Hopp til innhold

Irland stiller seg bak folkemord-sak mot Israel

Landet vert det første i vesten som støttar saka til Sør-Afrika.

Irlands utenriksminister Micheál Martin holder en tale mens USAs president Joe Biden følger med i bakgrunnen.

Irlands utanriksminister Micheál Martin og USAs president Joe Biden hadde ei god tone då Biden besøkte Irland i fjor – men dei er ikkje einige om folkemord-skuldingane mot Israel.

Foto: Patrick Semansky / AP

Blokkering av naudhjelp kan vere eit teikn på folkemord, meiner Irland.

Dei har no stilt seg bak saka til Sør-Afrika i Den internasjonale domstolen (ICJ) mot Israel.

Sør-Afrika har skulda Israel for folkemord på grunn av krigen i Gaza, kor over 32.500 palestinarar er drepne sidan 7. oktober.

Irland er det første vestlege landet som stiller seg bak saka. Dei argumenterer med at blokkering av naudhjelp kan visa hensikt om folkemord.

Det sa utanriksminister og visestatsminister Micheál Martin onsdag.

– Me vil be retten vurdera å utvida korleis ein avgjer om folkemord har funne stad, basert på at ei heil befolkning vert kollektivt straffa, seier han til The Guardian.

Les også Den største forbrytelsen

BESKYLDES FOR FOLKEMORD: Sør-Afrika mener Israels krigføring i Gaza må regnes som folkemord.

FN: Akutt hungernaud i Gaza

Stadig fleire born dør av svolt i Gaza.

2. mars melde Verdas helseorganisasjon (WHO) at minst ti born hadde døydd av svolt på sjukehus i Gaza. Dei understreka allereie då at det reelle talet truleg er langt høgare.

For få dagar sidan åtvara dessutan FN mot akutt fare for hungersnaud i Gaza.

– Me har opplevd svolt, me veit korleis det er, har Micheál Martin sagt tidlegare, med tilvising til då rundt 1 million irar svalt i hel på 1800-talet.

Den nordlege delen av Gazastripa har i lang tid nesten ikkje fått inn naudhjelp på grunn av krigen.

Det er nemleg Israel som bestemmer kva varer som får sleppa inn i Gaza.

Den internasjonale domstolen kravde i januar at Israel skulle innføra fleire hastetiltak for å unngå folkemord i Gaza. Eitt av tiltaka var å sikra meir naudhjelp til sivile.

Vil la retten avgjera

Allereie i januar varsla Irland at dei vurderte å stille seg bak saka til Sør-Afrika i ICJ.

At dei no støttar saka, betyr ikkje at dei har konkludert med at Israel er skuldig i folkemord.

– Det er opp til retten å avgjera om det er folkemord. Men eg vil gjenta det eg har sagt fleire gonger dei siste månadane: Det me såg 7. oktober i Israel, og det me ser i Gaza no, er eit openbert brot på internasjonale menneskerettar i massiv skala, uttalar Martin i ei melding frå det irske utanriksdepartementet.

Utanriksminister Martin har tidlegare sagt at det er openberre og massive brot på internasjonale menneskerettar i Gaza som følge av krigen.

Tidlegare har Malaysia, Tyrkia, Jordan, Bolivia, Maldivene, Namibia, Pakistan og Colombia sagt at dei støttar saka i ICJ.

FN-ekspert for menneskerettar Cecilia Bailliet seier Irland kan ha støtte for argumenta sine hjå Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

– Dei meiner fråtakelse av mat tilgang til mat og medisin, berekna til å føra til øydelegging av del av ei befolkning, kan utgjere eit brotsverk mot menneskeheita, seier Bailliet.

Meiner svolt kan vere krigsbrotsverk

FNs kommissær for menneskerettar Volker Türk seier det er grunn til å tru at Israel brukar svolt som eit våpen i Gaza-krigen.

Türk seier til BBC at viss ein kan bevisa at Israel gjer dette bevisst, kan det vere eit krigsbrotsverk.

Israel har avvist desse fråsegna og beskriv dei som «komplett nonsens».

Tidlegare har òg EUs utanrikssjef Josep Borrell skulda Israel for å bruka svolt som våpen, noko dei òg avviste.

AKTUELT NÅ