Hopp til innhold

Gigantbeslag etter narkoaksjon

Tollvesenet og Oslopolitiet tok i løpet av to dagar førre veke beslag i uvanleg store mengder heroin. Beslaga er dobbelt så store som det Tollvesenet gjorde i løpet av heile fjoråret, etter det NRK erfarer.

Heroin

Seinast tysdag ettermiddag gjorde politiet nye pågripingar relatert til dei ferske heroinbeslaga (arkivfoto).

Foto: Bjorn Larsson Rosvall / SCANPIX / SCANPIX

Einar Aas

- Det er så store mengder at ein må nesten kunne seia at det er uvanleg store beslag, opplyser Einar Aas, leiaren for seksjon for organisert kriminalitet i Oslopolitiet.

Foto: Elin Martinsen / NRK

Det var onsdag og laurdag førre veke at det blei gjort beslag av oppsiktsvekkjande store mengder av det narkotiske stoffet heroin. Partia kom frå Sverige, og var på veg inn til austlandet.

Det stadfestar leiaren for seksjon for organisert kriminalitet i Oslopolitiet Einar Aas overfor NRK.

– Dette er store beslag, og det er snakk om betydelege mengder heroin, seier Aas som ikkje vil oppgje kor mange kilo heroin dei fann.

Etter det NRK erfarer er det snakk om godt over 20 kilo heroin, verd mange millionar kroner.

Det er nesten dobbelt så mykje som det totale beslaget Tollvesenet gjorde i løpet av heile 2011.

– Eg vil korkje avkrefta eller stadfesta det, med omsyn til etterforskinga. Men det er så store mengder at ein må nesten kunne seia at det er uvanleg store beslag. Det er fleire år sidan Oslopolitiet har handtert så store enkeltbeslag som desse to, seier Aas.

Sju pågripne

Det første av dei to beslaga gjorde Tollvesenet i eit vogntog på Svinesund førre onsdag. Då Oslopolitiet fylgde opp saka, fann dei ytterlegare fire kilo heroinpulver. Tre personar, ein kurer og to mottakarar blei arresterte på Skøyen i Oslo.

Laurdag dukka det opp ei ny sak. Med bistand frå Tollvesenet avdekte politiet nok eit parti heroin i ein transport som var på veg inn mot Oslo sentrum langs Mossevegen frå svenskegrensa.

Ifølgje politiet er dette i utgangspunktet to separate saker.

Totalt er sju personar pågripne og varetekstfengsla i samband med dei to beslaga. Alle er av utanlandsk opphav. To av mottakarane er frå Kosovo (29 år) og Iran (21 år) , men er busette i Oslo. Tre andre mottakarar kjem frå Albania.

Dei to kurerane er frå Tyskland (52) og Nederland (54).

– Den første saka er det all grunn til å gje honnør til Tollvesenet. Det var dei som avdekte og gjorde beslaget. Det andre beslaget ligg det meir innsats over tid bak, fortel Aas i Oslopolitiet.

Heroinbeslag gjort av Tollvesenet 2006 - 2011

Heroinbeslag gjort av Tollvesenet 2006 - 2011.

Foto: skjermdump / Tollvesenet

Urovekkjande få beslag

Mengda som Tollvesenet og politiet avdekkjer, varierer frå år til år. Talet på beslag som er gjort dei siste åra er langt lågare enn ved årtusenskiftet, men har auka sidan 2006.

I 2011 og i første halvdel av inneverande år blei det derimot gjort alarmerande få beslag. I heile 2011 var det totale beslaget på berre 11 kilo, samanlikna med 83 kilo i 2010 (sjå søylediagrammet over).

Tollvesenet t gav tidlegare i år uttrykk for bekymring på grunn av uvanleg få heroin- og kokainbeslag i løpet av første halvåret.

– Me har ikkje sett nokon tydeleg indikasjon på at bruken og marknaden er i nedgang, og då vil det framleis bli importert, uttalte fungerande avdelingssjef Åge Skår i tollregion Vest-Noreg til NRK.

Heroinmisbruk

I 2006 blei talet på brukarar som injiserer heroin i Noreg vurdert til om lag 8000, samanlikna med rundt 12.000 slike brukarar i 2001, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Foto: STR / REUTERS

AKTUELT NÅ