Hopp til innhold

KrF-nei til heildagsskulen

Kristeleg Folkeparti seier nei til heildagsskulen, etter prinsippet om at kvalitet er betre enn kvantitet.

KrF-leiar Dagfinn Høybråten på talarstolen under landsmøtet i Kristiansand.

KrF-leiar Dagfinn Høybråten på talarstolen under landsmøtet i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Partiet vedtok på siste dagen av landsmøtet i Kristiansand å redusere talet på elevar per lærar i forhold til i dag.

Eit forslag frå nestleiar Dagrun Eriksen om å redusere talet frå 28 i dag til 20, vart droppa då ein i salen byrja rekne på kva det ville koste.

Etter dette var det vedteke ein reduksjon utan å talfeste det nærare.

LES OGSÅ: Attval på KrF-toppar

I ei fråsegn frå landsmøtet heiter det at Arbeidarpartiet og SV sin heildagsskule ikkje er svaret på dette. KrF vil leggje større vekt på å rekruttere og halde på gode lærarar.

- Vi vil prioritere meir tid mellom lærar og elev, heiter det i fråsegna frå partiet.

Partiet vil også gjeninnføre valfag i ungdomsskulen.

Miljøvenlege bilar

El bil

KrF vil gi 25.000 kroner til dei som kjøper miljøvenlege bilar.

Foto: NRK

KrF vil støtte dei som kjøper miljøvenlege bilar med 25.000 krner. Det kan kome til å koste 300 millionar kroner i året, har partiet funne ut. Dette skal gjelde dei som kjøper el- og gassdrivne bilar, men også miljøvenlege diesel- og bensinbilane.

Kravet er at bilane må sleppe ut mindre enn 120 gram CO2. Forslaget vil bli fremja for Stortinget.

Partiet vil dreie skatte- og avgiftssystemet i grønare retning etter prinsippet om at forureinaren betalar.

KrF vil også arbeidet for at det innan 2020 ikkje lenger skal produserast bilar som går på fossilt drivstoff.

I partiprogrammet heiter det at partiet vil oppretthalde høge avgifter på drifstoff, og å gå inn for auka produksjon av biodrivstoff.

Nordisk samarbeid

KrF går inn for tettare nordisk samrbeid om forsvarsoppgåver, tryggleik og krisehandtering. Landsmøtet vedtok ein politikk på dette feltet som er i tråd med forslaget Thorvald Stoltenberg leverte til dei nordiske utanriksministrane i februar.

I forslaget til Stoltenberg blir det blant anna foreslått ein felles nordisk innsatsstyrke for militær og sivil stabilisering, samrbeid om luft- og havovervaking, felles katastrofe-eining og nettverk mot digitale angrep,

AKTUELT NÅ