I går melde TV 2 og Nettavisen at politiet har mistanke til ein konkret person på bakgrunn av tekniske undersøkingar. Politiet avviser overfor NRK at dei har ein konkret person som dei mistenker. Haugesundspolitiet har heller ikkje ein DNA-profil, blir det opplyst til NRK.
Trur på løysing
Privatetterforskar Harald Olsen har jobba mykje med drapssaka på Karmøy i Rogaland, og han har vore med på å gje politiet nytt materiale. Sjølv om politiet ikkje vil stadfeste at det er gjort viktige framsteg, så er Olsen optimist med tanke på ei løysing.
- Kva trur du skjer framover no?
- No håpar eg at politiet har kome så langt at dei i løpet av relativt kort tid kan få gjort dei naudsynte undersøkingane, få svara på desse og avslutte og oppklare saka, seier Olsen til NRK.
Advokat Arvid Sjødin, som forsvarer Birgitte Tengs sin fetter, seier han har fått vite frå politiet at det er ei utvikling på gang:
- Det blir sagt at eit resultat vil bli gjort kjent for partane om kort tid, seier Sjødin, som sjølv ikkje kjenner detaljane i politiet sine funn.
Politiet stadfestar til NRK at det er ei spyttprøve som enno ikkje er ferdiganalysert ved eit rettsmedisnisk institutt.
Ikkje glad for mediemerksemd
Fetteren til Birgitte Tengs vart dømd for drapet på kusina si i tingretten, men vart seinare frikjent i lagmannsretten. Sjølv om nyheitene i går kan vere ei gladmelding for dei som arbeidar for å få fetteren reinvaska, er det få som er glad for mediemerksemda om politiet sitt arbeid. Privatetterforskar Harald Olsen er redd merksemda kan øydelegge for politiet:
- Bevis kan gå tapt, vitne kan bli påverka, og det kan vere fare for at folk kan trekke seg unna politiet. Alle dei konsekvensane som ein er redd for når ein varetektsfengslar folk, kan inntreffe her, seier Olsen til NRK.