Hopp til innhold

KrF vil at Noreg skal signere FN-avtalen om atomvåpenforbod

Eit fleirtal på KrFs landsmøte går inn for at Noreg skal signere og ratifisere FN-avtalen som forbyr atomvåpen.

Kjell Magne Bondevik

Kjell Magne Bondevik og KrFU fekk med seg eit stort fleirtal av landsmøtet om at Noreg burde ratifisere eit atomvåpenforbod.

Foto: Tore Meek / NTB

Til no har over 70 prosent av landa i verda skrive under på atomvåpenforbodet. Ingen av desse er Nato-land. 51 land har også ratifisert avtalen, som blei ein FN-traktat i januar i år.

På landsmøtet til KrF fremma ungdomspartiet forslaget om at også Noreg skulle slutte seg til avtalen.

Dei fekk støtte frå tidlegare partileiar og statsminister Kjell Magne Bondevik. I debatten på landsmøtet kalla han saka livsviktig og sa at atomvåpen var meiningslaust.

– Nokre er bekymra for forholdet til Nato, men det er avklart i eit notat frå Utanriksdepartementet at det ikkje er i strid med våre Nato-forpliktingar å signere denne FN-konvensjonen. Vi vil nok få press frå atommaktene, men det må vi nokre gongar tole, sa han.

Stort fleirtal

I debatten var det delte meiningar om kor lurt det var å gå inn for dette, og fleire frykta ei slik tilslutning skulle få følger for Noreg.

Men då det blei stemt over forslaget, var det 109 som stemte for og 44 som stemte imot.

Edel-Marie Haukland (23), leder for Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU)

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland er glad for at eit så stort fleirtal støtta ungdomspartiet i forslaget om eit forbod mot atomvåpen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland er glad for at så mange i partiet støttar ungdomspartiet i denne saka.

– Dette er eit resultat av fleire års arbeid frå KrFU. Eg er skikkeleg stolt! I dag skjermar Noreg atomvåpenstatane mot press om å forhandle om reell og gjensidig nedrusting. Spørsmålet er om Noreg er villige til å bruke politisk kapital på atomvåpenspørsmålet. KrF har sagt tydeleg frå om at det er vi, seier ho.

– Ansvarleg standpunkt

Også Kjell Magne Bondevik er glad og letta over vedtaket fleirtalet på landsmøtet gjorde.

– Veldig bra at KrF no er klar på at Noreg bør signere FN-konvensjonen om forbod mot atomvåpen. Atomvåpen kan vere altutslettande, og situasjonen er farleg fordi fleire land har skaffa seg våpen.

Han meiner det er uproblematisk for Noreg å skrive under på ein slik avtale.

– Når to tidlegare generalsekretærar i Nato og tidlegare stats-, utanriks- og forsvarsministrar vil ha forbod, viser dette at det er eit ansvarleg standpunkt, seier han.

Tidlegare har Venstre, SV, MDG og Raudt gått inn for å ratifisere avtalen. Arbeidarpartiet stemte nei til dette for to veker sidan.

Aps utanrikspolitiske talskvinne Anniken Huitfeldt, seier til Aftenposten at ho er overraska over at partileiinga i KrF gjekk på eit nederlag i denne saka, og at det også må vere eit problem for Høgre at både Venstre og KrF no har gjort slike vedtak.

Meiner avtalen er for lite forpliktande

Stortinget har hatt avtalen oppe til behandling i to rundar, der eit fleirtal har avvist at det er aktuelt for Noreg å underteikne. Nestleiar i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Michael Tetzschner (H), meiner avtalen ikkje forpliktar.

Tetzschner, Michael

Nestleiar i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Michael Tetzschner (H), meiner FN-avtalen eigentleg ikkje er eit forbod mot atomvåpen, men ei oppmoding til nedrusting.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Avtalen inneber ikkje noko forbod som kan bli gjennomført overfor atommaktene. Og han er heller ikkje bindande for dei som har atomvåpen, og då kan vi ikkje kalle det eit forbod, seier han.

Skal ein få til ei reell nedrusting, må atomvaktene forplikte seg i langt større grad og la seg kontrollere, seier han.

– Den einaste måten vi kan få vekk atomvåpena på, er at alle atommaktene er villige til gjensidig nedrusting som er både mogleg å verifisere og irreversibel. Og då må dei også underkaste seg eit heilt anna kontrollregime. Og ingen av desse elementa er på plass i FN-avtalen. Det blir sagt at avtalen er eit forbod, men eit forbod som ikkje er mogleg å handheve er ikkje eit forbod, men ei oppmoding, seier Tetzschner.

AKTUELT NÅ