– Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for innvandringspolitikken. Vurderinga vår er at det er meir naturleg at HRS framover får støtte over budsjetta deira, opplyser kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til Stortinget.
– I revidert nasjonalbudsjett for 2019 vil regjeringa derfor foreslå at tilskotet til HRS vert overført til Justis- og beredskapsdepartementets budsjett, held han fram.
Det var stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen (Frp) som stilte Sanner spørsmål om løyvingane til HRS. Han seier til NRK at han er avventande til kva flyttinga av budsjettposten vil ha å seie.
– Eg er usikker på om dette er det rette. Eg fryktar dette berre er ei utsetjing av avgjerda om å kutte eller avvikle stønaden til HRS.
Han seier Frp ikkje vil kunne godta eit slik kutt eller ei avvikling.
Vanskeleg sak
Løyvinga til HRS har skapt ein god del hovudbry for regjeringa i haust. I det opphavlege forslaget til statsbudsjett for 2019, var støtta til den innvandringskritiske organisasjonen fjerna i Kunnskapsdepartementets budsjett. Framstegspartiet reagerte kraftig, og finansminister Siv Jensen gjorde det klart at støtta ville komme på plass i forhandlingane på Stortinget.
- Les:
I Venstre var det likevel motstand mot å sikre HRS, og finanspolitisk talsmann Abid Raja sa at stortingsgruppa til partiet samrøystes var imot å reversere. Støtta til HRS var tema i samband med Venstre-leiar Trine Skei Grandes utfall mot Raja i ein telefonsamtale med Høgres Henrik Asheim som Raja sjølv overhøyrde.