NRK Meny
Normal

Ingen bevis for andre terrorceller

PST har så langt ingen bevis for at Anders Behring Breivik samarbeida med andre terrorceller. PST-sjef Janne Kristiansen trur heller ikkje mannen er sinnsjuk.

– Denne personen er totalt vond, seier ho.

Janne Kristiansen

PST-sjef Janne Kristiansen trur ikkje Anders Behring Breivik er sinnsjuk, slik forsvararen hevdar han kan vere.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Eg kan på generell basis seie at vi så langt ikkje har bevis for andre terrorceller, verken i Noreg eller i Storbritannia, seier sjef for Politiets Sikkerhetstjeneste (PST), Janne Kristiansen, i eit intervju med BBC.

I avhøyr har terrorsikta Anders Behring Breivik forklart at det er to aktive celler i organisasjonen hans i Noreg og at det finst fleire andre celler i den vestlege verda.

Les: – Celler i Noreg og Europa skal føra krigen vidare

– Vi har det sterkaste fokus på spørsmålet om andre terrorceller og vi har hatt dette fokuset sidan fredag, men etter fire dagar har vi ikkje funne noko bevis, seier Kristiansen i dag tidleg.

Tvilar på om orden eksisterar

I manifestet sitt skriv Behring Breivik at han hadde kontakt med britiske høgreekstremistar, mellom anna English Defence League (EDL).

Les: Sendte ut ideologisk bokmanus én time før bomben

Politiet fortalte i går at dei i avhøyr har forsøkt å kome vidare i etterforskinga av manifestet og påstanden om cellene, men førebels har køyrt seg fast av ein spesiell grunn.

– Han hadde krav for å seie noko om dei to andre cellene, men vi kunne ikkje akseptere desse krava, sa politiadvokat Pål Hjort Kraby.

Geir Lippestad, forsvaren til Anders Behring Breivik

Forsvarar Geir Lippestad uttalte at mykje kan tyde på at Anders Behring Breivik er sinnsjuk.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Les: Stiller krav for å snakke om «terrorceller»

I går avslørte The Daily Telegraph at Behring Breivik så seint som 9.mars i år skal ha vore aktiv på eit EDL-forum. English Defence League har nekta for at dei har hatt kontakt med Behring Breivik og tar avstand frå terrorangrepa.

Han hevdar også å vere medlem av ein orden han kallar Knights Templar. Aftenposten har vore i kontakt med fleire norske nasjonalistar som tvilar på at tempelordenen eksisterar.

– Eg trur ikkje det er så mange som har høyrt om dei tidlegare, og eg har mine tvil om det eksisterar, seier ei kjelde i Norwegian Defence League til avisa.

– Ikkje ein sinnsjuk person

Kristiansen seier at både PST og britiske MI5 undersøkjer desse opplysningane.

Tysdag uttalte forsvarsadvokat Geir Lippestad at saka kunne tyde på at Behring Breivik var sinnsjuk, men at dette måtte bli slått fast etter ei medisinsk vurdering. I BBC-intervjuet seier Kristiansen at ho har lite tru på dette.

– Etter mi meining er ikkje dette ein sinnsjuk person. Han har vore for fokusert til det så lenge og gjort ting så korrekt. Utfrå mi erfaring med slike klientar som forsvarsadvokat er dei vanlegvis ganske normale, men sinnsforvirra, og denne personen er i tillegg totalt vond, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger