Hopp til innhold

Høgreekstremistar vert stadig færre og eldre

– Dagens ungdom er meir fargeblinde, seier ekstremismeforskar. Deltakarane i dei høgreekstreme miljøa vert stadig eldre, og dei klarer ikkje lengre å engasjere ungdom, syner ny rapport.

DEMONSTRASJON

Høgreekstremistane vart stadig eldre og meir åleine syner ny rapport. Her frå ei markering på Egertorget i Oslo i 2009, der Arne Tumyr, tidlegare leiar av Stopp Islamiseringen av Norge (SIAN) og Øyvind Heian, leiar av det tidlegare høgreekstreme partiet Norgespatriotene, vart møtt av motdemonstrantar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Dei som veks opp i dag veks opp i eit fargerikt fellesskap. Det var meir framandfrykt før, og dagens ungdom generaliserer ikkje på same måte som før. Den framandfrykta som finst i dag er gjerne blant eldre menneske.

DEMO KNIV

På 90-talet var det høgreekstreme miljøet langt meir aktivt. Her frå ein konfrontasjon i 1997 utanfor Blitz-huset i Oslo sentrum.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

Det seier ekstremistforskar Tore Bjørgo, som leiar C-REX, Senter for ekstremismeforskning. Han er ein av dei som står bak rapporten «Høyreekstremisme i Norge: Utviklingstrekk, konspirasjonsteorier og forebyggingsstrategier».

Frå gata til data

Gjennom 30 år har Bjørgo følgt det høgreekstreme miljøet, og i tillegg til alder på dei involverte har han også sett ei anna tydeleg utvikling: Miljøet har flytta seg frå gata til data.

– Problemet har endra seg. Dataaktiviteten gjer det lettare for folk å finne meiningsfeller, og det oppstår ekkokammer. Det blir færre valdelege konfrontasjonar, men meir hatefulle ytringar av slikt, seier Bjørgo.

Tore Bjørgo

Ekstremismeforskar Tore Bjørgo var ekspertvitne under 22. juli-rettssaken, og er no ein av forskarane bak ein fersk rapport om høgreekstremisme i Europa.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Frykt blant politikarar

Tore Bjørgo ser på høgreekstremismen på internett som eit demokratisk problem.

– Me gjorde nettopp ein studie blant stortingspolitikarar. 40 prosent av toppolitikarane har fått alvorlege trugslar, og rundt ti prosent vurderer å trekke seg frå politikken. Mens andre seier dei ikkje involverer seg i kontroversielle tema fordi dei er redde for konsekvensane. Me ser også mykje hat retta mot ungdomspolitikarar. Alt dette er eit problem for demokratiet, seier Bjørgo.

Rapporten som vert lansert i dag kjem etter ein initiativ frå Justis- og beredskapsedepertementet som ville ha meir og ferskare informasjon om miljøet etter terrorangrepa 22. juli. Den tek også for seg konspirasjonsteoriar, noko som var det som motiverte gjerningsmannen bak angrepa i Regjeringskvartalet og på Utøya.

– Det er mange i dei ekstreme miljøa som trur på konspirasjonsteorien om eit Eurabia – at muslimar og politikarar i Vesten samarbeide om ein islamistisk maktovertaking i Europa. Dette er ikkje fullstendige teoriar, men meir hatprat. I verste fall kan slike konspirasjonsteoriar bikke over i ekstremisme, slik Anders Behring Breivik gjorde 22. juli, seier Bjørgo.

Høyrekstreme marsjerer i Kristiansand lørdag

Marsjen i Kristiansand, der eit titals medlem i Den nordiske motstandsbevegelsen deltok, fekk mykje merksemd. Ein stor del av deltakarane var frå Sverige.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Må stanse muslimhat

Bjørgo fortel om den same utviklinga ute i Europa – at talet på ekstremistar er på veg ned, at dei er stadig eldre, og at dei har flytta seg over frå gata til data.

– Det er ein tydeleg nedadgåande tendens. Miljøet hadde ein topp på byrjinga av 90-talet, og det var kanskje ei lita auke i høgreekstremisme rundt den såkalla flyktningkrisa, særskild i Tyskland. Men hovudtendensen har gått ned, fortel Bjørgo.

Forskaren etterlyser ein handlingsplan mot islamofobi, slik det allereie finst mot antisemittisme. Han meiner Noreg er flinke til å slå ned på jødehat, men at ein ikkje er like flink til å slå ned på muslimhat.

– Me ser at slikt hat kan føre til radikalisering blant muslimar som føler seg utstøytte og hata. Det kan i verste fall bidra til ekstremisme. Det kan også bidra til å skape ei generell kjensle av å ikkje høyre til i samfunnet, seier Bjørgo som likevel understreker at integreringa i all hovudsak fungerer bra.

AKTUELT NÅ