Hopp til innhold

Klart for budsjettdrama: Inga samkøyring og dårleg tid

I 38 dagar har statsminister Støre visst at han er avhengig av fleirtal med SV for å få til eit budsjett. I like mange dagar har det vore lite fast kontakt mellom regjeringa og partiet dei skal forhandle med.

Sonderinger før regjeringsforhandlinger

BUDSJETTKAMERATAR: SV-leiar Audun Lysbakken, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum under sonderingane i Hurdal.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Måndag 8. november legg finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram regjeringa sitt budsjettforslag, tilleggsproposisjonen, for Stortinget.

Deretter kjem SV med sitt alternative budsjettforslag.

Så startar jobben med å bli einige. Tida er knapp. Innan 26. november må dei vere i mål for å rekkje Stortinget sine fristar.

– Det blir utruleg stramt, seier finanspolitisk talsperson Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Han legg også til at tidsplanen (sjå faktaboks) skal følgjast.

– Den har vi jo skyvd på allereie, nettopp for å gje rom for gode forhandlingar med SV. Og av omsyn til resten av Stortinget så må vi jo klare å halde oss innanfor dei rammene, seier Gjelsvik.

Sigbjørn Gjelsvik, Senterpartiet

Finanspolitisk talsperson Sigbjørn Gjelsvik seier det blir ekstremt krevjande å få til semje om neste års budsjett.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

SV stressar ikkje

Men frå SV møter regjeringspartia ein forhandlar som seier ho ikkje stressar med fristar eller datoar.

– SV kjem ikkje til å gå inn i forhandlingane og tenkje at vi har dårleg tid. Vi kjem til å gå inn med det utgangspunktet om at vi skal ha mest mogleg gjennomslag, seier finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski (SV).

Er det realistisk når det er sett av i overkant av ei veke til å lande dette?

– Vi må ta den tida vi treng. For å få eit resultat som folk vil merke med ein politikk der vi byggjer ut velferda vår og der vi omfordeler meir. Og ein meir miljøvennleg politikk som kuttar klimagassutsleppa både på kort og på lang sikt, seier Kaski.

Støre vil ha tett samarbeid

Då SV forlét Hurdal og gjekk i opposisjon, vart alle formelle band til Arbeidarpartiet og Senterpartiet brotne.

Men på Facebook-sida si gav statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tydeleg uttrykk for at han likevel ville samarbeide tett med SV.

«Vi er einige om å ha eit tett samarbeid med SV i Stortinget framover, og vil gjere opp viktige saker med SV – ikkje minst statsbudsjettet», skreiv Støre.

Jonas Gahr Støre skriver om regjeringsforhandlingene på Facebook 29. september

Dette var bodskapen frå Støre etter at SV forlét sonderingane i Hurdal.

Foto: Skjermdump / Facebook

I forkant av budsjettprosessen har NRK snakka med fleire kjelder i alle dei tre raudgrøne partia.

Ingen kan vise til konkrete møtepunkt eller faste strukturar for dialog mellom regjeringa og deira viktigaste fleirtalspartnar.

Ifølgje ei sentral Ap-kjelde skal Støre ha lufta ein ide om ein fast kaffiavtale med SV-leiar Audun Lysbakken, utan at dette skal ha blitt noko av enno.

Kaski er likevel sikker på at Arbeidarpartiet og Senterpartiet ser at dei må komme SV i møte.

Kor mykje tid og energi har de brukt på førehand for å samkøyre dykk før budsjettforhandlingane?

– Det er inga samkøyring mellom SV og regjeringspartia. Og det skuldast at vi er eit opposisjonsparti. Vi har ikkje noko samarbeid med regjeringspartia, opplyser Kaski.

SV til sengs med Høgre

Sentrale kjelder i begge regjeringspartia fortel til NRK at det vekte oppsikt då SV troppa opp i vandrehallen på Stortinget saman med Høgre for å lansere eit felles forslag for å hjelpe folk som slit med høge straumrekningar.

SV-nestleiar Kiristi Bergstø og Høgres Henrik Asheim fronta felles forslag for å hjelpe folk med straumrekninga.

SV-nestleiar Kirsti Bergstø og Høgres Henrik Asheim stilte opp på Dagsrevyen med felles forslag for å hjelpe folk med straumrekninga.

Foto: NRK

Det som kunne blitt regjeringa og SV sin første moglegheit til å vise at dei kan stå saman i viktige saker, glapp.

Kjelder stadfestar til NRK at det var SV som tok initiativ overfor Høgre til å gå saman om eit felles forslag.

«Kvifor kom dei ikkje til oss?», skal folk i Arbeidarpartiet og Senterpartiet ha lurt på.

Dette skal også ha blitt oppfatta som at SV er i gong med slalåmkøyring – altså søke samarbeid med ulike parti frå sak til sak – noko SV-leiar Audun Lysbakken sjølv har åtvara mot.

– Kor ofte regjeringa går til høgresida vil vere avgjerande for korleis vi møter regjeringa i ulike spørsmål. Kor konstruktive dei er i møte med oss, vil også avgjere kor konstruktive vi er i møte med dei, sa Lysbakken til NRK like etter at han hadde reist frå sonderingane med Ap og Sp.

Flyttar milliardar

Det er ein uvanleg situasjon at ei ny regjering arvar eit budsjett etter ei avgått regjering og må «flikke på» det.

Då Erna Solberg (H) tok over etter Jens Stoltenberg (Ap) i 2013, la ho først på 4 milliardar friske oljekroner i budsjettet. I forhandlingane på Stortinget, fekk Venstre og KrF flytta på 2,4 milliardar kroner.

Nokre av satsingane i Støre-regjeringa sitt «ekstrabudsjett» har dei allereie gjort kjent.

Regjeringa vil doble fagforeningsfradraget på to år, ifølge VG. Det kjem eigne krisetiltak for å hjelpe nordmenn med høge straumrekningar, og landbruket har fått innfridd sitt krav på 750 millionar til å dekke auka utgifter til byggevarer og gjødsel.

Men på same tid har Solberg-regjeringa lagt inn milliardkutt som Støre og Vedum må kvittere ut for ikkje å kome på kant med egne støttespelarar og valløfte.

Det handlar om ABE-reforma, som kuttar kostnadar i offentleg sektor, kutt i nettolønnsordninga for sjøfolk, kutt i feriepengar for koronapermitterte og auka eigendel på frikort.

Kamp om gjennomslag

Først etter at SV har lagt fram sitt alternative budsjett startar forhandlingane mellom dei tre partia sine finanspolitiske talspersonar på Stortinget.

Statsbudsjettet 2022
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

SV har tidlegare sagt at dei ikkje har gitt opp å få gjennomslag for det dei ikkje fekk til i Hurdal. Kari Elisabeth Kaski minner regjeringa om valresultatet, slik ho tolkar veljarane:

– Det er ein tydeleg beskjed om at vi må ha ein anna kurs, ein meir rettferdig, solidarisk og klimavennleg kurs enn det Noreg har hatt dei siste åtte åra. Og det må vi sjå tydelege teikn til allereie i dette statsbudsjettet.

Ho vil ikkje gå i detalj på kva saker dei vil krevje gjennomslag for. Senterpartiet skrur likevel ned forventningane til kva ein kan få til.

– Det er jo ikkje i ei slik første runde ein har rom for å gjere dei aller største tinga. Men det er rom for å vise ei ny retning på nokre viktige område knytt til å både redusere forskjellar, sjå heile Noreg og bidra til å kutte klimautsleppa, seier finanspolitisk talsperson Gjelsvik.

Ifølge Gjelsvik er dette område alle dei tre partia, på kvart sitt vis, er opptekne av.

AKTUELT NÅ