Hopp til innhold

Karolina (23) prøver å få seg arbeid i Noreg: – Det er hovudmålet

Halvparten av ukrainske flyktningar kjem direkte ut i jobb etter å ha deltatt i norsk introduksjonsprogram.

Ukrainsk introduksjonskurs

Karolina Tsymbala har budd i Noreg i eitt år og gått på norskkurs i ni månadar.

Foto: Johan Moen / NRK

Karolina Tsymbala er ein av dei om lag 16. 000 ukrainarane som akkurat no går på introduksjonsprogram og lærer seg norsk.

– Eg har moglegheita til å lære noko og å vere i praksis. Eg håper eg får ein jobb i nær framtid. Det er hovudmålet mitt. For eit år sidan kunne eg ikkje tenkje på det. No har det blitt ein del av livet mitt, seier Tsymbala.

23 åringen frå byen Lviv i Ukraina var ferdig utdanna sjukepleiar i 2022. Medan ho prøver å få seg jobb som sjukepleiar i Noreg, gjennomfører ho introduksjonsprogrammet og jobbar som praktikant på eit omsorgssenter.

– Eg har fått moglegheit til å lære riktig uttale, riktig bruk av ord og norsk kultur. Om det er noko eg ikkje forstår, kan eg spørje nordmenn, seier ho.

Ukrainsk introduksjonskurs

Tradisjonell tavleundervisning er også ein del av kurset.

Foto: Johan Moen / NRK

Vil stramme inn regelverket

Onsdag erfarte NRK at regjeringa i dag vil stramme inn regelverket for ukrainarar som kjem til Noreg.

I slutten av november viste tal frå UDI at Noreg hadde tatt imot betydeleg fleire ukrainarar enn nabolanda våre. 50 prosent fleire ukrainarar dei føregåande 13 vekene enn det Danmark, Sverige og Finland hadde teke imot til saman.

For å få fleire ukrainarar ut i jobb, har regjeringa også sendt eit forslag om å gjere introduksjonsprogrammet meir arbeidsretta ut på høyring.

– Om lag halvparten kjem direkte ut i arbeid

Sidan starten av 2022 har Noreg tatt imot over 67.000 ukrainske flyktningar.

Ifølgje Inkluderings og mangfaldsdirektoratet (Imdi) takkar dei fleste ja til å delta i introprogrammet.

Men av dei 4.700 som har avslutta introduksjonsprogrammet, er det ikkje alle som har kome i jobb endå. Det fortel assisterande direktør i Imdi, Halwan Ibrahim.

– Om lag halvparten kjem direkte ut i arbeid etter introduksjonsprogram, i tillegg går ein viss andel ut i utdanning, seier Ibrahim.

Halvparten Ibrahim omtalar inkluderer deltakarar som har gått over til arbeid med lønnstilskot etter avslutta program og deltakarar med arbeid kombinert med utdanning som avslutningsårsak.

Hadde de forventa at fleire enn halvparten skulle komme rett ut i jobb etter at dei var ferdige?

– Vi har sjølvsagt ambisjonar om at mange skal kome raskt ut i arbeid. Det er ei forventing som vi har til dei som skal gjennomføre programmet, seier Ibrahim.

Ukrainsk introduksjonskurs

Karolina Tsymbala og andre deltakarar på introduksjonsprogrammet i Oslo.

Foto: Johan Moen / NRK

8 av 10 i arbeid, utdanning eller arbeidstrening

I midten av november hadde 4 prosent av programdeltakarane gått over i vidaregåande eller høgare utdanning. Om lag 30 prosent gjekk vidare til kvalifiseringstiltak i regi av Nav eller kommunen med mål om å kome seg i arbeid.

– Dette inneber at til saman 80 prosent av dei som har avslutta programmet har gått direkte over til arbeid, utdanning eller til vidare kvalifiseringstiltak i regi av kommunen eller NAV, seier Ibrahim.

Den assisterande direktøren understrekar at tala er foreløpige

– Kommunane kan endre tala i inntil to månadar, seier han.

Ukrainsk introduksjonskurs

Pensum.

Foto: Johan Moen / NRK

Mange fekk forlenga kurstida: – Trenger ein del språkopplæring

I utgangspunktet varer introprogrammet i seks månadar.

Men deltakarane kan få forlenga kurset, og det er det mange som har.

I midten av november var 86 prosent med rett til å delta registrert med ei forlenging av programmet. Då kan det vare i inntil 12 månadar, opplyser Imdi.

Ukrainsk introduksjonskurs

Norske gloser.

Foto: Johan Moen / NRK

Halwan Ibrahim fortel at språk er den største utfordringa med å få ukrainske flyktningar ut i jobb i Noreg.

– Dei trenger ein del språkopplæring for å få betra føresetnaden for å kome ut i arbeid.

For å ha rett til å delta i programmet må ein vere mellom 18 og 55 år, fått innvilga kollektivt vern frå UDI og vere busett etter avtale mellom IMDi og kommunen.

– Ein god del av ukrainarane som er kome til Noreg er barn og unge under 18 år, eller over 55 år, og har derfor ikkje rett til å delta i programmet, seier Ibrahim.

Les også Noreg har dobbelt så rause ordningar som Sverige og Danmark

pJAv0f2IqP4

AKTUELT NÅ