Hopp til innhold

Avgått NSM-sjef til VG: Hevdar dei la fram avtale for departementet

Direktør for Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sofie Nystrøm, går av på grunn av ein ulovleg låneavtale på 200 millionar kroner. Jusprofessor Mads Andenæs seier justisministeren ikkje kan halde fram.

Emilie Enger Mehl på veg inn til pressekonferanse i forbindelse med at NSM-direktør Sofie Nystrøm

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) informerte pressa om NSM-direktørens avgang fredag.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Tidlegare NSM-sjef Sofie Nystrøm seier dei allereie i mai 2022 informerte Justisdepartementet om at dei ville inngå ein avtale med såkalla «innebygd finansiering».

I ein e-post til VG skriv Sofie Nystrøm at departementet vart orientert i mai 2022 om at NSM ville inngå ein «leigeavtale med innebygd finansiering».

– Fekk ikkje merknader

– Bakgrunnen for at me inngjekk ein leigeavtale med innebygd finansiering, var for å finansiera kritiske tryggingsfasilitetar ved det nye kontoret vårt på Fornebu, og dessutan finansiering av kritisk infrastruktur for å framleis kunna drifta og ha ein tilfredsstillande tryggleik rundt den digitale handteringa vår av hemmeleg informasjon, opplyser ho.

– Ein leigeavtale med slik innebygd finansiering har vore presentert for Justisdepartementet og deretter Kommunal- og distriktsdepartementet, og me fekk ikkje merknader på dette, legg Nystrøm til.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) svarer til same avis at departementet ikkje oppfatta det som vart lagt fram som eit privat lån. I staden oppfatta dei det som utgifter som skulle bakast inn i leiga innanfor budsjettet NSM allereie hadde, ikkje som eit eige lån NSM ville ta opp.

– Me kan ikkje sjå at det kom fram i leigeavtaleutkastet at det var snakk om eit privat lån som er ulovleg og me ikkje kjenner til har skjedd under noko departement før. Men me vil gå gjennom rutinane til departementet og sjå på rolla vår her, seier Mehl.

Brot på gjeldande lover

Lånet er eit brot på gjeldande lover og regelverk. Det er blant anna i strid med sentrale punkt i budsjett- og økonomiregelverket.

– Låneavtalane er ulovlege og det er gjort alvorlege feil. Vi samarbeider no med Forsvarsdepartementet for å kartlegge saka, sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) på ein pressekonferanse fredag.

Ho seier det er viktig for regjeringa å få fram alle sider av saka.

Det var NSM-direktør Sofie Nystrøm som sjølv bad om å få gå etter at den ulovlege avtalen blei kjent.

– Det meiner eg var ei rett avgjersle, seier ho.

– Vanskeleg å kjenne meg igjen

Regjeringa har sett inn ei mellombels leiing for NSM som skal gjennomføre naudsynte tiltak og at samfunnsansvaret til etaten blir teke vare på.

Kjetil Nilsen, som var leiar for NSM frå 2009 til 2021, har vanskeleg for å tru at ein slik avtale blei inngått da han var leiar.

Sikkerhetsrisiko

Tidlegare leiar for NSM Kjetil Nilsen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg har rett og slett vanskeleg for å kjenne meg igjen i det. Slik eg huskar det, var det heilt regulære avtalar, seie Nilsen til NRK.

– Eg har ingen erindringar om anna enn det. Eg registrerer at ein vil gå gjennom dei tidlegare avtalane på nytt, det ser eg fram til.

Nilsen, som nå er tilsett i Forsvarsdepartementet som rådgivar, ønskjer ikkje å kommentere saka som verserer nå.

– Kan ikkje skjønne at ho skal vere justisminister

Jusprofessor ved Universitetet i Oslo, Mads Andenæs, meiner justisministeren ikkje kan halde fram.

– Eg kan ikkje forstå korleis justisministeren skal overleve dette. Eg skjønner godt at dei på Stortinget vil fremje mistillitsforslag, men eg kan ikkje skjønne at ho skal vere justisminister om nokre månader, seier Andenæs til NRK.

Portrettbilde av advokat Mads Andenæs.

Jusprofessor Mads Andenæs

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

– Kvifor kan ikkje justisministeren halde fram?

– Fordi ho har ansvar for dei svært grove regelbrota på ansvarsområdet til departementet hennar.

– NSM er ikkje eit kva som helst forvaltningsorgan. Det er eit forvaltningsorgan som har behov for særleg tillit.

Justisminister Emilie Enger Mehl seier til NRK at det ikkje er ho som vurderer tilliten sin, men at det er statsministeren.

Høgre: – Soleklart brot

Stortingsrepresentant for Venstre og medlem i justiskomiteen Ingvild Wetrhus Thorsvik seier dette er ei alvorleg sak, og at det var heilt rett av Nystrøm å gå av.

Ho meiner det er ufatteleg at NSM kunne ta opp eit ulovleg lån.

– Saka reiser mange spørsmål om kor stor kontroll departementet har på sine underliggande etatar.

Ingvild Wetrhus Thorsvik

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V)

Foto: Per Kåre Sandbakk

Ho meiner det er naturleg at dette blir ei sak for Stortinget.

– Her er det mange spørsmål Stortinget må få svar på. Og eg ser ikkje bort frå at dette kan bli ei sak for kontrollkomiteen.

Det stadfestar også leiaren for kontroll- og konstitusjonskomiteen Peter Frølich (H). Han seier dette er eit soleklart brot på Grunnlovas reglar for kven som kan pådra staten gjeld.

– Kontrollkomiteens oppgåve er å kontrollere at staten blir styrt korrekt, og at reglane blir følgde. Det er difor naturleg at dette hamnar på bordet vårt.

Men han seier at dei vil vente på granskinga før dei avgjer om nokon bør bli haldne konstitusjonelt ansvarlege for regelbrotet.

Åpen høring på Stortinget om 25. juni-rapporten. Peter Frølich (H) er saksordfører.

Peter Frølich (H)

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Jusprofessor overraska

Ingen offentlege instansar kan ta opp lån på vegner av staten, seier jusprofessor Mads Andenæs.

– Det er så ufatteleg at eg blir opprørt, seier han til NRK.

Han seier han har følgd NSM over tid, og har vore uroa over den manglande evna dei har vist til å følge reglar i forvaltinga nøye. Men det som kjem fram no, er på eit heilt anna nivå, seier han.

– Alle veit at ein ikkje har myndigheit til å ta opp lån. Juristar, banktilsette og rådgjevarar veit dette. Dette er strengt regulert i dei fleste land. Med så store beløp må juristar bli involvert.

Han seier han er svært uroleg for det som har kome fram, og meiner dette er ei politisak.

– Eg er så overraska at eg ikkje har ord. Her er vi inne på strafferett. Økokrim må på bana.

Han meiner det er fleire spørsmål som no må bli avklart når regjeringa no går gjennom saka. Blant anna må dei undersøke om låneavtalen var gyldig, sidan NSM ikkje har mynde til å skrive under på ein slik avtale sjølv.

Han meiner at også utleigar og lånegjevar kan ha eit strafferettsleg ansvar i saka.

– Private som driv med eigedom og leiger ut til det offentlege er ikkje uvitande om reglane om kven som kan underteikne for offentlege instansar og avgrensingane som gjeld her. Det er klare reglar for det.

Sjef for Økokrim, Pål Lønseth seier økokrim følgjer saka tett.

– Økokrim var ikkje kjend med denne saka før dette kom fram i media i dag, seie Lønseth.

Lån knytt til leigeavtale

NSM skal ha teke opp lånet på 200 millionar kroner i samband med at dei flytta inn i nye lokale på Fornebu.

Lånet skal ifølge justisministeren ha svært ugunstige vilkår, blant anna med rente på 10 prosent.

Administrerande direktør Bent Oustad i eigedomsselskapet Norwegian Property stadfestar overfor NRK at dei har ein leigeavtale med NSM.

– Som ved alle leigeavtalar, gjer vi ei vurdering av kreditten også. Dersom det er ein leigeavtale med den norske staten, er vi ikkje så veldig uroa for kreditten.

Når det gjeld det Andenæs seier om at også Norwegian Property kan ha eit strafferettsleg ansvar, tek dei det til etterretning. Oustad seier også at dei treng meir tid til å sette seg grundigare inn i saka, og viser vidare til Justisdepartementet om vidare spørsmål i saka.

NSM leiger 12.000 kvadratmeter av selskapet på Fornebu. Då kontrakten blei gått inn i 2020, sa Oustad til Eiendomswatch at dette var ei viktig kontrakt for dei.

Snarøyveien 36

Lokala NSM leiger er i dette bygget på Fornebu.

Foto: Norwegian property

Ifølge justisministeren er Norwegian Property også långjevaren.

Regjeringa går no i gang med å gå gjennom låneavtalen og forholda rundt denne. Dei skal også gå gjennom rutinane ved Justisdepartementet.

– Vi har instruert NSM om å stoppe alle utbetalingar til låneavtalen. Justisdepartementet har også gått i dialog med lånegjevaren, sa Mehl på pressekonferansen fredag.

Nystrøm: – Mitt ansvar

Sofie Nystrøm har fredag ikkje vore tilgjengeleg for intervju med NRK, men har svart på spørsmål på e-post.

Ho seier ho ikkje vil gå inn på når ho blei klar over at lånet dei hadde teke opp var ulovleg.

– Då eg blei klar over regelbrotet, sette i verk eg umiddelbart undersøkingar og tiltak for å korrigere.

Er du kjent med at NSM har teke opp lån tidlegare?

– Eg har fått informasjon om at NSM har hatt denne typen låneavtalar sidan 2014, og NSM har ved fleire høve vore i dialog med departementet i forkant av inngåinga av avtalen.

Nasjonal sikkerhetsmyndighets rapport sikkerhetsfaglige råd

Sofie Nystrøm seier ho tek ansvaret for dei regelbrota NSM har gjort, og går på dagen.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Ho seier lånet blei teke opp for å sikre kritisk infrastruktur, og at det var eit ønske om å samle så mange som mogleg av dei tilsette på Fornebu. Nystrøm seier at avtalen blei gjort både med tanke på beredskap og økonomi.

– Vi har flytta til lokale med lågare kvadratmeterpris enn i sentrum. Leigeavtalen vil over tid vere kostnadssparande. Men det har vore naudsynt å gjere investeringar i tryggingstiltak fordi vi handterer hemmeleg og kritisk informasjon.

Ho beklagar det som har skjedd.

– Det er alvorlege regelbrot, og eg tek det heile og fulle ansvaret for dei.

AKTUELT NÅ