Hopp til innhold

Ida Lindtveit Røse (27) blir tidenes yngste statsråd: – Køddar du no?

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har funne si kronprinsesse. Til NRK avslører han at han har bede Erna Solberg utnemne ein 27-åring til ny barne- og familieminister i Norge medan han er i pappaperm.

Bilde

HISTORISK UNG: Ho er fødd 3. desember 1992 og passerer med god margin Hadia Tajik som det yngste regjeringsmedlemmet vi har hatt i Norge.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Ida Lindtveit Røse fekk spørsmålet frå partileiaren kvelden før 17. mai.

– Eg fekk ei melding 16. mai, medan eg dreiv og la yngstemann, om det passa at Kjell Ingolf ringde meg. Då begynte det å kverne litt rundt i hovudet, og det første eg tenkte var «kva galt har eg gjort no». Så spurde han meg i telefonen då, om eg hadde lyst til å vikariere for han i regjering.

– Og korleis reagerte du?

– Første reaksjonen min var vel sånn «Køddar du no?». Det er jo ein sjuk telefon å få, ler Lindtveit Røse.

Onsdag denne veka var ho inne til samtaler og såkalla «screening» på Statsministerens kontor, og etter dette gav Erna Solberg sitt ja til KrF sin føretrekte statsrådsvikar.

Ropstad: – Utruleg dyktig

Når mai blir til juni forsvinn nemleg Kjell Ingolf Ropstad frå den politiske scena i tre månader, til fordel for permisjonstid med han og kona Arnbjørg sitt andre born.

Partileiarvervet skal nestleiar og landbruksminister Olaug Bollestad fungere i, medan jobben som barne- og familieminister i Noreg skal Ida Lindtveit Røse ha.

Det stadfester Ropstad overfor NRK:

– Ida er utruleg dyktig, og har hatt mange oppgåver for KrF dei siste åra, seinast som gruppeleiar på fylkestinget i Viken. Eg er ganske sikker på at ho også kjem til å løyse jobben i regjering på ein flott måte.

Bilde

BARN- OG FAMILIE: Med eit born på skuldrane og eit i vogna, møter den påtroppande statsråden NRK ved hytta til KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad (t.h.), også han med smårollingar å halde styr på. Ektemann John Anders Lindtveit Røse bivåner intervjuet på litt avstand.

Foto: Cato Husabø Fossen / NRK

– Trudde faktisk ho var litt eldre

Når ho tiltrer tirsdag 2. juni blir det som den yngste statsråden nokon gong.

Til samanlikning var den til no yngste, Aps Hadia Tajik, 29 år då ho vart kulturminister i 2012.

– Eg må innrømme at eg ikkje var heilt oppdatert på nøyaktig kor gammal Ida var. Eg trudde faktisk ho var litt eldre, men eg angrer ikkje på valet altså. Alder og livserfaring kan vere fint, men er ikkje avgjerande, ler KrF-leiaren.

– Eg synes dette er eit kjempeviktig signal til unge kvinner både i KrF og i andre parti. At viss du står på, så kan du få viktige posisjonar, seier Lindtveit Røse, held fram:

– Og så er det tøft av Kjell Ingolf å gje denne moglegheiten til meg, som er ung tobarnsmor. I ei tid kor mange unge kvinner lurer på om det går an å kombinere det å vere mamma med å satse på jobb, synes eg dette er ein fin måte å statuere eit eksempel på.

Den yngste av dei to små er berre fire månader gammal.

– Så har du heldigvis ein sporty mann som stiller opp då. Slik skal det berre vere, legg Ropstad til.

27-åringen får alle fullmakter og same formelle makt dei månadane ho vikarierer, som Ropstad har til vanleg. Som barne- og familieminister vil ho ha ansvar for regjeringas politikk knytt til born og unge sine oppvekst- og levekår, familie og samliv, tru- og livssynspolitikk og forbrukarpolitikk.

Var på blå side

Ida Lindtveit Røse er ikkje eit ubeskrive blad i norsk politikk. Frå 2015 til 2017 var ho leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom.

I lokalpolitikken har ho vore gruppeleiar for KrF i heimkommunen Oppegård i gamle Akershus. I dag er ho gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken, etter å ha vore partiet sin toppkandidat der ved valet i fjor haust.

Då KrF delte seg i to hausten 2018, som følgje av Knut Arild Hareides forsøk på å ta partiet til venstre, var Lindtveit Røse ein viktig bakspelar for blå side og Kjell Ingolf Ropstad.

«Strategisk klokt»

Både partileiaren og andre NRK snakker med i KrF omtaler Lindtveit Røse som eitt av dei aller største talenta partiet har sett på mange år.

Ifølgje kjelder i KrF vurderer Ropstad det som strategisk klokt å byggje opp unge, kvinnelege og sentrum-høgre-orienterte profilar. Å gjere 27-åringen til statsrådsvikar er eit ledd i dette.

Kanskje ser han til systerpartiet i Sverige, Kristdemokraterna, som valde Ropstad si venninne Ebba Busch til partileiar då ho berre var 28 år i 2015.

– Det er slik det heng saman, sant?

– Eg trur alltid det er ein fordel å ha ulike profilar. KrF skal vere eit folkeparti som er breitt, og i det biletet passer Ida godt inn. Det blir ein stor moglegheit for ho å vere statsråd. Det handlar om å sjå og forstå korleis ting fungerer på innsida, og å få lov til å vere med å gjennomføre ting ho brenn for, seier Ropstad.

Bilde

UT I PERM: Til skilnad frå hundretusenvis av ufrivillig permitterte nordmenn om dagen, skal barne- og familieminister Ropstad ut i ein høgst sjølvforskyldt pappapermisjon.

Foto: Thomas Brun / NTB Scanpix

På Ropstad si linje i bioteknologi-kampen

Før partileiaren kan starte pappapermen står det att å leie KrF anten til siger eller nederlag i det som blir ei dramatisk bioteknologi-votering i Stortinget tysdag.

Ropstad har uttalt til NRK at han jobbar dag og natt for å snu fleirtalet som ser ut til å gå inn for å tillate eggdonasjon, assistert befruktning for einslege og tidlege blodprøver av gravide.

Her er den påtroppande vikarstatsråden heilt på linje med sjefen:

– Bioteknologi handlar om menneskeverd, og den kampen vi står i no er en heilt avgjerende kamp som eg håpar KrF vinn på tysdag. Det er kjerna i KrFs politikk korleis vi som samfunn legg til rette for at det skal vere rom for ulike menneske og ikkje gjev signal om at nokre kan sorterast vekk, seier Lindtveit Røse.

– I krevjande etiske verdispørsmål som dette, meiner eg det er veldig bra at også unge kvinner kan vere motstemmer, skyt Ropstad inn.

Bakgrunn frå NHO og First House

Av utdanning har Ida Lindtveit Røse bachelorgrad i Europastudier frå Universitetet i Oslo. Ho er gift og har to born med John Anders Lindtveit Røse, som er lokallagsleiar i KrF.

I tillegg til dei politiske verva har den påtroppande statsråden arbeidd som rådgjevar i NHO si foreining for kunnskaps- og teknologiverksemder, Abelia, og eit halvt år som seniorrådgjevar i PR-byrået First House.

– Eg har jobba ulike stader, og trur det er viktig å ha erfaring frå ulike stader i samfunnet og det har eg fått med desse jobbane, seier Lindtveit Røse.

Dermed vil to av fire i den politiske leiinga i Barne- og familiedepartementet ha bakgrunn frå det same PR-byrået. Også Kjell Ingolf Ropstads, og dermed snart Lindtveit Røses eigen statssekretær, Julian Farner-Calvert, arbeidde i First House i fleire år.

Både Ropstad og Lindtveit Røse svarer kort nei på spørsmål om dei synest det er problematisk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger