Hopp til innhold

Ingen folkekrav om politisk styring

Det er ikkje noko krav frå folket om meir politisk styring av norske sjukehus, viser ei undersøking gjort for NRK.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)

Eit fleirtal av folket seier nei takk til meir politisk styring av Helse-Noreg. Her er helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) frå eit møte med byråkratar frå Helse-Noreg tidlegare i år.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Det er byråkratane i helseforetaka som bør ha mest å seie for styringa av sjukehusa, og ikkje politikarane. Det meiner over halvparten av dei spurde i ei undersøking gjort for NRK Brennpunkt.

54 prosent vil at leiinga i helseforetaka bør ha størst innflytelse på styringa av sjukehusa. 32 prosent meiner politikarane bør ha størst innflytelse.

– Kan ikkje sjukehusdrift

Dette er synspunkt som er henta frå Ålesund:

– Byråkratane driv jo med dette, det gjer ikkje politikarane, seier ein.

– Er du politikar, så har du greie på statsvitskap, politikk og siviløkonomi. Du har ikkje peiling på korleis eit sjukehus faktisk blir drive, seier ei anna.

Folk i byen er omgitte av sjukehuskonfliktar. Nord for byen kranglar Molde og Kristiansund om sjukehusplassering, og i sør kjempar fjordingane for akutt- og fødetilbod.

Bent Høie

Leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Bent Høye frå Høgre, meiner ansiktslause byråkratar ikkje kan fatte dei viktige avgjerdene åleine.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX
Tore Hagebakken

Helsepolitikar i Arbedarpartiet, Tore Hagebakken, vil ha enda meir kontroll på det som skjer i helsevesenet.

Foto: Stortinget

– Ansiktslause byråkratar

Slik det er no, har byråkratar og styremedlemmer i helseforetaka mykje makt over budsjett, investeringar, nedleggingar og samanslåingar.

Demonstrasjonar mot forslag for sjukehusnedleggingar har gjort at politikarar frå fleire parti har ønskt å ta meir kontroll over sjukehusa igjen.

Bent Høie frå Høgre har sagt det slik:

– Det er avgjerder som vi ikkje kan overlate til det som eg meiner, heilt oppriktig, er ansiktslause byråkratar, som er tilsette i ein foretaksmodell.

– Politikarane er for langt borte

Også regjeringspartia har tenkt i dei banar.

– Vi bør syte for at vi får enda betre politisk styring på det som skjer i helsevesenet, sa helsepolitikar i Arbeidarpartiet, Tore Hagebakken, i vinter.

Tilbake i Ålesund møter dei motbør frå folk.

– Det vi ser, er at politikarane er altfor langt borte. Eg trur ikkje dei er klare over kva det er som går føre seg, seier ei.

– Det er berre å sjå på den sjukehusstriden som har vore her no, seier ei anna.

Ingen folkekrav om politisk styring av helseforetaka

 

Total

Menn

Kvinner

Leiinga i helseforetaka

54

49

60

Politisk leiing

32

39

24

Usikker / veit ikkje

14

12

16

Sprøjeundersøkinga er gjort med eit utval på 1000 personar.

AKTUELT NÅ