I eit intervju med den kurdisk nettavisa awene.com rosar mulla Krekar den no avdøde Al Qaida-leiaren i Irak, Musab Al Zarqawi. Mullaen kallar Zarqawi for ein initiativrik og målbevisst mann som er ei guds velsigning for alle som kjempar heilag krig.
Han seier også at Zarqawi no er å rekne som martyr.
Mulla Krekar fotografert i Oslo tinghus. (Scanpix-arkivfoto)
Zarqawi vart likvidert av amerikanske soldatar i Irak for to veker sidan. Zarqawi skal sjølv ha teke livet av fleire amerikanar ved å skjere over strupa på dei. Gruppa hans har stått bak mange sjølvmordsaksjonar som har teke livet av fleire hundre sivile.
I intervjuet med den kurdiske avisa seier Krekar at Al Qaida-leiaren Osama bin Laden er den beste representanten for den islamske verda, og at han vil ofre sjela si for han.
Mulla Krekar er kurdar frå Nord-Irak. Han kom til Noreg i 1991 som kvoteflyktning. Medan han har hatt opphald her i landet, har han i lange periodar opphalde seg i dei kurdiske områda i Irak.
Her har han bygd opp den islamistiske gruppa Ansar al Islam.
Mulla Krekar er utvist frå Noreg, men han bur framleis i Oslo. Dette på grunn av at situasjonen i Nord-Irak er så uoversiktleg at norske styresmakter ikkje kan utvise han.