Hopp til innhold

Kong Harald er koronasmitta

Kongehuset seier at han førebels har milde symptom.

Kong Harald

Kong Harald er ein av fleire monarkar som har hatt korona i det siste.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Hans Majestet Kongen (85) har fått påvist korona, melder kongehuset tysdag ettermiddag i ei pressemelding.

Ifølgje kongehuset har monarken lettare symptom og vil vere sjukemeld de neste dagane.

Det har ikkje kome nokon opplysningar om dronning Sonja enno.

Kongen føyer seg inn i rekka av europeiske kongelege som har hatt korona den siste tida.

Mellom andre dronning Elizabeth og kronprins Charles i Storbritannia, dronning Margrethe av Danmark, kong Carl Gustav av Sverige og kong Felipe av Spania.

Dronning Elisabeth og prins Charles

Dronning Elizabeth II av Storbritannia og sonen hennar kronprins Charles.

Foto: SANG TAN / AFP

Heller ikkje prinsesse Ingrid Alexandra har sloppe unna korona. Ho testa positivt i august i fjor.

Kongeparet er vaksinert med to dosar Moderna-vaksine og ein boosterdose. Den siste dosen vart sett 1. november i fjor.

Dei vart prioritert i vaksinekøen grunna rollene deira, men også fordi dei er i risikogruppa på grunn av alderen.

Les også Der pandemien aldri slutter

Faizan Afzal

Kronprins Haakon vil ta over kongen sine oppgåver i dagane framover.

Han er for tida å besøker Nato-øvinga Cold Reponse i Nord-Noreg. Han fullfører besøket som planlagt og kjem ikkje tilbake til Oslo før seinare i dag.

Etter at kong Harald avbraut ferien sin i slutten av februar grunna krigen i Ukraina, har han vore ute på fleire oppdrag her heime.

Skiskyting: 10 km jakstart for kvinner

Johannes Thingnes Bø og kong Harald etter 10km jaktstart for kvinner under verdscup i skiskyting i Holmenkollen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

På fredag besøkte han eit tilkomstsenter for ukrainske flyktningar i Oslo, og seinast i helga var han til stades under verdscupen i skiskyting i Holmenkollen.

Der delte han ut Holmenkollmedaljen til fire norske utøvarar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger