Hopp til innhold

KrF-fylkesleiarar fryktar splid: – Dramatisk situasjon

Berre ein av 15 fylkesleiarar vil gå for «vinnaren tek alt»-prinsippet når dei vel representantar til landsmøtet som skal avgjere KrFs framtid. Men årsmøta kan snu alt.

Knut Arild Hareide og Olaug Bollestad deltar på møte med KrF-lagene i Trøndelag.

F.v. nestleiar Olaug Bollestad og KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Rogalandsvedtaket er uheldig, seier fylkesleiar Oluf Maurud i Hedmark KrF.

Det same meiner Jon Normann Tviberg i Trøndelag, Erik Næs i Telemark og Svein Iversen i Finnmark og Troms.

– Dette kan klart skape splid, meiner fylkesleiar Espen Hasle i Oslo KrF.

Det vakte sterke reaksjonar i partiet då Rogaland KrF i helga vedtok å sende 15 blå og ein raud delegat til det ekstraordinære landsmøtet 2. november. Det trass i at ein tredel av årsmøtet ønskja å gå for Hareides linje.

Landsmøtet skal vedta om KrF skal gå inn i regjering, og om det skal skje med høgre- eller venstresida. Partileiar Knut Arild Hareide ønskjer å regjere med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

No står kampen om kor representative delegasjonar dei andre fylkeslaga vil sende til landsmøtet.

Reagerer på tidspunktet

Måndag kveld er det fylkesårsmøte i Buskerud, Hedmark og Finnmark.

Like før er det kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte over telefon måndag klokka 16 for å drøfte situasjonen og der leiinga skal gjenta si oppfordring til å velje representative delegatar.

Det reagerer fylkesleiar Hege Irene Fossum i Buskerud KrF på. Hennar fylkeslag er det einaste NRK snakka med måndag som ønskjer å følgje Rogalands valmodell.

Kritisk til tidspunktet

Fossum forstår at mange ønskjer representative forholdstalsval, men er kritisk til tidspunktet for diskusjonen. Ho står sjølv på høgresida i samarbeidsspørsmålet.

– Vi kan ikkje komme med det no. Lokallaga har mest truleg ikkje teke omsyn til dette då dei valde representantar til fylkesårsmøta. Då kjem dei inn med andre føresetnader i årsmøtet, og då får vi ikkje dette til å henge i hop uansett, seier Fossum.

Andre fylkesleiarar vonar at partileiinga på telefonmøtet ber partiet om å sikre representativitet, men utan å diktere vilkåra for avrøystingane.

Flest vil spegle årsmøtet

Tolv av fylkesleiarane i KrF ønskjer at deira fylkesårsmøte skal legge opp til å velje delegatar som speglar fylket – altså ein annan valmodell enn Rogaland gjekk inn for. Det viser ei ringerunde som NRK har gjort.

Dette gjeld leiarane i fylkeslaga i Hedmark, Agder, Oslo, Hordaland, Trøndelag, Østfold, Vestfold, Nordland, Telemark, Sogn og Fjordane, Oppland, Akershus og i Finnmark og Troms.

Samstundes kan årsmøtet velje ein annan modell, om dei vil.

– Også i Trøndelag KrF kan det komme forslag under fylkesårsmøtet som betyr at «vinnaren tek alt», påpeiker Jon Normann Tviberg i Trøndelag KrF.

Fylkesleiar Randi Walderhaug Frisvoll i Møre og Romsdal er den einaste som ikkje vil seie kva ho meiner om korleis fylkesårsmøtet skal velje delegatane sine.

Overraska over Rogaland KrF

Det store fleirtalet av fylkesleiarar NRK har snakka med, meinar at det beste er å ha forholdstalsval, der mindretalet får sleppe til. Berre slik kan den politiske viljen i heile KrF komme til uttrykk, seier dei.

– Det er meir demokratisk, den andre modellen verkar ikkje rettferdig, kor den eine sida ikkje blir høyrd i tilstrekkeleg grad, seier Laila Eliassen i Vestfold KrF.

Oluf Maurud i Hedmark KrF er overraska over at Rogaland KrF ikkje hadde fått med seg signalet frå partileiinga om å spegle fylkesårsmøtet.

Beate Bondevik Lie i Sogn og Fjordane kallar Rogalands vedtak for uklokt.

– Det tyder på dårleg politisk handverk. Det er trist, for det er viktig at alle kjenner at dei blir høyrd, seier ho.

– Dramatisk situasjon

Ingelin Noresjø i Nordland var blant dei som bad om det ekstraordinære landsstyremøtet måndag.

– Eg er glad for møtet i dag. Vi er nøydde til å puste med magen akkurat no og halde hovudet kaldt og hjartet varmt, og snakke med kvarandre. No er ting og krefter komne i spel som krev vi har ein dialog i landsstyret, og ikkje tek debatten i sosiale medium, seier Noresjø.

På landsstyremøtet vil ho oppmode sine partikollegaer til å opptre ryddig og verdig i prosessen med å velje samarbeidspartnarar.

– Dersom vi ikkje består denne testen som parti, er det jo alvorleg for både landet og partiet, seier ho.

– Fryktar du at det som skjer no kan skape splid i partiet?

– Det er i alle fall ein ganske dramatisk situasjon, seier Noresjø.

Nordland KrF har sitt fylkesårsmøte på førstkomande søndag.

Alle er opptekne av Kristeleg folkeparti no. Kvifor, får du svaret på her.

Alle er opptekne av Kristeleg folkeparti no. Kvifor, får du svaret på her.

Ber Bollestad komme på bana

Erik Næs i Telemark følgjer linja til Hareide. Han ber nestleiar og stortingsrepresentant frå Rogaland, Olaug Bollestad, om å kome på banen og oppmode dei andre fylkespartia til ikkje å gjere som Rogaland har gjort.

Bollestad var med på fylkesårsmøtet i Rogaland, og råda til å gå for representativitet, men la ikkje fram at det var noko ei samla partileiing råda til.

– Representativitet skaper størst legitimitet og er viktig for å skape ro i partiet. Viss det ikkje skjer kan det i verste fall skape sterke frontar og det er ikkje KrF tent med no, seier Næs.

AKTUELT NÅ