NRK Meny
Normal

Heftig ulvedebatt: – No pratar du tull

Det var steile frontar i ulvediskusjonen i Debatten på NRK1 i kveld. Bonde og lokalpolitikar Halvor Sveen frå Rendalen var ein av dei som gjekk hardt ut mot regjeringa si avgjerd om ikkje å tillate lisensjakt på ulv.

Det ble høy temperatur i debatten i kveld. Temaet var ulv.

VIDEO: Heftig diskusjon i Debatten.

Sveen var i ei kraftig meiningsutveksling med blant andre jeger, naturvernar og direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen. – No står du og pratar tull, sa Sveen blant anna i den oppheita debatten med Lier-Hansen.

Lier-Hansen argumenterte med at det er mindre rovdyr i Noreg enn i dei fleste andre land, og han viste blant anna til Sverige. Han sa at Sverige har langt fleire ulvar enn Noreg, men at det ikkje var eit problem der.

– Hysterisk reaksjon

Halvor Sveen viste til at det i Värmland (Sverige) i år var fleire stader der det ikkje var elgjakt, og at det var på grunn av at ulven hadde gjort eit stort innhogg i bestanden. Lier-Hansen kalla reaksjonen til Sveen for hysterisk.

Han gjorde også eit poeng av at Sveen er dømt for tjuvjakt.

– I fjor hadde vi eit bestandstal på 33–38 ulvar. Då vi fekk rapporten i år er det snakk om 92–93. Om same utviklinga held fram, så blir talet 150 til neste år, sa ein engasjert Halvor Sveen.

Han tok også eit oppgjer med Nina Jensen frå Verdas villmarksfond (WWF), som han meinte opererer med altfor låge tal på kor mange dyr som blir tekne av ulv. Han viste til tal som seier at 8–10 hundar var tekne av ulv (Osdalsflokken) i nærområdet hans dei siste åra. Han trur talet er langt høgare.

– Manglar i statistikken

– Dei hundane som aldri blir funne att, dei kjem ikkje med i statistikken, sa Sveen blant anna.

Halvor Sveen bur utanfor det området i Hedmark som er definert som ulveområde. Likevel seier han at den såkalla Osdalsflokken skapar store problem for han og andre bønder og jegerar i Rendalen. Han var klar på at denne flokken må takast ut, og han viste til eit stortingsvedtak om lisensjakt på denne flokken.

Debatten i kveld viste tydeleg kor steile frontane er i ulvedebatten. Saka har også ei politisk side. Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, gjekk hardt ut mot klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) for at han på siste arbeidsdagen før jul gjorde om det såkalla rovdyrforliket i Stortinget.

Høgre fryktar masseflukt

Eit anna aspekt er at Høgre i Hedmark fryktar masseflukt frå partiet, og at dei kan risikerer å ikkje bli representerte på Stortinget etter valet til hausten. Førstekandidat på partiet si stortingsliste, Kristian Tonning Riise, sa at det no var heilt naudsynt med eit kompromiss som tek omsyn folkemeininga i Hedmark.

Helgesen viste til at denne endringa vart gjort fordi Noreg har skrive under på den såkalla Bern-avtalen, og at vi såleis er juridisk forplikta til ikkje å drepe meir ulv. Avgjerda vart teken etter råd frå juridisk avdeling i Justisdepartementet, sa han.

Slagsvold Vedum minte Helgesen om at det faktisk er regjeringa som skal rette seg etter vedtak i Stortinget, og ikkje omvendt.

Fleire hundre jegarar var klare til ulvejakt, men regjeringa i Oslo sa nei. 
Då starta bygdeopprøret. Kan menneske og ulv leve saman?
Direktesendt debattprogram med programleder Ingunn Solheim.

VIDEO: Sjå heile debatten her

– Utrygg for barnebarna

Det var også fleire av deltakarane som fortalde korleis det var å leve tett inn på ulven. Øyvind Bæk bur midt i ulvesona i Hedmark og har fleire gonger opplevd at ulven har vore inne på eigedomen hans.

– Vi har barnebarn som leikar hos oss, og det har vore ulv inne i ei barhytte dei brukar. Vi er utrygge, men vi blir sett på som bygdetullingar. Menneske er ikkje førsteval for ulven, men ulven er farleg, spesielt når han misser den naturlege skepsisen til menneske, sa Bæk blant anna.

Han vil ha bort ulvesonene og ha lokal forvalting.

– Det er ikkje snakk om å slakte ned ulven. Vi vil gjerne ha ulv, men vi må få ta ut dei som er farlege. Den einaste grunnen til at menneske ikkje er drepne av ulv, er at ulven har vore borte. No er han tilbake i fullt monn, sa Øyvind Bæk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger