Hopp til innhold

Houthi-talsperson til NRK om skipsangrep: – Ingen klarar å skjula kor dei skal

Houthi-militsen hevdar i eit intervju med NRK at skipa dei angreip har band til Israel. Reiarlaga peiker på misforståingar.

Houthi-talsperson Nasr Al-Din Amer

Nasr Al-Din Amer er talsperson for Houthi-militsen. Han seier dei ikkje ynskjer ei eskalering av operasjonane i Raudehavet.

– Me jobbar ikkje med informasjon som er halvvegs. Det blei sagt at det første norske skipet me angreip ikkje hadde noko med Israel å gjera. Så kom det fram at det var ein avtale der. Me har sikre kjelder, og me sjekkar alt 100 prosent.

Det seier Nasr Al-Din Amer til NRK om skipsangrepa i Raudehavet. Han er ein av Houthi-militsen sine talspersonar.

Houthi-militsen har sidan 3. desember gått til angrep på sivile og militære skip i Raudehavet, i solidaritet med palestinarar. Militsen får støtte frå Iran, som også støtter Hamas og Hizbollah i Libanon.

12. desember blei det norskeigde tankskipet Strinda treft av ein rakett i Raudehavet utanfor Jemen. Houthi-militsen tok på seg ansvaret for angrepet.

Måndag blei eit nytt norsk skip, M/V Swan Atlantic, angripe av dronar i Raudehavet. Houthi-militsen har teke på seg skulda for også det angrepet.

Eigarane av dei norske skipa har avvist at dei har bindingar til Israel.

Militsen har vore klare på at alle skip, uavhengig av nasjonalitet, på veg til eller med band til Israel er mål.

– Ingen klarar å skjula kor dei skal, sjølv om dei forfalskar informasjonen, seier Amer.

– Hadde de informasjon om at dei norske skipa skulle til Israel?

– Ja, det hadde me. 100 prosent, seier Houthi-talspersonen.

Oljetankeren M/V Swan Atlantic gikk tidligere under navnet Summer Ploeg.

25 personar var om bord på tankskipet som vart utsett for eit angrep i Raudehavet måndag føremiddag, men ingen skal vera skadd.

Foto: Etienne Verberckmoes/Marine Traffic

Misforståingar?

Houthiane hevda tankskipet Strinda var på veg til Israel då det blei angripe 12. desember. Leiaren i reiarlaget meinte det heile var ei misforståing.

Han peika på at skipet var på veg til Italia.

Då situasjonen var avklart, kom det likevel fram at reiarlaget hadde hatt ein «tentativ avtale» med Israel om å frakta last ut av Ashdod-hamna i Israel på nyåret.

Han sa vidare at avtalen ikkje lenger er gjeldande.

Den norske eigaren av M/V Swan Atlantic, som blei angripe i dag, Inventor Chemical Tankers, var raskt ute og sa at reiarlaget ikkje har koplingar til Israel.

Marine Traffic opplyser derimot på sine nettsider om at skipet er drifta av eit firma med band til Israel.

Det meiner reiarlaget er feil. I ei pressemelding nektar reiarlaget for at skipet er drifta av eit firma med band til Israel, og skriv vidare at dei mistenkjer at «feilopplysninga» er årsaka til at skipet blei angripe.

Vil ha naudhjelp til Gaza

Amer seier til NRK at Houthi-militsen står last og brast med palestinarane.

Han peiker på at det ikkje er riktig at Israel får tilførsle av forsyningane dei treng, medan palestinarar døyr av tørst og svolt.

– Så lenge det ikkje kjem nok naudhjelp inn i Gaza, vil me nekta skip i Raudehavet tilgang til israelske hamner.

Amer understrekar at skip som får åtvaringar og likevel ikkje snur, blir angripe. Uansett kor dei kjem ifrå. Det er også difor det norske skipet i dag blei angripe, hevdar han.

Han håpar likevel ein kan unngå ei eskalering av operasjonane i Raudehavet.

– Me ynskjer ikkje ei eskalering. Me håpar at Israel og USA gjev Gaza tilgang til naudhjelp.

Men om naudhjelpa ikkje kjem inn, utelukkar han ikkje at dei kan bli naudsynt med ei eskalering av operasjonane.

Amer understrekar at dei berre angrip skip som skal til Israel. Han rosar også Noreg sitt standpunkt i krigen, samanlikna med andre europeiske land.

– For å vera ærleg, så skulle eg ynskja at ingen av skipa me har angripe hadde norsk flagg.

gram og Barthen

Utanriksminister Espen Barth Eide fryktar ei konflikteskalering i Midtausten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Barth Eide: Bekymra for eskalering

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er bekymra for ei eskalering av krigen og konflikten i Midtausten.

Han seier til NRK at han fryktar at andre grupper vil bli del av konflikten, så lenge ein ikkje løyser kjerneproblemet.

– Me ser det spreie seg til Vestbreidda. Me ser knuffing og trefningar mellom Hezbollah og Israel. No har også Houthi-militsen hengt seg på. Dei syner til situasjonen i Midtausten, men de dei held på med er heilt uakseptabelt.

Ministeren peiker vidare på at militante grupper, mange av dei med koplingar til Iran, bruker anledninga til å utnytta uroa.

Houthi-talsmann Amer seier dei ikkje har noko med Iran å gjera, og kallar det å trekkja Iran inn er «vestleg propaganda».

– Iran er ikkje råka av aggresjon, bombing eller militære operasjonar. Det er det Gaza som er. Vi står med folket i Gaza, seier Amer.

Retting 1: I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at Houthi-militsen sidan 7. oktober har gått til angrep på sivile og militære skip i Raudehavet, i solidaritet med Hamas. Det rette er 3. desember.

NRK har også presisert at Houthi-militsen gjorde dette i solidaritet med palestinarar, ikkje berre Hamas. I saka seier Nasr Al-Din Amer at «Houthi-militsen står last og brast med palestinarar», difor er dette endra til solidaritet med palestinarar.

AKTUELT NÅ