Hopp til innhold

Stortinget vil betale ned det ulovlege lånet til NSM – forhasta, meiner jusprofessor

Fleirtalet på Stortinget seier at justisministeren kan betale ned det ulovlege lånet til NSM. Jusprofessorar er ikkje overtydde om at det er nødvendig.

Bygget der Nasjonal Sikkerhetsmyndighet leier lokaler på Fornebu.

Lokala der NSM leiger. I samband med leigeavtalen tok dei også opp eit privat lån på 200 millionar kroner hos utleigaren.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Fredag gjekk Sofie Nystrøm av som direktør for Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) etter at etaten tok opp eit privat lån på 200 millionar kroner i samband med ein leigeavtale.

Justisdepartementet har sendt ei sak til Stortinget der dei ber om ei ekstraløyving på for å løyse inn lånet.

Måndag gir Høgre grønt lys for å gi desse pengane.

– Det er ingen grunn til at fellesskapet skal betale på eit lån med høge renter, som i utgangspunktet ikkje burde ha vore teke opp. Vi kjem til å støtte å gi pengane, så vi blir kvitt dette lånet, seier finanspolitisk talsperson Tina Bru.

Tina Bru

Tina Bru og Høgre er med på å sikre fleirtal for ei ekstraløyving til NSM.

Foto: William Jobling / NRK

Også SV er villige til å løyve pengane som skal til for å få sletta avtalen.

– Vi meiner det er fornuftig å rydde opp i dette økonomiske rotet. Vi må ro båten til land før vi finn ut kvifor han tek inn vatn. Her er det viktig at vi ryddar opp før vi går djupt inn i saka, seier finanspolitisk talsperson Andreas Sjalg Unneland.

Andreas Sjalg Unneland

Andreas Sjalg Unneland (SV) vil slette NSM-lånet for å få arbeidsro til å granske saka.

Foto: Rune Hansen

Med Høgre og SV på laget er det fleirtal for å betale ned lånet NSM sitt lån på 200 millionar.

Det var VG som først omtalte semja på Stortinget.

Kritisk til framdrifta

Men jusprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo (UiO) er kritisk til det han opplever som hastverk frå regjeringa.

Dette lånet manglar sidestykke i noregshistoria, og Stortinget må ikkje forhasta seg. Her må vi først få klare svar, seier han til NRK.

Han meiner det er uheldig om denne saka får ei rask avslutning utan at dei rettslege og faktiske sidene er avklarte. Blant anna er det ikkje avklart om låneavtalen er jurdisk bindande.

Portrettbilde av advokat Mads Andenæs.

Jusprofessor Mads Andenæs, Universitetet i Oslo.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Blant dei som stiller seg dette spørsmålet er jusprofessor Geir Woxholth ved UiO.

Utan at eg veit nok om saka til å kunne svare sikkert, er eg omgåande på ingen måte overtydd om at denne låneavtalen er bindande for staten, skreiv han Facebook fredag.

Dersom låneavtalen ikkje er juridisk bindande, betyr det at staten ikkje nødvendigvis er forplikta til å betale ut lånet.

Les også Varslingsbrev viser misnøye med NSM-ledelsen

Sofie Nystrøm

Foreslår å fryse lånet

Grunnen til at lånet blir rekna som ulovleg er at det ikkje er behandla av Stortinget, som er dei som løyver pengane som går til offentlege etatar. Dette er eit brot på både budsjett- og økonomireglane på Stortinget, og i strid med Grunnlova.

Andenæs meiner det hadde vore betre om lånet hadde blitt fryst inntil situasjonen blei meir avklart.

– Forma denne avtalen kan ha fått, tyder på brot og omgåing av ei rekke reglar. Dette kan få konsekvensar for om det er mogeleg å krevje pengane tilbake. Det må bli nøye greidd ut og avklart før noko blir betalt til dette selskapet.

Johan Giertsen

Jusprofessor Johan Giertsen, Universitetet i Bergen.

Foto: NRK Brennpunkt

Det er jusprofessor Johan Giertsen ved Universitetet i Bergen samd i at frysing av lånet kunne ha vore ei mellombels løysing.

– Staten og lånegjevar har avtalefridom. Så dei kunne blitt samde om å fryse avtalen til dei hadde fått alle fakta på bordet, og så avgjere korleis oppgjeret skal vere, seier han.

Skal granske

Det er justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) som er ansvarleg statsråd for denne saka. Ho varsla allereie på fredag at ho ville ha ekstern gransking av det som har skjedd.

Granskinga skal blant anna sjå på dei avtalerettslege sidene ved avtalen. I tillegg skal ho vurdere arbeidet Justis- og beredskapsdepartementet og fleire andre departement har gjort.

Les også Varsler gjennomgang: – Kan ha flere berøringspunkter

NSM-direktør fratrer med umiddelbar virkning

Stortinget har også bede Mehl kome med ei orientering, helst før jul. Men det er for tidleg å seie noko om kva tillit opposisjonen har til ministeren, seier stortingsrepresentant Hans Andreas Limi (Frp) i finanskomiteen.

– Det er justisministeren som har ansvaret. Difor har vi bede om meir informasjon. Stortinget må få oversikt over kva som har skjedd.

Heller ikkje Bru vil seie noko om dei politiske konsekvensane denne saka kan få.

– Det er ingen tvil om at Mehl har ansvaret. Men det er for tidleg å seie noko om konsekvensar. Vi må ha ei ekstern gransking før vi kan konkludere på eit slikt spørsmål.

Les også Riksrevisjonen skal sjå på revisjonen av NSM på nytt

Siri Bentserud Wingerei

Skal granske tilbake i tid

Det er førebels ikkje kjent kven som skal sitte i granskingsutvalet. Men dei som skal granske, skal også gå ti år bakover i tid.

Det vil seie at også førre regjering blir gått etter i saumane.

– Eg kan ikkje utelukke at dette kan ha skjedd i vår tid, men det skal ikkje skje. Regjeringa seier dei vil undersøke ti år tilbake i tid. Eg ser fram til denne granskinga, og til å kome til botn i å finne ut korleis dette kunne skje, seier Bru.

Men det at granskinga skal omfatte fleire departement og regjeringar over eit lengre tidsrom, gjer at det er Stortinget som burde sette ned eit granskingsutval, og ikkje regjeringa, seier Giertsen.

– Justisministeren burde ikkje sette ned eit utval som kan kome med kritikk mot hennar eige departement. Det er fleire departement involvert, det er snakk om store summar og kanskje eit langt tidsrom. Dette vil ta tid, seier han.

AKTUELT NÅ