Høgre ber Hansen leggje alle korta på bordet

Det bles no opp til hauststorm rundt stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) etter at ho braut reglane for pendlarbustad. Stortinget er delt i om dei framleis har tillit til Hansen, og krev svar frå ho. – Det er viktig at ho legg alle korta på bordet, seier Høgre.

Henrik Asheim, Arbeids-og sosialminister.

Henrik Asheim seier at Høgre ikkje har eit grunnlag for å ta stilling til spørsmålet om mistillit no, men oppfordrar Hansen til å leggje alle korta på bordet.

Parlamentarisk nestleiar i Høgre, Henrik Asheim, seier til NRK at det no er viktig at stortingspresidenten «legg alle korta på bordet, stiller opp i media og svarar på dei spørsmåla som blir stilt».

– Vi har ikkje noko grunnlag for å ta stilling til spørsmålet om tillit no, seier han.

Han meiner det er uheldig at Hansen, som har tatt på seg ansvaret for å rydde opp i reglane rundt pendlarbustadar, no sjølv må beklage for å ha brote dei.

– Då Stortinget opna i haust var presidenten tydeleg på at Stortinget må rydda opp i regelverket. Det er viktig at det blir gjort på ein måte som er transparent og skapar tillit, seier Asheim.

Tysdag kveld melde Adresseavisen at Hansen leigde hybel hos Trond Giske og fekk pendlarbustad. Samstundes eigde ho hus med ektemannen 29 km unna Stortinget på Ski i Akershus.

Stortingspresidenten har så langt takka nei til å kommentere saka til NRK, men ho svarar Adresseavisen i ein e-post tysdag.

– Fleire representantar har denne hausten vorte klar over at dei har misforstått regelverket knytt til pendlarbustader. Eg er dessverre blant dei. Eg kan ikkje anna enn å beklage at eg ikkje sørgde for å sjekke dette grundig, skreiv Hansen i e-posten.

Kontrollkomiteen holder åpen høring om trygdeskandalen

Stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) seier ho har misforstått regelverket knytt til pendlarbustader.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Inga særbehandling

Stortingets direktør Marianne Andreassen seier at det ikkje er snakk om særbehandling av saka til Eva Kristin Hansen.

Ho forklarer at administrasjonen har hatt den same tilnærminga på alle sakene som har komme fram denne hausten. Dei vil ikkje følge opp disse tidlegare tildelingane av pendlerbolig, ettersom sakene ligg tilbake i tid.

– Ut frå det regelverket som ligg føre og de forklaringane som er gitt, har vi vurdert at vi ikkje har noko grunnlag for å sette i verk reaksjonar overfor representantane som det gjeld, skriv Andreassen i ein e-post til NRK.

Stortingets direktør Marianne Andreassen

Stortingets direktør Marianne Andreassen seier at det ikkje blir særbehandling av saka til Eva Kristin Hansen.

Foto: Torstein Boe / Torstein Boe

Ho forklarer at utvalet som skal gjennomgå pendlarbustadordninga ikkje har som mandat å granske enkelttilfelle bakover i tid. De skal gjere ein ekstern gjennomgang av reglene for ordninga.

– Formålet er å sikre at regelverket er best mogeleg i samsvar med intensjonen bak ordninga, seier Andreassen.

Listhaug: – Bør vurdere stillinga si

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier til NRK at Hansen no bør vurdere stillinga si, og «kjenne og føle på» om ho meiner ho er den rette til å vere stortingspresident når ein har ei slik sak gåande.

– For det er klart at det vil ha stor innverknad på tilliten til Stortinget, seier Listhaug.

Frp-leiaren seier også at Hansen bør gi ei utgreiing om saka i Stortinget.

– Ho er stortingspresident og landet sin nummer to, seier Frp-leiaren.

Listhaug vil likevel ikkje krevje at Hansen går av no.

– Vår gruppe er heilt tydeleg på at ho i første runde bør vurdere stillinga si. Vi ønsker også å kalle ho inn til Stortinget for å gi ein utgreiing av saka, seier Listhaug.

Pendlerleilighet

Hansen var folkeregistrert på eit rom i Trond Giskes leilegheit i Trondheim i seks av åra ho hadde tilgang på gratis pendlarleilegheit i Oslo.

Foto: Johannes Børstad/NRK

På spørsmål om Eva Kristin Hansen kan delta i arbeidet som presidentskapen har innleia med å sjå på regelverket knytt til blant anna pendlarbustader, svarer Listhaug at «det er også eit spørsmål vi må komme tilbake til».

– Når stortingspresidenten ikkje har følgt regelverket, og samstundes står i spissen for å rydde opp i det regelverket, så er det litt problematisk, seier Listhaug.

Frp-leiaren seier at dei under ei eventuell utgreiing blant anna ønsker å vite om Hansen var kjent med at ho braut regelverket allereie då ho tiltredde som stortingspresident.

I så fall er det veldig rart at ho ikkje har gitt beskjed om det, seier Listhaug.

Sylvi Listhaug (Frp)

Eva Kristin Hansen bør vurdere stillinga si etter at blei kjent at ho braut reglane for pendlarbustad, meiner Sylvi Listhaug.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ap og Sp har framleis tillit

Til NTB seier parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet, Rigmor Aasrud, at partiet framleis har tillit til Hansen.

– Ja, det har vi. Men det er ein situasjon der det er viktig at vi får klargjort reglane, seier ho.

Senterpartiet har også framleis tillit til Hansen, og seier dei registrerer at ho har beklaga saka.

– Når det gjeld det pågåande arbeidet med gjennomgang av pendlarbustadordninga så reknar vi med at presidentskapen og Stortinget sin administrasjon vil vurdere den vidare innretninga på dette arbeidet, seier Parlamentarisk leiar i Sp Marit Arnstad.

Hansson krev at ho går av

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) meiner at Hansen må syne at ho forstår ansvaret som følgjer med stillinga som stortingspresident og gå av.

– Vervet som stortingspresident er det nest høgste etter kongen. Der bør vi ha ein som ikkje dreg med seg slike uheldige episodar som denne pendlarbustad-episoden til Eva Kristin Hansen, seier Hansson til NRK.

– Ho seier at ho har misforstått og har beklaga. Held ikkje det?

– Ho har vel ikkje gjort noko meir gale enn andre, men ho sit i landets nest høgste verv. Den som sit der må ta ekstra mykje ansvar og viser at no skal vi ha slutt på den litt lettvinte mistydings-kultur med privilegium på Stortinget. Ho bør vise det med å trekke seg.

Rasmus Hansson i MDG

KREV AT HO GÅR: Rasmus Hansson meiner at regelbrota til Eva Kristin Hansen er så alvorlege at ho må trekke seg som stortingspresident.

Foto: Hallvard Norum / NRK

Krev informasjon

Nestleiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen, krev at Hansen legg fram ei grundig forklaring på kva som skjedde rundt pendlinga.

Som stortingspresident har Eva Kristin Hansen varsla at opprydding i bustadordningane og gjenoppretting av tilliten til politikarane er ein av dei viktigaste oppgåvene ho har.

– Vi må få informasjon på bordet, det er stortingspresidenten som skal rydde opp no. Då treng vi å vite korleis stortingspresidenten har agert i denne situasjonen, seier Martinussen.

VIL VURDERE: Marie Sneve Martinussen (t.v.) er nestleiar i Raudt. Ho krev no at stortingspresident Eva Kristin Hansen legg fram ei open forklaring på kvifor ho ikke har fulgt pendlarreglane til Stortinget.

Marie Sneve Martinussen er nestleiar i Raudt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Siv Sandvik, som er politisk redaktør i Adresseavisen, meiner at det som har skjedd vitnar om mangel på forståing på kva som skal til for å atterreise tilliten til stortingspolitikarane.

– Men det som nesten er vanskelegare å forstå, er at ho ikkje har sørga for å rydde opp i etterkant, skriv Sandvik i ein kommentarartikkel.

Budde hos Giske

Bakgrunnen for at Eva Kristin Hansen no er i hardt vær er følgjande:

  • Hansen var folkeregistrert på eit rom i Trond Giskes leilegheit i Trondheim i seks av åra ho hadde tilgang på gratis pendlarleilegheit i Oslo. Dette stadfestar stortingspresidenten til avisa.
  • Ho skal òg ha behalde denne adressa etter at ho kjøpte eit hus i Ski, som låg 11 kilometer for nært Stortinget til å utløyse pendlarbustad.
  • Tre år etter kjøpet i 2014 melde ho flytting til Ski – og sa opp pendlarbustaden i Oslo. Med dette har Hansen hatt gratis pendlarbustad i 12 år.

– Ho hadde spart mykje viss ho hadde late Stortinget betale hotell og diett på dei politiske oppdraga sine i Trondheim, men ho betalte i staden sjølv for bustad både i Trondheim og Ski frå 2014, skreiv Trond Giske i ei tekstmelding til NRK tysdag.

– Behov for regelendring

Stortingspresidenten er ikkje den første som har misforstått reglane rundt pendlarbustad. I september gjekk KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad av.

Han hadde pendlarleilegheit på Stortingets rekning frå 2010 til 2019. Hansen seier ho ikkje var klar over at ho ikkje følgde reglane.

– Sett i ettertid, ser eg at administrasjonen skulle hatt informasjon om bustaden i Nordre Follo, skriv Hansen i ein e-post til avisa.

Ho meiner dette viser at det er behov for ei endring av reglane, slik at desse ikkje er til å misforstå.

Stortinget sin administrasjon vil ikkje gjere noko vidare med saka til stortingspresidenten.

SISTE NYTT

Siste meldinger