Hopp til innhold

Tollvesenet er bekymra over at dei finn mindre heroin

Mindre mengder med tunge narkotiske stoff er blitt avdekka av tollvesenet på Vestlandet. Men bruken av narkotika er truleg ikkje blitt mindre.

Tollvesenet på Bergen lufthamn Flesland

Fungerande avdelingssjef Åge Skår er nøgd med tollvesenet sin statistikk på nokre område, men ser at det er andre område dei må forbetra seg på.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Færre innføringar av heroin og kokain til Noreg er blitt oppdaga av tollerar i år. Det viser tollvesenet sin statistikk for første halvår i 2012.

– Det er eit område som bekymrar oss. Me jobbar målretta med å finna ut årsaken til dette og med å bli betre, seier fungerande avdelingssjef Åge Skår i tollregion Vest-Noreg.

Det er ikkje berre tollregion Vest-Noreg som opplevder nedgang i mengden inndratt heroin og kokain, det same viser tala for heile landet.

– Vil framleis bli importert

Grunnen til at nedgangen bekymrar er at tollvesenet ikkje trur færre funn betyr at innføringa av slike stoff faktisk har gått ned.

– Me har ikkje sett nokon tydeleg indikasjon på at bruken og marknaden er i nedgang, og då vil det framleis bli importert, seier Skår.

Tollvesenet jobbar med å utvikla seg for å kunna stoppa meir. Dette skjer blant anna ved introduksjon av nye hjelpemiddel og målretta kontrollar der dei trur og håpar dei kan finna noko.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tollvesenet region Vest-Noreg om narkotikafunn på Vestlandet.

Bekymra over meir våpen

På andre område har tollvesenet på Vestlandet konfiskert meir i løpet av første halvår i år, samanlikna med i fjor.

Medan dei i fjor gjorde 7 beslag av slagvåpen i fjor, er dette meir enn dobla i år. 57 våpenprodukt er inndratt i dei 16 beslaga tollvesenet har gjort i år. Dette inkluderer både elektrosjokkvåpen, teleskopbatongar, stikkvåpen, kastestjerner, slagvåpen og slåsshanskar.

– Dette ser me mykje av ved returar etter sydenreiser, og det bekymrar oss. Dette er våpen som går ut på gata om me ikkje stoppar det, seier Skår.

LES OGSÅ: Fleire norske ferieturistar smuglar narkotiske tablettar

Meir av syntetisk narkotika

Tollvesenet er også bekymra over at dei har opplevd ein auke av narkotiske tablettar og syntetiske narkotiske stoff som kjem inn til landet i region Vest-Noreg. Det same gjeld dopingmiddel, der det både er gjort fleire beslag og større mengder blir funne i desse beslaga.

– Det kan vera ein indikasjon på auka bruk av doping, og at det finst miljø som nyttar seg av det, seier Skår.

Tollvesenet sine beslag på Vestlandet første halvår 2012

Beslag på Vestlandet

pr. 30.06.11

 

pr. 30.06.12

 

 

Antall beslag

Beslaglagt mengde

Antall beslag

Beslaglagt mengde

Cannabis

82

23.603 gram

62

1.397 gram

Heroin

1

600 gram

1

1 gram

Amfetamin

4

8 gram

7

37 gram

Kokain

3

281 gram

1

1 gram

Narkotiske tablettar

44

24.041stk.

62

23.696 stk.

Khat

11

200 kilo

7

144 kilo

Syntetiske Cannabinoider

 

 

19

224 gram

Skytevåpen

0

0 stk.

0

0 stk.

Andre våpen/voldsprodukt

7

9 stk.

16

57 stk.

Dopingmiddel

24

3525stk.

42

20.310 stk.

Brennevin

691

1.136 liter

625

985 liter

Sprit(brennevin over 60%)

1

1 liter

0

0 liter

Vin

145

472,8 liter

94

310 liter

Øl

88

1.187 liter

80

1.101 liter

Sigarettar

1068

790.903 stk.

988

443.090 stk.

Røyketobakk og snus

394

262 kilo

344

217 kilo

Kjøttvarer

23

596 kilo

17

314 kilo

Valuta

23

1.258.388 kr.

29

334.144 kr.

Verdi av ordinære varer

23

111.076 kr.

9

885.107 kr.

CITES-varer

2

2 stk.

0

0 stk.

Ekspander/minimer faktaboks