Begge nestleiarane, Dagrun Eriksen og Inger Lise Hansen, måtte gjennom skriftleg avrøysting, trass i at det ikkje var sett fram motkandidatar.
Dagrun Eriksen vart vald til første nestleiar med 190 røyster, medan fire delegatar røysta blankt.
Inger Lise Hansen fekk 166 røyster som andre nestleiar, og her vart 27 røyster forkasta.
Ho har i løpet av landsmøtet retta kritikk mot ein del konservative element i partiet, og resultatet av avrøystinga, samt kravet om skriftleg avrøysting, kan tolkast som ei markering av misnøye.
Leiar i valkomiteen, Anne Marie B. Jøranli, sa at det aldri var noko tvil om innstilinga. Ho sa det var eintydig titlbakemelding frå delegatane om attval av leiar og nestleiarar.