Hopp til innhold

Erna Solberg: Ueinig med koronakommisjonen på sentrale punkt

Regjeringa får kritikk for vaksinefordeling og detaljstyrt krisehandtering i koronakommisjonen sin andre rapport. Den tidlegare statsministeren er heilt ueinig i enkelte punkt.

Tidlegare statsminister Erna Solberg (H) gjev kommentar på koronakommisjonens andre rapport som kjem tysdag.

UEINIG: Tidlegare statsminister Erna Solberg (H) er ueinig i ein del av kritikken frå koronakommisjonen.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Klokka 13 leverte kommisjonen rapporten til statsminister Jonas Gahr Støre.

Hovudbodskapen var at regjeringa si handtering av pandemien samla sett var god.

Samtidig har kommisjonen gjort funn dei meiner kunne blitt handtert betre.

Mellom anna kjem det fram at regjeringa kunne tatt betre vare på folk si helse dersom dei hadde prioritert å vaksinera folk basert på kor smittetrykket var høgast tidlegare.

Byrådsleiar i Oslo kommune, Raymond Johansen, har tidlegare gått hardt ut om fordelinga av vaksine. Han er glad for kritikken i rapporten.

– Prioriteringa var galen då, og han er galen no, seier Johansen til NRK.

Den reelle konsekvensen av ei slik prioritering av vaksinen som kommisjonen tilråda, ville vore at friske 35-åringar på Grorud i Oslo ville fått vaksinen før eldre i til dømes Finnmark.

– Meiner du det er rett prioritering?

– Ja, det hadde vore openbert riktig prioritering.

Johansen viser til dei økonomiske, praktiske og sosiale hindera som innvandrarbefolkninga møtte i møte med smitteverntiltaka, som kommisjonen kritiserer regjeringa for å ikkje ha vore førebudd på.

– Viss me på eit tidlegare tidspunkt kunne ha opna opp samfunnet, hadde det også vore ein fordel for dei i Finnmark. Det hadde vore ein vinn-vinn situasjon.

Kommisjonen har granska perioden fram til 30. oktober i fjor. Eventuell kritikk vil derfor først og fremst ramma den fråtredde Solberg-regjeringa.

Vaksinefordeling

Solberg reagerer også på kritikken rundt skeivfordelinga fordelinga av vaksinar.

I eit av notata til rapporten konkluderer dei med at i underkant av 300 sjukehusinnleggingar kunne vore unngått dersom vaksinane hadde blitt prioritert etter lokal smitterisiko.

Det svarar til rett under 10 prosent av innleggingane første halvår i 2021.

Covid-19 vaksine

Koronakommisjonen kritiserer vaksinefordelinga i sin andre koronarapport.

Foto: Berit Roald / NTB

Den førre regjeringa prioriterte vaksinasjon av eldre og andre med risiko for alvorleg sjukdom av viruset. Etter kvart fekk regjeringa råd frå FHI om å skeivfordele ut frå lokal smitterisiko.

– Utgangspunktet for fordeling av vaksinar er ikkje berre eit teknisk spørsmål om korleis ein reknar flest liv. Det er også eit etisk spørsmål, når me ikkje veit korleis det fungerer, seier Solberg til NRK.

Solberg seier at kommisjonen sitt forslag til vaksinefordeling, ville ført til at unge og friske i ein del av landet med stort smittetrykk ville fått vaksinen før alvorleg sjuke i enkelte delar av landet.

Tidlegare helseminister Bent Høie meiner fleire av tilrådingane frå kommisjonen er gode, men er ueinig med dei om skeivfordelinga av vaksinar.

– Det var stor usikkerheit rundt konsekvensane av dette, seier Høie til NRK.

Høie trekk fram eit stort smitteutbrot i Kristiansand som døme, og seier at det ville betydd at vaksinasjonen i andre deler av landet ville ha stoppa opp.

– Også i området som fekk smitte etterpå. Det trur eg hadde ført til mykje kritikk, og usikkerheit som kunne påverka gjennomføringa av vaksinasjonen.

Detaljstyring

I rapporten får Solberg-regjeringa også kritikk for å detaljstyra for mykje og for å vera med i løpande krisehandtering, i staden for å sjå på korleis pandemien ville utvikla seg vidare.

– Det er eg faktisk heilt ueinig i.

Solberg meiner at politikarane har moglegheit til å ta ei avgjerd raskare enn administrasjonen, og at det gjorde det klart for folk kven som var ansvarlege for tiltaka.

– Var det noko som var viktig i å handtera krisa var det å ha tempo i avgjerdene.

Barn og unge ramma hardast

I rapporten skriv dei mellom anna at lærarar og andre som arbeidar med barn og unge burde fått koronavaksinen tidlegare.

Vidare i rapporten står det at pandemien og smitteverntiltaka har ramma barn, unge og studentar hardt:

«Myndigheitene har ikkje i tilstrekkeleg grad klart å skjerma barn og unge i tråd med eigen målsetting».

Koronakommisjonens leiar, Egil Matsen, gir rapporten til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Leiar for koronakommisjonen Egil Matsen leverer andre koronarapport til statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Intensivkapasitet

Når det kjem til intensivkapasiteten har kommisjonen gått heilt tilbake til utgreiingane som kom etter svineinfluensa for over ti år sidan.

Kommisjonen er spesielt kritiske til at arbeidet med å undersøka intensivbehovet blei stansa på grunn av politisk usemje om kva ein intensivplass var.

Solberg seier at dei tek sjølvkritikk på dette.

Samtidig seier ho at det ikkje hadde ført til at Noreg kunne hatt mindre strenge tiltak.

– Me måtte gjort dei same tiltaka som dei me vedtok, men det ville kanskje gjeve oss ein litt lenger avgjerdsprosess, seier Solberg.

Kommisjonsleiar Matsen sa før pressekonferanse at fleire regjeringar og helseministrar har peika på at intensivkapasiteten og beredskapen ville bli utfordra ved ei langvarig krise.

– For å betre intensivberedskapen er det ikkje nok med ei moderat auke i grunnkapasiteten. I tillegg er det viktig å førebu sjukehusa på å skalera opp kapasiteten i krisesituasjonen, sa han då rapporten blei lagt fram i dag.

Vidare meiner kommisjonen at det er svært alvorleg at dekninga av intensivsjukepleiarar ikkje var betre då pandemien braut ut.

Kommisjonen tilråder at det blir utdanna fleire intensivsjukepleiarar.

Tidlegare helseminister Høie meiner det er ei god tilråding, og seier at den førre regjeringa bad helseregionen om å auke utdanninga av intensivsjukepleiarar.

– Dessverre, så ser vi at dette ikkje blei godt nok følgt opp. Då kan det henda at departementet skulle vore endå tettare på. Det kan ein ta med seg som eit læringspunkt.

Karantenehotell

– Eitt av dei mest inngripande og omdiskuterte tiltaka var krav om opphald på karantenehotell. Kjærastar og familiar har hatt store problem med å besøka kvarandre, sa Matsen under pressekonferansen.

Mann følges til karantenehotell av vekter

Bruken av karantenehotell blir kritisert av koronakommisjonen. Her blir ein mann følgd til koronahotell etter av ein vekter på Gardermoen.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Boee

I rapporten skriv kommisjonen at tiltaka om stenginga av landet sine grenser og karantenehotell var prega av hastverket.

Dei som skulle handheva regelverket, fekk lite tid til å førebu seg.

Kommisjonen har fått juridisk hjelp frå advokatfirmaet Wiersholm til å undersøka dei rettslege sidene av karantenehotellordningar.

Konklusjonen til kommisjonen er at ordninga er kritikkverdig og problematisk ut frå eit rettstryggleiksperspektiv.

Då tiltaka var på sitt strengaste, enda mange opp med å betala 5000 kroner for karantenehotell i ti netter.

Første rapport frå kommisjonen blei levert 14. april 2021.

Statsminister Jonas Gahr Støre opplyste i dag at regjeringa skal setta ned eit nytt utval i løpet av veka. Det skal bli leia av tidlegare sentralbanksjef Øystein Olsen. Utvalet skal undersøka handteringa av pandemien under Støre-regjeringa.

Les også Dette kommer i Koronakommisjonens rapport

Mann følges til karantenehotell av vekter

AKTUELT NÅ