Hopp til innhold

Jentene er framleis flinkast i grunnskulen

Jenter er flinkare enn gutar i dei fleste skulefaga, medan gutane er betre enn jentene i kroppsøving, viser oppsummeringa av grunnskuleåret 2011–2012.

Klasserom

Jenter er flinkare enn gutar i dei fleste fag, bortsett frå kroppsøving. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Keilen, Berit / NTB scanpix

Gjennomgangen av tala viser at karakternivået er stabilt frå år til år på nasjonalt nivå og på fylkesnivå. Det er derimot store skilnader om ein bryt tala ned på skule- og kommunenivå.

Her kan du sjekke din kommune og din skule

Skoleporten

Men Utdanningsdirektoratet ber om at karakterane på skulenivå blir tolka med varsemd. Dette fordi variasjonar i karakterar til enkeltelevar her kan gi store utslag.

– Ingen ny trend

Avdelingsdirektør Kjetil Digre i Utdanningsdirektoratet.

Avdelingsdirektør Kjetil Digre er leiar for statistikkavdelinga i Utdanningsdirektoratet.

Foto: Jannecke Sanne

– Desse tala endrar seg ikkje mykje frå år til år. Det er ei stadfesting av tidlegare trendar, seier avdelingsdirektør Kjetil Digre i Utdanningsdirektoratet til NRK.no. Han er leiar for statistikkavdelinga i direktoratet.

Det viktigaste statistikken viser, seier han, er at det er litt betre resultat ved private skular enn ved dei offentlege og at jentene er flinkare enn gutane, seier han til NRK.no

– Det er ikkje så lenge sidan av gutane var flinkare enn jentene i matematikk. No er det berre gymnastikk igjen der gutane er best, seier Digre. Matematikk er likevel det faget der det er minst skilnad mellom gutar og jenter, fortel han.

LES OGSÅ: Jenter trekkes til flinkisskoler

– Meir realistiske matematikk-karakterar

Han peikar også på at karakterane i matematikk er svakare enn tidlegare. Men det er likevel ikkje grunnlag for å seie at elevane er svakare i matematikk, det kan like godt vere at karakterane no er meir realistiske. Det er gjort endringar i karaktersetjinga dei siste åra, opplyser Digre.

Det er likevel ingen tvil om at karakterane i matematikk er lågare enn i dei andre faga, seier han.

I snitt har jenter fire grunnskulepoeng meir enn gutar. Snitt for gutar er 38 poeng, medan jenter i snitt får 42. Grunnskulepoeng er eit samla mål for elevane sine karakterar ved avslutninga av 10. klasse.

Høgare karakter i munnleg

Det er ein gjennomgåande tendens at elevane, både jenter og gutar, får generelt høgare karakterar til munnleg eksamen og standpunkt enn til skriftleg eksamen i same fag.

Resultata frå skriftleg eksamen i matematikk varierer mykje mellom dei 13 største kommunane.

Det er i dei små faga, og i norsk sidemål, det er størst variasjon mellom fylka. Når det gjeld dei store faga, norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag m.m., er det ein tydeleg trend at Akershus, Oslo og Sogn og Fjordane har høgare snitt på standpunktkarakterane i mange av faga.

Svakare i skriftleg

Elevane får høgare karakterar til standpunkt enn til skriftleg eksamen. Elelvane går relativt mykje ned i karakter frå standpunkt til skriftleg eksamen i faga matematikk og norsk hovudmål, samanlikna med engelsk.

Men det er motsett ved munnleg eksamen. Her får mange elevar høgare karakter enn til standpunkt.

Resultatet gjeld 62154 elevar, 31.917 gutar og 30.237 jenter. 60.642 var elevar ved offentlege skular, medan 1512 gjekk på privatskular.

AKTUELT NÅ