Hopp til innhold

KrF går inn for å redusere fedrekvoten

Venstre reagerer på at KrFs landsmøte ønsker å halde på ei fedrekvote – men vil redusere den til ti veker.

Krf landsmøte. Ingelin Noresjø og Olaug Bollestad

Nestleiarane f.v. Ingelin Noresjø og Olaug Bollestad på KrFs familiearrangement i Stavanger laurdag.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Dette er eit tydeleg signal frå KrF om at vi ønskjer å styrke valfridomen til familiane, seier nyvald partileiar Kjell Ingolf Ropstad.

– Vi var det einaste partiet som stemte mot tredelinga av foreldrepermisjonen, fordi den er blitt for rigid, og no ønskjer vi ein ny politikk, held han fram.

Då Kristeleg Folkepartis landsmøte søndag debatterte foreldrepermisjonen, var alle samde om at tredelinga Venstre har fått regjeringa med på, ikkje er ålreit.

Medan Rogalands-politikar Marie Ljones Brekke gjekk inn for å fjerne heile fedrekvoten, gjekk dei fleste andre som tok ordet inn for heller å redusere kvoten.

Partiet hadde fire alternativ på bordet å velje mellom:

  1. Å fjerne heile pappakvoten.
  2. Å fjerne heile pappakvoten – men på sikt.
  3. Å reservere ti veker til mor og ti veker til far. Resten til fri fordeling foreldra mellom.
  4. Å utvide foreldrepermisjonen med fire veker til 53 veker ved 100 prosent løn, og med fem veker til 64 veker ved 80 prosent løn. Auken blir i den felles delen, mens pappakvoten blir verande på høvesvis 14 og 19 veker.

Partileiar Kjell Ingolf Ropstad tilrådde å finne ei fleksibel løysing innanfor rammene som allereie finst.

Han peika på at dette også er eit kostnadsspørsmål.

– Å utvide foreldrepermisjonen vil koste ganske mykje. Eg ligg nærast alternativ 3. Då seier vi noko om ei kvote, men held det meir fleksibelt enn dagens ordning.

Eit klart fleirtal vedtok det tredje alternativet. KrF vil i tillegg reservere tre veker til mor før fødsel.

I tillegg vil landsmøtet fjerne vilkåret om at mor må vere i aktivitet for at far skal ha rett til uttak av fellesperioden av foreldrepengar. Partiet støttar kravet om at fedrar no må få eigen oppteningsrett til eigen pappaperm.

Venstre: Trist å skrote moderne ordning

Venstres Guri Melby er skuffa.

Guri Melby i Venstre

Guri Melby i Venstre.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg synest det er trist at KrF vil skrote ei moderne permisjonsordning som inneber ein historisk lang pappaperm. Venstre har kjempa dette gjennom fordi vi vil likestille foreldra, seier Melby.

Ho peikar på at fedrar tok ut mindre permisjon då Solberg-regjeringa i si tid kutta fedrekvoten frå 14 til 10 veker.

– Det viser at dersom vi ønsker at fedrar skal ta lang permisjon, så må vi sette av disse vekene.

For Venstre er det uaktuelt å reversere tredelinga av foreldrepermisjon så lenge dei sit i regjering.

– At enkelte synest det er ubehageleg å gi far så mykje plass i barnets første leveår demonstrerea nøyaktig kvifor tredelinga trengst. Vi er eit av verdas mest likestilte land, men likevel gjer kvinnene mest husarbeid, jobbar meir deltid og tener mindre enn menn, seier Melby.

AKTUELT NÅ