Hopp til innhold

Hydro opna hall som har stått stengd i 11 år – no får fleire unge ny jobb

HUSNES (NRK): Finanskrisa stengde halve fabrikken. Midt under koronakrisa opnar den igjen – og lokalsamfunnet får nesten 100 nye arbeidsplassar.

Prosessoperatørane John Morten Saghaug (t.v.) og Eirik Eikli Solbu ved Hydro Husnes.

RINGREV OG NYTILSETT: John Morten Saghaug (t.v.) har jobba 30 gonger lenger ved Hydro Husnes enn Eirik Eikli Solbu ved Hydro Husnes.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Me er letta og glade og ser lyst på framtida. Det kjennest veldig mykje tryggare no.

Det seier Rannveig Skogseth. Ho er prosessoperatør ved aluminiumsverket Hydro Husnes i Kvinnherad kommune.

Fabrikken har to enorme hallar med til saman 400 omnar. Den eine hallen vart stengt ned i 2009, på grunn av den internasjonale finanskrisa.

Etter over elleve år med kalde omnar opnar Hydro no opp att den eine hallen som har vore stengd.

Opninga gjev nesten 100 nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet i Kvinnherad sør i Vestland.

Mange unge har no fått fast jobb på grunn av oppstarten av B-hallen.

Fleire kvinner på jobb

Ein av dei nytilsette er 22-åringen Eirik Eikli Solbu frå Trøndelag.

– Det er snille folk her og ein fin gjeng på skiftet som har tatt godt i mot meg.

Den nye given på Husnes har mellom anna gitt jobb til folk i Høyanger som nyleg mista jobben då Nyrstar la ned fabrikken der.

Arbeidere i oransje drakter jubler i stor industrihall med aluminiumsovner på begge sider

JUBEL: Tilsette, konsernet og lokalsamfunnet jublar over at den andre halvdelen av aluminiumsfabrikken Hydro Husnes blir gjenopna, og produksjonen blir meir enn dobla.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Rannveig Storseth helsar dei nye kollegaene velkommen

– Det er utruleg kjekt med nye fjes. Me merkar at dei nye kjem inn med nye auge. Ein del rutinar me har hatt i mange år har blitt endra no fordi dei ser forbetringar og forenklingar ein kan gjera.

Ho har jobba på fabrikken fast sidan 2002.

– Dette har me venta forferdeleg lenge på. Nesten kvart år har me håpa på oppstart, så dette er stort.

Og ho er nøgd med at kvinneandelen no aukar til 20 prosent.

– Det merkar eg i garderoben. Og det er vel ikkje nokon ting her som me ikkje gjer minst like bra som menn.

Prosessoperatør Rannveig Skogseth på Hydro Husnes.

LETTA OG GLAD: – Veldig kjekt med mange nye fjes og endeleg full drift igjen, meiner prosessoperatør Rannveig Skogseth.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Ein milepæl

Eigentleg skulle alt dette skjedd i vår. Men det vart utsett på grunn av ei anna krise: koronapandemien.

– Dette er ein milepæl. Restarten av B-hallen har ikkje berre stor tyding for konsernet, men også for lokalsamfunnet i Kvinnherad, seier konserndirektør Eivind Kallevik i Hydro.

– Ein veldig kjekk dag å vera med på. Alt gjekk kjempefint. Folk kom inn her med nevane i vêret fordi dette var så gøy. Veldig spesielt å få vera med på, seier Rannveig Skogseth.

– Herleg

Håpet vart for alvor tent då Hydro i 2017 avgjorde ei storinvestering for å gjenopna hallen. Tre år og 1,5 milliardar kroner seinare skjer det.

– Det var mykje glede og kjensler blant alle tilsette. Det var herleg sjå B-hallen i gong igjen, seier fabrikksjef Johan Berg.

Prosessoperatør Geir Dolonen-Marthinussen, som har jobba der sidan 1988, er meir sindig.

– Stemninga er veldig bra, men eg hadde ikkje så veldig euforisk kjensle, eigentleg. Den største gleda var at me hadde planlagt så godt at oppstarten gjekk bra, utan skader eller uhell.

Hydro sitt anlegg på Husnes

HJØRNESTEIN: Aluminiumsverket Hydro Husnes er den viktigaste arbeidsplassen i Kvinnherad kommune.

Foto: Jostein Røstbø / Wikimedia

Doblar produksjonen

Men å fyra opp eit halvt aluminiumsverk er ikkje gjort i ei handvending.

– Me kjem til å starta 5–10 omnar per veke. Oppstarten vil ta 5–6 månadar før me er i full produksjon att, seier Berg.

Når alle dei 200 elektrolysecellene i B-hallen er starta opp, vil fabrikken dobla kapasiteten til kring 195.000 tonn aluminium i året.

Metallverket på Husnes gjekk 98 millionar i underskot i tredje kvartal. Dette skuldast oppstartskostnadar av ny hall og lågare metallprisar grunna låg etterspurnad under koronapandemien.

No er fabrikksjefen optimistisk.

– Fordi marknaden har betra seg, og fordi den norske regjeringa fullt ut vil bruka EU sine nye retningslinjer for CO₂-kompensasjon for perioden 2021-2030, forklarer han.

Ros frå Erna

Og gratulasjonane kjem no også frå regjeringa.

– Det som blir skapt på Hydro Husnes er eit viktig bedrag til velferda i Noreg, og til det grøne skiftet, seier statsminister Erna Solberg.

Johan Berg, fabrikksjef Hydro Husnes

OPTIMIST: Fabrikksjef Johan Berg trur på gode tider når Hydro Husnes skal dobla produksjonen midt i koronakrisa.

Foto: Tale Hauso / NRK

Med dobla produksjon meiner Berg verksemda blir mykje meir robust og konkurransedyktig i den globale aluminiumsmarknaden.

– Me har også investert for å oppgradera støyperiet vårt, for å kunna produsera meir spesialiserte, smidde aluminiumsdelar for bilindustrien. Så no blir det høgdepunkt på rekke og rad framover, seier han.

Han får følge av prosessoperatør John Morten Saghaug, som har jobba der i over 30 år.

– Det var jo ein nedtur då dei stengde B-hallen i 2009. Det var ikkje kjempegreier. Me sleit oss gjennom ei nedkopling. Det skulle berre vera midlertidig, sa dei. Det er tragisk at det gjekk nesten tolv år, men no er den endeleg i gong.