Hopp til innhold

Høgsesong for influensa gir pengar i kassen hos apoteka

Apoteka i landet har auka omsetnaden med 8,5 prosent så langt i år. Apotekforeningen seier det ikkje nødvendigvis går så bra med apoteka, og trekk fram auka kostnader for legemiddel.

 Forkjøla person

Det er høgsesong for influensa, og i år har Folkehelseinstituttet spådd ein kraftigare sesong enn normalt.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Nasespray, smertestillande, halspastillar og hostedempande. Vi legg straks bak oss november, og det er høgsesongen for influensa.

Denne vinteren har smitteverndirektøren i Folkehelseinstituttet spådd ein kraftigare influensasesong enn normalt.

På Apotek 1 Sfinxen i Oslo står Zaynab Abba bak kassen. Der har pågangen vore stor dei siste vekene.

– Mange er innom fordi dei vil ta influensavaksine, eller fordi dei skal kjøpe smertestillande. Det går også mykje av koronatestar fordi folk er usikre på om det er covid eller influensa, seier ho.

Apotekteknikarar - Zaynab Abba til høgre

Zaynab Abba (til høgre) og kollegaen hennar på Apotek 1 Sfinxen på Majorstuen.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Les også Apotekene melder om økt salg av koronatester: – Dropp testen og spar pengene

Kommuneoverlege Ingebjørn Bleidvin i Hadsel

Apotekbransjen har per september hatt nest mest omsetning så langt i år, berre slått av kosmetikkbransjen. Då er ikkje dei «beste» månadane medrekna.

Ifølgje Virke er det nemleg eit tydeleg sesongmønster i apotekbransjen.

– Omsetninga er høgast i november og desember, truleg på grunn av sjukdomsbiletet i befolkninga. Litt av forklaringa kan også vere julehandel, seier Lasse André Paulsen, seniorrådgjevar for analyse i Virke.

Les også Stor økning i bruk av smertestillende: – Det kan ha skjedd noe med terskelen

Smertestillende på resept

Dyrare å handle legemiddel

Apotek er også ein av få bransjar som har hatt vekst i talet på butikkar dei siste åra. Frå 2017 til 2022 har talet gått opp med nærare 8 prosent, ifølgje Virke.

– Eg veit ikkje om det nødvendigvis går så bra med apoteka. Vi har høg omsetning, men det er skilnad på det og inntekt, seier Jostein Soldal.

Han er kommunikasjonssjef i Apotekforeningen.

Ein fersk rapport frå folkehelseinstituttet viser at apoteka sine kostnader knytt til legemiddel har auka med 23 prosent frå 2018 til 2022.

No er også krona svakare, import av varer dyrare og lønskostnadane større.

Gjer de noko for å dekke inn desse kostnadane? Blir det dyrare for folk å handle på apoteket?

– Ikkje spesielt dyrare enn i mange andre bransjar, seier Soldal.

Kommunikasjonssjef i Apotekforeningen, Jostein Soldal

Jostein Soldal er kommunikasjonssjef i Apotekforeningen.

Foto: Stian Gregersen

Soldal seier reseptbelagde legemiddel utgjer den største varegruppa hos apoteka, men at det er lite pengar å tene på desse varene. Prisane er bestemte av legemiddelverket.

– Derfor må vi forsøke å auke inntektene på andre område, enten ved å setje opp prisane eller selje nye og andre produkt, seier han, og trekk fram at apoteka er privateigde og må tene pengar.

Les også Psykolog mener vi må sette lavere terskel for å være hjemme med sykdom

Psykolog Sidsel Fjelltun

Omsorg og kvile

FHI har gode råd til korleis ein best pleiar influensasjuke, utan at andre i heimen blir smitta. God handvask med vatn og såpe er noko av det viktigaste ein kan gjere for å ikkje bli sjuk.

På Apotek 1 slår Zaynab Abba inn både smertestillande og febernedsettande, samtidig som ho delar ut gode råd til dei som mistenker forkjøling, influensa eller korona.

– Ein må prøve å gi seg sjølv omsorg, slappe av og ikkje belaste seg sjølv. Det er veldig viktig. Samtidig må ein kjenne etter på symptoma og finne ut kva det er behov for, seier ho.

Les også Så mange smertestillende tar hvert fjerde barn i året

AKTUELT NÅ