for, seier ho til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %