Hopp til innhold

Kina har tvunge Airbnb i kne – no krev NHO skattlegging i Norge

Den skattefrie søte kløen kan vera over for dei som har leigd ut husvære via delings-tenesta Airbnb utan å gi opp inntektene.

VIDEO: NHO krev skattlegging av Airbnb-utleige

Skatteetaten her i landet har ikkje tilgang til informasjon om utleigarane frå Airbnb, men det har kinesiske styresmakter sikra seg. No krev direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, at også norske skattestyresmakter får innsyn i Airbnb-businessen.

– Dette må vi også gjere i Europa og i alle land som opplever det som er den nye realiteten. Nemleg at Airbnb har blitt den største hotellkjeda i verda, seier Krohn Devold til NRK.

Skatt og statistikk

Direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold.

NHO-direktør Kristin Krohn Devold krev skattlegging av Airbnb-utleige.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ho seier at det ikkje er noko tvil om kva arbeidsgivarorganisasjonen NHO meiner om dette spørsmålet.

– Kravet frå NHO Reiseliv er krystallklart. Leiger du ut eit husvære, så skal du levere statistikk til statistikkstyresmaktene og omfanget av økonomien til skattestyresmaktene. På denne måten kan denne næringa betale skatt på lik line med hotellbransjen, seier reiselivsdirektøren.

Selskapet Airbnb, som formidlar privat overnatting over heile verda, varsla denne veka at dei frå 7. desember vil utlevera opplysningar om utleigarar til styresmaktene i Kina. Og det som skjer i Kina bør skje i Noreg også, meiner Krohn Devold.

Ho er lei av at privatpersonar via Airbnb tilbyr overnatting i direkte konkurranse med hotellnæringa. Derfor er brevet om det som skjer i Kina, godt lesestoff for henne.

Leieboerforeningen vil begrense Airbnb-utleie

Airbnb mot hotellene

Airbnb

Airbnb har vorte ein stor aktør på overnattingsmarknaden i heile verda.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Næring ved sida av

– Førebels er ikkje omfanget så stort, men hotella opplever det som urettferdig når dei må betale skatt, arbeidsgivaravgift og har ansvar for mange tilsette, og er med på å byggje det norske samfunnet. Og så har du ei næring som har vakse opp ved sida av, og som eigentleg er hotell, og som ikkje gjer det. Eller styresmaktene veit ikkje om dei bidreg, fordi dei ikkje rapporterer. Og det er ikkje akseptabelt, seier NHO-direktøren.

For Airbnb-utleige er blitt enormt. Berre i dei nybygde bustadblokkene på Sørenga sentralt i Oslo kan du finna opp mot 30 overnattingstilbod lagt ut på Airbnb, og mange av husværa er kjøpte med tanke på utleige.

Noko av dette er skattefrie inntekter til dei som driv i småskala. Andre driv stort. Kanskje betalar dei skatt, kanskje ikkje.

Vet ikke hvor mange turister som kommer til Norge

Fremgangen til Airbnb bekymrer internasjonal reiselivsbransje

Avdelingsdirektør Kyrre Jordbakke Oslo kommune.

Kyrre Jordbakke er avdelingsdirektør i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det er ikkje tvil om at dette har vorte ei stor næring. Og det er klart at når meklarane seier at eitt av tre omsette husvære blir kjøpte av folk som ikkje skal bu der sjølve, så seier det seg sjølv at både inntektene og næringsomfanget er betydelege.

Vil ikkje stå fram

NRK har vore i kontakt med fleire utleigarar, både dei som leiger ut eit rom av og til – men også folk som har investert i opp mot ti nye husvære i Oslo sentrum. Men få vil stå fram, og særleg ikkje når vi skal snakka om inntekter og skattlegging.

I byar som Berlin, Paris og Barcelona har lokale styresmakter gått inn og regulert slik utleige i bykjernen etter at Airbnb-modellen tok heilt av.

Det har ikkje Oslo kommune planar om, seier avdelingsdirektør Kyrre Jordbakke i plan- og bygningsetaten. Dei fører ingen kontroll med kven som leiger ut og kven som overnattar i husværa.

– Vi kontrollerer ikkje privat utleige med mindre det er i strid med reguleringa eller i strid med føreskriftene til rømmingsvegar og liknande. Vi kontrollerer heller ikkje kven som oppheld seg i bygningane til ei kvar tid, seier han til NRK.

AKTUELT NÅ