Hopp til innhold

Høie er bekymra for smitteauke etter ferien – forlenger dei nasjonale tiltaka

Dei nasjonale tiltaka som blei innførte før påskeferien, skulle gjelda til 12. april. No skal dei vara endå lenger.

Helseminister Bent Høie

Helse- og omsorgsminister Bent Høie vil forlenga dei nasjonale tiltaka med to dagar, men seier det er for tidleg å konkludera om tiltaka blir forlenga ytterlegare.

Foto: Kamilla Marie Johnsen

– Vi veit at det vil vekkja reaksjonar på dei stadene der det knapt har vore smittetilfelle, men vi må gjera dette. Vi ser at den engelske virusvarianten dukkar opp på stader der det knapt har vore smitte tidlegare.

Det sa helse- og omsorgsminister Bent Høie då han på pressekonferansen 23. mars varsla at regjeringa skulle innføra innstrammingar over heile landet. Dei skulle vara til 12. april.

– Vi blir nøydde til å vidareføra dei nasjonale tiltaka til 14. april. Det er fordi vi no har behov for å få meir kunnskap og data om korleis smitteutviklinga har vore gjennom påsken, seier Høie.

Erfaringsmessig treng dei ein del dagar, seier han.

– Ikkje minst at fleire testar seg før vi ser kva som er den reelle situasjonen.

Uroa for auka smitte

Høie seier at dei er bekymra for auka smitte etter påskeferien.

– Vi hadde ei positiv utvikling inn i påsken, og så er det jo færre som testar seg når det er mange heilagdagar.

No er Høie si bøn at alle som har mistankar om at dei er smitta, eller som har symptom, går og testar seg.

– Det er viktig generelt, men det er ekstra viktig no då det vil gje oss betre oversikt over situasjonen.

Assisterende helsedirekør, Espen Nakstad, forteller om smitterisiko forbundet med avstand til hverandre.

Assisterande helsedirektør, Espen Nakstad, fortel om smitterisiko forbunde med avstand til kvarandre.

Presenterer plan for gjenopning

Om tiltaka blir forlenga endå lenger enn 14. april, er ifølgje Høie for tidleg å seia, då dei har behov for å sjå heile den heile komande veka i samanheng.

På onsdag vil statsminister Erna Solberg presentera regjeringa sin plan for korleis Noreg skal koma ut av pandemien.

– Det å ha den type planar er viktig for å skapa noko føreseielegheit, men det er smittesituasjonen og utviklinga i vaksineringa som kjem til å bestemma korleis vi kan setja i verk planane våre, presiserer han.

Fryktar ikkje importsmitte

Importsmitte var grunnen til smitteauke etter haustferien og juleferien. Høie seier at den største bekymringa no, ikkje er importsmitte, men smittespreiinga i Noreg.

– Kvifor er de ikkje redde for importsmitte no?

– Det er på bakgrunn av dei strenge tiltaka som blei innførte før påske. Blant anna ved det at det er obligatorisk med karantenehotell for dei som har vore på ei unødvendig reise, og at det også er krav om at dei som kjem til Noreg må testa seg før dei reiser.

Får fleire vaksinedosar

Neste veke blir talet på vaksinedosar som blir sende ut til kommunane, nesten dobla. Høie seier at den positive utviklinga vi no er inne i, er at vi kjem til å oppleva ein kraftig auke i talet på vaksinerte.

– På eit tidspunkt vil også det ha tyding for smittespreiinga, men diverre så er vi ikkje der no. Det er framleis slik at vi må koma ut av april med låge smittetal, for at vi i løpet av månaden mai kan ta dei første stega mot ein meir normal kvardag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger