Hopp til innhold

Hauglie: – Det var reell fare for liv og helse

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) innførte i kveld tvungen lønnsnemnd i sjukehusstreiken. – Rapporten frå Helsetilsynet er klar. Det var ein reell fare for liv og helse, seier ho.

Anniken Hauglie om tvungen lønnsnemd i sykehusstreiken etter hastemøte med partene

VIDEO: Anniken Hauglie har innført tvungen lønnsnemnd.

Hauglie fortel at ho fekk rapporten frå Helsetilsynet i ettermiddag. Dei konkluderte med at streiken no gjorde at det var fare for liv og helse, og då hadde ho ikkje noko val.

– Helsetilsynet har hatt tre moment, og det eine er fare for liv og helse. Det var no så stort omfang av behandlingar og konsultasjonar på vent, at situasjonen vil vere alvorleg i ein periode etter at konflikten er avblåst, seier ho.

– Ei samla vurdering

Ho gjer det klart at sjølv om det i dag var ein akutt situasjon på Nordlandssjukehuset i Bodø, så var det ei samla vurdering som førte til tvungen lønnsnemnd.

Arbeidstakarsida, altså legane, har gjort det klart at dei straks vil gå tilbake på jobb. Deretter er det Rikslønns-nemnda som tek konflikten vidare.

Arbeidsministeren kalla inn partane, Akademikarane og Spekter, til eit møte. Dette skjedde kort tid etter at Nordlandssjukehuset i Bodø gjorde det klart at dei ikkje lenger kunne garantere for tryggleiken til pasientane.

Forhandlingsleder for Akedemikerne Rune Frøyland om tvungen lønnsnemd etter haste-møte med minister Anniken Hauglie

VIDEO: Forhandlingsleiar Rune Frøyland meiner det aldri var fare for liv og helse.

– Uforsvarleg akuttberedskap

Dette skjedde etter at sjukehuset trekte tilbake kravet om at ein lege skulle gå inn på vakta til ein streikande lege frå klokka 22 i kveld. Denne avgjerda vart meldt inn til Helsetilsynet, og sjukehuset gjorde det klart at dei ikkje garantere ein forsvarleg akuttberedskap etter klokka 23 i kveld.

Forhandlingsleiar Rune Frøyland i Akademikarane er skuffa over avgjerda til arbeidsministeren. Han er redd for at dette vil vere med på å auke tillitskrisa mellom tilsette og leiinga ved sjukehusa.

– Det har vore ein ansvarleg streik, og ei tvungen lønnsnemnd vil ikkje løyse den reelle konflikten. Tillitskrisa og uroa ved sjukehusa vil halde fram, men på andre arenaer, seier han.

Tilbake på jobb i kveld

Han seier likevel at legane vil gå tilbake på jobb etter dei opphavlege vaktlistene alt i kveld.

Akademikarane har vore i streik sidan 7. september då meklinga med Spekter braut saman. Legar, ingeniørar, økonomar, juristar og samfunnsvitarar har streika. Fram til i kveld har 628 tilsette ved 15 sjukehus vore i streik.

Det var varsla ei ytterlegare opptrapping frå førstkomande torsdag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger