Hurtigruten-passasjerar i Tromsø må vente med å reise heim

Kommuneoverlegen i Tromsø seier passasjerane som reiste frå MS «Roald Amundsen» før koronasmitten om bord var kjent, også må i karantene. Dei får difor ikkje reise vidare no.

Smittesporing.

MS «Roald Amundsen» til kai i Tromsø fredag. 337 personar er i karantene etter at fire tilsette testa positivt for covid-19. Passasjerane som forlét skipet før smitten blei kjent, må også i karantene, seier kommuneoverlegen i Tromsø til VG.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen/NTB scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Etter at fire tilsette om bord i hurtigruteskipet MS «Roald Amundsen» testa positivt for covid-19 og blei lagt inn på sjukehus i Tromsø, måtte alle passasjerane og dei andre tilsette i karantene.

Ingen av passasjerane skal etter det Hurtigruten kjenner hatt symptom på at dei var smitta av viruset.

Enkelte av passasjerane hadde forlate skipet i dag tidleg for å reise vidare. Ein av dei var Bendik Meling Samuelsen, som skulle reise heim til Oslo i ettermiddag.

Men han får ikkje kome om bord i flyet fordi han kom frå Hurtigruten-skipet, seier han til VG.

– Det er surrealistisk. Rundt meg sit det barnefamiliar, vi veit ikkje kva vi skal gjere, seier han.

Må vente

Hurtigruten sende først ut ein e-post om at passasjerar som hadde forlate skipet kunne reise heim. Men på flyplassen skal dei ha blitt nekta å kome om bord i flyet.

Samuelsen seier til avisa at dei heller ikkje får vere inne i terminalen, og at dei har venta utanfor i over fem timar.

Kommuneoverlegen i Tromsø, Kathrine Kristoffersen seier til VG at også dei som reiste frå skipet før smitten blei kjent, må i karantene.

– Dei skal i karantene og ikkje bruke offentleg transport. Ifølge vår dialog med Hurtigruten skal dei sørge for karantenestad og transport.

Fredag kveld får NRK opplyst at passasjerane som ikkje fekk reise vidare med fly, er innlosjerte i Tromsø.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 03.08.2020
9312
Smittet
14
Innlagt
256
Døde

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger