Hopp til innhold

Her leiar Kong Harald statsråd frå heimekontor

Då Noreg stengde, leia kong Harald statsråd på telefon frå Kongssetra. I tillegg måtte Slottet gjere endringar i statsrådssalen for å sikre smittevernet.

Statsråd 13. mars
. 2020

Kong Harald leiar statsråd 13. mars 2020. Kronprins Haakon er til stades på slottet. For å sikre smittevernet er Statsrådet vedtaksdyktig, men ikkje fulltalige, og oppsettet er uvanleg, ifølge Slottet.

Foto: : H.M. Dronningen og Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelige hoff

Torsdag 12. mars kom regjeringa med dei strengaste innskrenkingane i folks daglegliv sidan andre verdskrigen i Noreg. Målet var å stoppe spreiinga av koronaviruset som hadde kome inn over landegrensene vekene før.

Barnehagar, skular og ei lang rekke verksemder måtte stenge over natta. Folk blei bedne om å halde seg mest mogleg heime, og halde avstand til andre dersom dei måtte ut.

Mange fekk livet brått snudd på hovudet med permitteringar og ei uviss framtid. Andre måtte sjonglere heimeskule med heimekontor. Og kontakten med familie, vennar og kollegaer måtte skje på telefon eller i videokonferansar.

Måtte gjere endringar

Også regjeringa måtte sikre seg måtar å styre på som ikkje kom i konflikt med smittevernet. Allereie dagen etter at dei strenge tiltaka blei innført i mars, var det statsråd på slottet.

Statsrådane kunne ikkje sitte like tett som dei vanlegvis gjer. Difor var det færre som kunne møte, slik at dei kunne halde god nok avstand rundt bordet.

Samtale med statsminister 15 mars2020: H.M. Kongen i samtale med statsminister Erna Solberg 15. mars 2020.

H.M. Kongen i samtale med statsminister Erna Solberg 15. mars 2020.

Foto: H.M. Dronningen

Møtet blei leia av kong Harald, som sat i karantene etter eit statsbesøk til Jordan, på telefon frå Kongssetra. Det var litt uvant, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK.

– Det var litt rart, samtidig som eg synest det var veldig bra. Eg hadde ikkje ønskt å vere statsministeren som smitta kongen med covid-19. Heldigvis har vi klart å halde oss friske.

Også for dei som var til stades på slottet blei det annleis møter enn det dei var vande med.

– Det er klart det blei annleis. Vi sat med større avstand, og vi måtte slutte å ta kvarandre i hendene før møtet. Men det fungerte fint, seier Solberg.

Statsrådsalen 8.april: Statsrådssalen rigget om for å sikre riktig avstand. Foto:

Statsrådssalen 8. april: Statsrådssalen rigga om for å sikre rett avstand

Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelige hoff

Kongen tilbake i mai

Sjølv om dei måtte gjere mange endringar for å få gjennomført statsråd i dei vekene landet var stengt, gjekk ikkje det ut over kvaliteten på arbeidet, seier statsministeren.

– Statsråd er litt rituelt. Vi les opp sakene, og så seier kongen ja eller nei, alt etter kva som er rett i dei ulike sakene. Det hender det kan vere enkelte spørsmål, eller det blir ein liten passiar, men vi følger stort sett ein fast meny. Og det kan vi gjennomføre på telefon også.

Statsråd 8.april2020: H.M. Kongen leder Statsråd 8. april 2020. H.K.H. Kronprinsen er tilstede på Slottet. For å sikre smittevernet er Statsrådet beslutningsdyktig, men ikke fulltallig, og oppsettet er uvanlig.

H.M. Kongen leiar statsråd 8. april 2020. H.K.H. Kronprinsen er til stades på slottet. For å sikre smittevernet er statsrådet vedtaksdyktig, men ikkje fulltalige, og oppsettet er uvanleg, opplyser Slottet.

Foto: H.M. Dronningen og Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelige hoff

Torsdag 7. mai var kong Harald tilbake på slottet. Men det var framleis restriksjonar i statsrådssalen for å sikre smittevernet.

Og sjølv om det hadde gått fint å ha kongen på telefon, var statsministeren glad for å ha han tilbake i salen.

– Det var veldig hyggeleg å sjå kongen «live» igjen då han kom tilbake, seier Solberg.

Statsråd 7.mai2020: H.M. Kongen er tilbake på Slottet og leder Statsråd 7. mai 2020. H.K.H. Kronprinsen er tilstede. For å sikre smittevernet er Statsrådet beslutningsdyktig, men ikke fulltallig, og oppsettet er uvanlig. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Kong Harald er tilbake på slottet og leiar statsråd 7. mai 2020. Kornprins Haakon er også til stades. For å sikre smittevernet er statsrådet vedtaksdyktige, men ikkje fulltalige, skriv Slottet.

Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelige hoff

AKTUELT NÅ