Hopp til innhold

Lege slapp tilsyn etter påstand om lovbrot

Ein lege i eit forsikringselskap ga medisinskfagleg råd som fekk store store konsekvensar for Ronny Kristensen. Legen kan ikkje underleggjast tilsyn i saka, fordi slike rådgjevande legar ikkje er omfatta av Helsepersonellova. No krev Kjersti Toppe (Sp) lovendring.

Ronny Kristensen mista huset etter Trygs avgjerd

Ronny Kristensen fekk økonomiske problem fordi Tryg ikkje ville utløysa forsikringspengane då han mista retten til å arbeida til sjøs.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Ein lege i Tryg forsikring slapp å bli underlagt tilsyn av fylkesmannen etter påstand om lovbrot, sjølv om han foretok medisinskfaglege vurderingar som fekk store konsekvensar for Ronny Kristensen.

Kjersti Toppe (Sp)

Kjersti Toppe (Sp) krev lovendring.

Foto: Stortinget

Årsaka er at legen blir definert som rådgjevar, og ein rådgjevar er ikkje underlagt helsepersonellova. No krev Kjersti Toppe (Sp) lovendring.

Måtte selja huset

Sjømannen Ronny Kristensen i Namsos fekk økonomiske problem fordi Tryg ikkje ville utløysa forsikringspengane då han mista jobben og retten til å arbeida til sjøs.

– Vi har måtta ta nokre val i livet etter avslaget, med å selja hus og flytta frå det vi hadde, sa Kristensen til NRK i februar i år.

Øyre-nase-hals-spesialisten ved St. Olavs Hospital i Trondheim hadde då konkludert med at han aldri ville koma i arbeid igjen, og Sjømannslegen tok frå Kristensen helseattesten som krevst for å jobba til sjøs.

Men Tryg forsikring akspeterte ikkje dette, og saka hamna i retten, der Kristensen vann fram. Men då hadde det gått lang tid, og utbetalinga kom for seint til at Kristensen klarte å handtera alle utgifter.

Klaga til fylkesmannen

Etter at saka var avgjort og avslutta, klaga Kristensens advokat, Espen Rekkedal, legen inn for Fylkesmannen i Hordaland. Rekkedal hevda at legen hadde brote lova då han hadde lagt premissane for selskapet som overprøvde spesialist og sjømannslege.

– Dette er ein gjengangar, vi ser det igjen og igjen. I nokre tilfelle anar vi at den rådgivande legen bommar. Men i dette tilfellet fekk vi ei heilt klar stadfesting av det, hevdar Rekkedal.

Fylksmannen i Hordaland avslutta tilsynet etter kort tid fordi legen er definert som ein organisasjonsintern rådgjevar sjølv om han foretok ei medisinskfagleg vurdering som kan få store konsekvensar for pasientar. Det stadfestar assisterande fylkeslege, Sjur Lehmann.

– Ja, det er ei medisinskfagleg vurdering, men den blir gjort internt. Og det er forsikringsselskapet som på eit vis eig konklusjonen og som også må stå ansvarleg for legearbeidet, seier Lehmann.

Til Stortinget

– Då er det også heilt urimeleg at dei kan overprøva spesialist som har vurdert pasienten, seier Kjersti Toppe.

I neste veke tar ho opp saka i Stortinget.

Bente Ohnstad, førsteamanuensis ved Høgskolen på Lillehammer, stadfestar fylkeslegen si vurdering, men er ikkje framand for å endra lova.

– Det kan bety at legar innan forvaltning kjem inn under tilsynsorgan, medan formålet er å sikra helsehjelp overfor pasientar. At legar i forsikringsselskap brukar kompetanse og har autorisasjon kan tala for at dei kunne vore underlagt helsepersonellova, seier ho.

Tryg: – Selskapet avgjer - ikkje legen

Kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg forsikring seier at det ikkje er dei rådgjevande legene som avgjer om ei erstatning skal utbetalast eller ikkje.

Ole Irgens

Ole Irgens i Tryg forsikring seier at det ikkje er dei rådgjevande legene som avgjer om ei erstatning skal utbetalast.

Foto: DnB NOR

Det er selskapet som tar avgjerda. Legar i forsikringsselskap er rådgjevarar og skal mellom anna vurdera om den medisinske dokumentasjonen er tilstrekkeleg slik at selskapet kan avgjera om erstatning skal utbetalast. Deira vurderinger blir lagt til grunn som eitt av fleire moment i avgjerda av ei skadesak, seier Irgens.

Fra red: Ingressen i denne saken er oppdatert med årsaken til at det ikke ble gjennomført tilsyn med legen.

AKTUELT NÅ