Hopp til innhold

– Celler i Noreg og Europa skal føra krigen vidare

Terror-sikta Anders Behring Breivik får hjelp i sin krig mot multikulturalisme frå to celler i Noreg og fleire i utlandet, har han opplyst til advokaten sin.

Video Behring Breiviks forsvarer på engelsk pressekonferanse

Geir Lippestad er forsvararen til Anders Behring Breivik, som har erkjent å stå bak terroren som råka Noreg den 22.juli.

Det er Behring Breivik sjølv som fortel dette, seier advokat Geir Lippestad på ein pressekonferanse med utanlandsk media tysdag.

Behring Breivik har i avhøyr med politiet fortalt at han er medlem av ein organisasjon med fleire celler, men har tidlegare ikkje opplyst kvar desse cellene held til.

Ifølgje Lippestad har Behring Breivik no forklart at to celler i Noreg og fleire i Vest-Europa skal fortsetja krigen som han har starta, og som han tek æra for å ha sete i gang.

Behring Breivik står likevel fast ved at bombeeksplosjonen i Oslo og skytemassakren på Utøya berre var hans verk.

– Gal

Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik seier det finst fleire celler som støttar hans ideologi i Noreg.

Foto: Privat

Pressekorpset stilte tysdag mange spørsmål om sinnstilstanden til Behring Breivik

Har Behring Breivik gjort noko i fengselet som indikerer at han er gal?

– Heile saka indikerer at han er gal. Han seier at han er i krig. At den vestlege verda ikkje forstår synspunkta hans, men at me vil forstå om 60 år, svarte Lippestad.

Høgreekstremisten Behring Breivik har i retten forklart at hans motiv for dei grufulle handlingane var eit ledd i kampen mot «ein dekonstruksjon av norsk kultur og masseimport av muslimar».

Kan måtte byta advokat

Lippestad understrekar at det er for tidleg å slå fast sikkert om klienten er strafferettsleg tilrekneleg, men at det no vil bli gjennomført ei vurdering av rettspsykiatrar og at han vil lesa papira frå denne.

– Eg kan ikkje skildra hans personlegdom. Han er ikkje som oss, det er veldig vanskeleg. Han vil bli undersøkt av medisinsk personell, som må vurdera om han er sinnsjuk eller ikkje, legg han til.

Dersom forsvararen går for å få vurdert Behring Breivik som strafferettsleg utilrekneleg som ein del av forsvaret, kan den sikta velja å byta advokat.

– Eg lét meg ikkje instruera av klienten. Dersom han ikkje vil følgja mine råd, kan han finna seg ein ny advokat, uttalar Lippestad.

Video Kyrre Nakkim

SJÅ VIDEO: Samfunnsredaktør i NRK, Kyrre Nakkim seier Behring Breivik kan måtte byta forsvarar.

– I overkant snakkesalig

Advokat Lippestad har likevel gjort seg nokre tankar om klienten sin.

– Han er ein veldig kald person. Han er roleg og snakkesalig, nesten i overkant. Han snakkar mykje om sitt manifest.

Den terrorsikta 32-åringen er samarbeidsvillig i avhøyr og fortel ope om terroren han utførte den 22.juli.

– Men han vil ikkje gje fleire detaljar om dei andre cellene, seier Lippestad.

Video Helikopterbilder Utøya råklipp

Med senka våpen forlét det som politiet meiner er Anders Behring Breivik odden på Utøya. Tilbake ligg ofra etter massakren 22.juli (biletet er sladda).

Foto: NRK

Etter planen

Behring Breivik har i politiavhøyr erkjent at han stod bak terror-åtaka den 22.juli som til saman kravde 76 menneskeliv.

Går ting slik han planla?

– Eg vil seia det slik.

Lippestad hadde samtalar med Behring Breivik seinast måndag. Advokaten fortel at klienten ikkje angrar på det han har gjort, og at han held seg roleg:

– Han seier det var naudsynt å gjera dette, fordi han er i krig. Han et som normalt, men er veldig trøytt, fordi han er i denne spesielle situasjonen.

Ingen i familien til den sikta har bede om å få treffa Behring Breivik etter at han vart pågripen på Utøya fredag kveld.

NRK.no kjem med meir.

AKTUELT NÅ