NRK Meny
Normal

Krev 120 millionar i erstatning

Advokaten som representerer den sivile part krev over 120 millionar kroner av dei to tilalte nordmennene og Noreg.

Rettssaken i Kongo
Foto: Vegard Vatn / SCANPIX

Det blir også hevda at Kongen er involvert i saka.

- Den norske kongen må svare for seg, for han er involvert, seier advokaten til eigaren av bilen Joshua French og Tjostolv Moland køyrde.

Advokatane til bileigaren krev 400 dollar om dagen frå 5. mai fram til den dagen bilen er tilbake på vegen. I tillegg vil han ha ein ny motor, fordi den som står i bilen er øydelagt.

- Det er stappfullt i rettssalen, og folk står i gangane. Advokaten til dei to personane som var med i bilen då Abedi Kasongo blei drepen er i ferd med å leggje fram sitt innlegg, fortel Scanpix-fotograf Vegard Vatn.

Advokaten har ikkje nemnt noko beløp enno. Tidlegare har han varsla eit krav på 3 millionar for dei to vitna.

Samanlikna med Saddam

Poenget om at French og Moland nektar å snakke i retten, blir teke opp.

- Saddam nekta også å forklare seg, seier advokaten til bileigaren.

Aktoratet meiner Moland og French tilhøyrer ein organisasjon som har fleire medlemmer.

- Dette var ikkje ein manns verk, seier han, og held fast ved at dei har ein hovedmann i Noreg, mannen på biletet.

Les også: - Fingeren peker på Kongo

Skifta rom fleire gonger

Det blei heftig diskusjon i retten då eit nytt vitne vart henta fram.

Ein resepsjonist på hotellet nordmennene budde på, fortel at ein annan resepsjonist tok imot nordmennene då dei kom.

Vitnet hevdar kollegaen rømte då han fekk vite at nordmennene var arresterte, og at han aldri kom tilbake.

- Soldatar og tryggleiksfolk kom for å spørje han ut, for Moland og French hadde ikkje fylt ut fult namn og nasjonalitet då dei registrerte seg på hotellet. Derfor var han redd for å bli arrestert, ettersom han ikkje hadde gjort ein god nok jobb, seier resepsjonisten.

Forsvararen til nordmennene protesterte då vitnet vart henta inn, og seier at forsvaret aldri fekk beskjed om at resepsjonisten ville bli avhøyrt.

Advokaten for den sivile part fortel at nordmennene oppførte seg mistenkeleg på hotellet, og at dei skifta hotellrom fem gonger.

Kan ende som gjeldsslavar

Retten skulle ha starta klokka 09.00, men akkurat som tidlegare tok det tid å kome i gang. Fyrst rundt 10.30 blei retten satt.

Advokatane har fortalt at erstatningbeløpa som tidlegare har kome fram ikkje er endelege, og dei endelege krava er som fylgjande:

  • Enka og dei seks barna hennar krev to millionar dollar per mindreårige barn.
  • Dei vaksne og dei andre barna kravet tre millionar dollar per person.
  • Resten av familien til sjåføren krev 5 millionar dollar.
  • Fagforeninga til sjåføren krev 3 millionar dollar.

Dette blir til saman 20 millionar dollar, om lag 121 millionar norske kroner. Også styresmaktene i Kongo krev erstatning, frå den norske stat.

Les også: Familien krever erstatning

- Håpar vi slepp å stå

Dei tiltalte var på plass i retten rundt klokka halv ti, Joshua French og Tjostolv Moland uttalte då at dei er slitne, og at dei håpa å sleppe å stå heile dagen.

- Vi er dei einaste som må stå under absolutt heile rettssaka. Vi er fysisk slitne, men vi har spurt om å få sitje før og det har vi fått blankt avslag på, seier Joshua French til VG Nett .

Les også: - Dommen kommer neste uke

Les også: - Kongorettssak dekkes ensidig!

Krev pengar frå Noreg

I tillegg til dei sivile søksmåla er det overlevert ei stemning til Utandriksdepartementet sin attaché Christian Larssen i Kisangari.

Domstolen har bede om at representanten frå UD møter opp i retten som part på vegne av den norske stat, noko attacheen har avvist.

Måndag var statsadvokat Jean Akombo Mandjo i retten for å representere staten Kongo i samband skuldingane for spionasje. I løpet av dei neste dagane vil han truleg fremje erstatningskrav mot Noreg på vegne av Kongo.

Les også: Ville ta inngangspengar

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger