Hopp til innhold

– Ikkje grunnlag for ytterlegare «tortur»

Den 37 år gamle mannen frå Ålesund som er sikta i Sigrid-saka skal sitje i isolasjon i ytterlegare to veker. Det er tortur, meiner forsvarar John Christian Elden.

John Christian Elden

Forsvarar John Christian Elden snakkar med pressen etter fengslingsmøtet for dei sikta i Sigrid-saka i Oslo tingrett torsdag.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Oslo tingrett har bestemt at 37-åringen framleis skal haldast i isolasjon, men ikkje ut over 1. november.

Det er faren for tap av bevis som blir lagt til grunn for ytterlegare isolasjon.

Den sikta skal ha forbod mot aviser og kringkasting, men han kan få tilgang til aviser eller delar av aviser som ikkje handlar om Sigrid-saka.

Den sikta var sjølv ikkje til stades i retten, men sendte onsdag eit skriv til retten der han gjorde det klart at han ikkje samtykka i vidare isolasjon med medieforbod.

– Sjølv om 37-åringen si forklaring ikkje passar med politiet sine teoriar, gir ikkje det grunnlag for ytterlegare tortur. Me meiner difor at nok er nok og at vidare etterforsking må skje utan døgnisolasjon slik han har hatt til no. Det medfører berre at han blir sjukare, og det hjelper ikkje etterforskinga, seier den sikta sin advokat John Christian Elden.

Psykiatrisk historie

Det er godt kjent at den hovudsikta 37-åringen har ein psykiatrisk historie, men retten har vald å ikkje ta omsyn til dette.

«Det ligg føre ingen opplysningar i saka om at fullstendig isolasjon vil vere eit sterkare inngrep ovanfor den sikta enn kva som er normalt i slike saker. På denne bakgrunn finn retten at fullstendig isolasjon i ytterlegare to veker ikkje vil vere eit uforholdsmessig inngrep», heiter det.

(Saka held fram)

Sigrid Kolbotn 4. september

16-årige Sigrid Giskegjerde Schjetne vart funnen drepen den 3. september i eit skogområde på Kolbotn i Oppegård.

Foto: Grethe Kielland Jenssen

Slapp isolasjon

Den andre som er sikta i saka er ein 64 år gamal mann frå Vestby. Når fengslingsfristen for dei går ut 1. november, har begge sete åtte veker i varetekt.

64-åringen fekk lempa på sine soningsforhold tysdag 16. oktober. Då slapp han isolasjon.

Dermed kjem den yngste til å ha sete åtte veker i isolasjon, medan den eldste i seks veker, ved neste berammede fengslingsmøte.

Ankar ikkje

4. oktober vart begge dei sikta fengsla i fire nye veker, der to av dei var i isolasjon. 64-åringen anka rettsavgjerda, men den vart avvist av Borgarting lagmannsrett torsdag 11. oktober.

– Han ankar ikkje rettsavgjerda vidare og går no av isolasjon og medieforbod, seier advokat Aase Karine Sigmond.

Cecilie Gulnes

Politiadvokat Cecilie Gulnes.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Tysdag sa politiadvokat Cecilie Gulnes at det er forskjell på dei to som er sikta for drapet Sigrid Schjetne.

– Vi har god progresjon i etterforskinga mot 64-åringen. Han svarar lett på spørsmål og har sete svært mange timer i avhøyr. 37-åringen er ikkje avhøyrt på langt nær så mange gonger, og det er vanskelegare å få svara ut av han, sa Gulnes til Aftenposten.

AKTUELT NÅ