NRK Meny
Normal

Ville ta inngangspengar

Tilfeldige soldatar prøvde i går å krevje inngangspengar frå journalistane som dekkjer rettssaka mot dei to nordmennene i Kongo.

Kongo-rettssaken
Foto: NRK / Scanpix

I går vart det kjent at nokon prøvde å krevje inngangspengar frå journalistar som ynskte vere til stades ved den offentlege rettssaka mot Tjostolv Moland og Joshua French.

Det skal vere kongolesiske soldatar som på eige initiativ har prøvd å tene ekstra pengar, ved å krevje betaling frå dei norske journalistane.

Dei to nordmennene er tiltalt for spionasje og drap. Rettsaka starta i Kisangani i Kongo i føremiddag.

FØLG SAKA HER: Føler seg som midtpunkt

Offentleg rettssak

- Dei kravde at kvar journalist skulle betale 250 dollar. For fotografane var kravet 500 dollar, fortel NRK sin reporter i Kongo, Hallvard Sandberg.

- Alle dei norske journalistane skal ha vorte samde om at dei ikkje ville betale for å kome inn i rettsalen. Truleg berre svindel, skriv Aftenposten-journalist Fred Gjerstad på Twitter .

- Det var ein eller anna soldat som stod i døra og prøvde å få pengar. Det er klart at i den situasjonen vi er i no ville vi ikkje risikere å ikkje få dekkje saka. Heldigvis betalte vi ikkje. Men det viser kva for dilemma vi heile tida møter, seier utanriksredaktør i NRK, Stein Bjøntegård.

Men kravet om pengar vart ikkje gjenteke, og pressefolka slapp i dag gratis inn i rettslokalet.

Advokaten til nordmennene reagerer på at ein ville krevje betaling frå journalistane.

- Dette er høgst ulovleg. Rettssaka er offentleg, og alle som ønskjer kan møte opp, seier André Kibambe, advokat for dei to tiltalte seier til VG Nett .

Vanskelege forhold

Utanriksredaktøren seier at forholda i Kongo er svært utfordrande for journalistar. Alt tek veldig lang tid, og ein risikerer å verte truga og fråteken utstry. Til dømes vart ein NTB-journalist som ikkje hadde fått med seg at ein måtte ha synleg identifikasjon i dag fråteken kameraet sitt, då han skulle dekkje rettssaka.

- Mange, også offentlege personar, prøver å sko seg på vestlege journalistar. Ein vert heile tida stilt overfor dilemmaet, skal ein betale eller skal ein nekte? Dette er ei utfordring vi heile tida har kontakt med våre journalistar om, seier Bjøntegård.

Når NRK sin reporter og fotograf skulle inn i Kongo denne gongen vart dei først bedne om å reise fleire timar til Kinshasa for å få presseakkreditering. Trass i at dei berre to veker tidlegare hadde vore gjennom den same registreringa.

Denne gongen løyste det seg rettnok utan at dei trengde å reise til hovudstaden. Bjøntegård meiner at det ikkje burde vere nokon reell grunn til ein slik prosess, og at det berre er folk som er ute etter å tene pengar.

- Dette er korrupsjon, spør du meg. Folk vil ha pengar frå oss, seier Stein Bjøntegård.

Stort presseoppmøte

I tillegg til norsk presse følgjer også kongolesisk media rettssaka mot Moland og French, som har fått stor merksemd i Kongo.

Dei norske journalistane i Kongo har på førehand måtte gå gjennom mykje byråkrati for å sikre seg dei rette løyva til å dekkje rettssaka.

Kulturstrøm

  • 1,3 milliarder falske kontoer

    Nesten 1,3 milliarder falske Facebook-kontoer har blitt deaktivert i løpet av de siste seks månedene, opplyser selskapet. I en uttalelse tirsdag redegjorde Facebook for selskapets standarder mot seksuelle og voldelige bilder, terrorpropaganda og hatytringer. Det uønskede innholdet på Facebook fra januar til mars utgjør mellom 0,22 og 0,27 prosent av det totale innholdet på det sosiale nettverket, som blir brukt av over to milliarder mennesker (NTB).

  • Mari Boine på Stupetårnet

    Under Festspillene i Elverum skal Boine holde Soloppgangskonsert på Stupetårnet i Hamar. Det skjer 11. august – klokken fem om morgenen. Da etterfølger hun førstemann opp i tårnet, Ole Edvard Antonsen, som hadde ideen i 2016 og mente rytmisk musikk fra et stupetårn «passet perfekt». I fjor tro Bugge Wesseltoft og DJ Strangefruit til med det en anmelder kalte «sløv jazz» fra Stupetårnet (NTB).

    Mari Boine på Varangerfestivalen
    Foto: Knut-Sverre Horn / NRK