Hopp til innhold

Legar i forsikringsselskap kan bli underlagt tilsyn

Helse- og omsorgsministeren vurderer å endre lova slik at også legar i forsikringsselskap kan underleggjast tilsyn.

Bent Høie

No seier Bent Høie at han vil vurdera å underleggja rådgjevande legar i forsikringsselskap det samme tilsynsregime som andre legar.

Foto: Pedersen, Terje / NRK

Bent Høie var heilt samd med første nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe, sm tok opp saka i Stortinget og reiste spørsmål om rådgjevande legar i forsikringsselskap skal kunna overprøva erklæringar frå andre leger, spesialistar og sjømannslegar.

Dagens lovverk tillet ikkje tilsyn

Spørsmålet blei stilt på bakgrunn av NRK sine saker om ein lege i forsikringsselskapet Tryg som slapp tilsyn fordi dagens lovverk ikkje tillet det. No seier Høie at han vil vurdera å underleggja rådgjevande legar i forsikringsselskap det samme tilsynsregime som andre legar.

– Eg er samd med Toppe om at sakkunnige rådgjevarar skal være uavhengige, svarte Høie i Stortinget, og lova å ta saka vidare.

– I oppfølginga av tidlegare stortingsvedtak vil regjeringa vurdera virkeområdet til helsepersonellova, og i samband med dette vil eg, som ei oppfølging av dette spørsmålet, sørgja for at også forhold knytta til organisasjonsintern helsefagleg rådgjeving blir vurdert, sa Høie.

Glad for svaret

Kjersti Toppe var svært glad for det positive svaret, og seier dette er svært viktig for å sikra forsvarleg saksgang i alvorlege forsikringssaker.

– Ja, eg blir sjeldan glad for svara eg får i spørjetimen i Stortinget, men dette var bra. Dette er utruleg viktig, for det går ut over pasientar. Det er mange har lidd urett på grunn av dagens ordning fordi dei ikkje har fått den forsikringa dei har krav på, seier ho.

– Og det er det som er poenget; vi kan ikkje ha ein slik praksis der pasientane lir urett og at vi har legar som har stor betrydning for pasientar som ikje blir sett i korta, og som kan operera nærmast på eiga hand, seier Toppe.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger