Hopp til innhold

– Superpinleg at Noreg ikkje får taletid på FN-sjefen sitt klimamøte

Noreg får ikkje sleppe til når FN held toppmøte om klima. – Inga overrasking, seier SV. – Superpinleg, meiner Greenpeace.

Jonas Gahr Støre, Anniken Huitfeldt og Espen Barth Eide i New York under FN-toppmøtet 19.09.2023

På plass i FN-bygget, men får ikkje tale på klimatoppmøtet til FN-sjefen.

Foto: Statsministerens kontor

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Onsdag samlar FNs generalsekretær FN-landa til toppmøte om klima. Men António Guterres har stilt eit tydeleg krav: Berre land «som har noko konkret å komme med», får sleppe til på Climate Ambition Summit.

Dei må kunne presentere konkrete og truverdige planar for å kutte utslepp, mellom anna ved å omstille samfunnet frå bruk av olje, kol og gass til utsleppsfrie alternativ.

Tysdag kveld kunne NRK erfare at Noreg ikkje stod på talarlista. Berre 34 medlemsland vil få ordet.

– Skulle høyrt på SV

– Det burde ikkje komme som noka overrasking at Noreg ikkje får snakke under dette klimatoppmøtet. Grunnen er openberr. Regjeringa har ingen nye store viktige klimatiltak å komme med. Hadde dei høyrt på SV i budsjettforhandlingane og stansa oljeboring i sårbare havområde, kunne dei nok også fått snakke i FN.

Lars Haltbrekken, Sosialistisk venstreparti

Lars Haltbrekken, SV.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det seier energi- miljøpolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken.

– Noreg må lage ein truverdig plan for omstilling av fossilbransjen. SV har mange gonger foreslått verkemiddel for å få dette til, og vi står klare til å danne fleirtal med regjeringa, seier han.

Ola Elvestuen er energi- og miljøpolitisk talsperson for Venstre. Han seier det slik:

– Eg forstår godt Guterres som ikkje gir Støre taletid på dette møtet. Det er ingen grunn til å sleppe til endå statsminister som snakkar alvorleg om klimaendringar utan å følgje dette opp med konkret handling.

Espen Barth Eide

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) hadde håpa Noreg fekk tale under møtet onsdag.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Skulle gjerne snakka på møtet

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) er i New York, og deltek saman med Støre og fleire andre regjeringsmedlemmer på FNs såkalla høgnivåveke. Han seier at Noreg har tradisjon for å gjere nye annonseringar på dei formelle klimatoppmøta, ikkje på FNs generalforsamling.

Vi er ein av dei største bidragsytarane i verda til det internasjonale regnskogarbeidet, som er ein svært viktig del av globalt klimaarbeid. Noreg legg vekt på å vere ein langsiktig og truverdig samarbeidspartnar og bidragsytar både til FN-systemet og til samarbeidslanda våre, seier Espen Barth Eide.

Han peikar også på at Noreg framover vil bidra aktivt for at verda skal bli samde om ein langsiktig global plan for overgangen til eit utsleppsfritt energisystem.

Alt dette skulle vi gjerne snakka om, men vi er ikkje blant den firedelen av dei 193 medlemslanda som talar på møtet. Uavhengig av det vil vi delta på møtet med stor interesse, seier Barth-Eide.

António Guterres

FNs generalsekretær António Guterres er vert for møtet onsdag.

Foto: Themba Hadebe / AP

– Blir svekt internasjonalt

Ola Elvestuen meiner det blir lagt merke til internasjonalt at Noreg ikkje får taletid på møtet.

Tidligere klima- og miljøminister, Ola Elvestuen.

Ola Elvestuen, Venstre.

Foto: Even Hye T. Barka / NRK

– At det rikaste landet i verda ikkje handlar med styrke for å få bukt med global oppvarming blir merke lagt til internasjonalt og det svekkje Noregs posisjon i det internasjonale klimaarbeidet. Ap/Sp-regjeringa må starte med å setje i gang kraftfulle klimatiltak og slutte med berre tomt prat – då vil Noreg igjen også få taletid i FN, seier Elvestuen.

Han legg til:

– Dei einaste nye initiativa regjeringa har i ei verd som står i ei klima- og naturkrise er å halde fram oljeleitinga som om ingenting skjer, og som første land opne opp for gruvedrift på djuphavet. Samtidig har dei ingen tiltak for å nå sitt eige mål om å kutte 55 prosent av utsleppa innan 2030, og dei heng langt etter i arbeidet med å følgje opp Noregs forpliktande klimaavtale med EU.

Frode Pleym, leder Greenpeace Norge

Frode Pleym, leier i Greenpeace Noreg, seier dei dessverre venta at Noreg ikkje fekk tale på klimamøtet.

Foto: NTB

Bør vere ein vekkjar

Dette er superpinleg for Noreg! Forhåpentleg er det ei skikkeleg vekkjarklokke for politikarane våre, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg.

Han meiner dette viser at Noreg ikkje har ein truverdig omstillingsplan.

Noreg må derfor kunngjere at vi avsluttar all ny oljeleiting. Det høge tempoet i oljeindustrien kuttar verken utslepp eller skaper trygge jobbar, seier Pleym.

Les også FNs løypemelding før klimatoppmøtet: – Vi trenger mye mer handling nå

Solen går ned over Dubai, der klimatoppmøtet COP 28 finner sted i november og desember i år.

Generalsekretær i WWF Verdas naturfond, Karoline Andaur seier at det er flautt for Støre å måtte stå på gangen og måtte svi for miljønasjonen Noreg.

– Det hjelper ikkje å ha ambisiøse mål om utsleppskutt og fornybar energi når vi legg opp til ein oljeboom ved å godkjenne rekordmange utbyggingar på norsk sokkel, seier ho, og legg til:

– Støre bør ta dette som eit tydeleg signal om at politikken til regjeringa om å «utvikle, ikkje avvikle» olje- og gassnæringa står i vegen for Noreg som ein truverdig klimanasjon.

Generalsekretær i Verdens naturfond, Karoline Andaur. Står ute i naturen framfor eit lauvtre.

Generalsekretær i WWF Verdas naturfond, Karoline Andaur seier at dette er flautt for Noreg.

Foto: WWF

– Har sett klimapolitikken tilbake

Høgres Mathilde Tybring-Gjedde meiner at regjeringa har sett norsk klimapolitikk tilbake. Samtidig etterlyser ho ein ny klimaplan frå regjeringa.

Mathilde Tybring-Gjedde

Mathilde Tybring-Gjedde, Høgre.

Foto: Tore Linvoller / NRK

– At vi blir nekta taletid, samtidig som den siste FN-rapporten seier at vi heng langt etter i kampen om å kutte utslepp, viser at alarmen går. Det hastar å få ein kraftfull klimapolitikk globalt og i Noreg, som reduserer utslepp og tek vare på naturen. Det betyr storstilt utbygging av fornybar energi, satsing på klimaløysingar for framtida, som karbonfangst og lagring og hydrogen og auka pris på C02, seier Tybring-Gjedde.

– Dessverre har vi ei regjering som ikkje tek noko av dette innover seg, seier ho.

– Ikkje rart regjeringa fell gjennom hos FN

Leiaren i MDG, Arild Hermstad er ikkje overraska over at Noreg ikkje får halde innlegg på møtet.

Arild Hermstad, MDG, portrett ute.

Arild Hermstad, MDG

Foto: Annika Byrde / NTB

– Det er ikkje rart at Jonas Gahr Støre og den norske regjeringa fell gjennom hos FN. Regjeringa sin politikk leverer ikkje nemneverdige klimatiltak, og det einaste resultatet dei har å vise til, er ein utsleppsreduksjon på skarve 0,5 % i 2022, seier Hermstad.

– Eg er uroa for kva regjeringa si manglande klimahandling vil gjere med Noreg si rolle internasjonalt på sikt. Vi er i ferd med å tape ansikt, og det vil ha konsekvensar for i kva grad vi kan inngå avtalar og påverke andre land positivt i klimakampen. Verda lyttar ikkje lenger til politikarar som ikkje tar leiarskap i den største utfordringa i vår tid, seier han.

Heller ikkje USA og Kina

Av andre land som heller ikkje får taletid er USA og Kina, som står for dei største utsleppa i verda. Dei sameinte arabiske emirata, som er vertskap for klimatoppmøtet COP28 i desember, må også berre lytte.

Blant dei som får tale, er Danmark, Island, Brasil, Canada, Pakistan, Sør-Afrika og Tuvalu, og dessutan EU.

Også selskap og institusjonar står på talarlista, blant dei bank- og forsikringskonsernet Allianz, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet, London by og den amerikanske delstaten California.

AKTUELT NÅ