Hopp til innhold

Golfstraumen er varmare enn før

Nye målingar i Norskehavet viser at temperaturen i Golfstraumen stig kraftig. Forskarane er uroa over utviklinga.

Golfstraumen

Måleapparat i Golfstraumen

Foto: Tine Randen, iAOOS Norway

Forskarar frå Universitetet i Bergen avslutta nyleg eit tokt nordvest for Stad, der dei henta opp data som viser kor sterk Golfstraumen er, og kva temperaturen er på 100 og 300 meters djup.

Ein temperaturauke på ein grad på åtte år er ein dramatisk auke.

Toktleiar Kjell Arild Orvik

Informasjonen blir registrert kontinuerleg, samla i boksar - og så henta opp av forskarane ein gong kvart halvår.

Kjell Arild Orvik

Kjell Arild Orvik.

Foto: NRK

- Dramatisk auke

300 meter under havoverflata har temperaturen gått opp frå 7,2 til 8,2 grader frå 1995 til 2003. Deretter har temperaturen gått litt nedover mot snittet på 7,8 og er no på veg opp igjen.

Utviklinga er om lag den same på 100 meters djup.

- Ein temperaturauke på ein grad, frå 7,2 til 8,2 på åtte år er ein dramatisk auke, seier toktleiar Kjell Arild Orvik, som er forskar på Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Orvik er ein av dei som har forska mest på Golfstraumen her i landet. Heilt sidan april 1995 har han hatt ansvar for målingane ute i Norskehavet, i kjernen av Golfstraumen.

Temperaturen i Golfstraumen på 300 meters djup
Foto: NRK

Forskar på årsaka

- Golfstraumen er omlag like kraftig som før, variasjonane er stort sett dei same frå år til år, seier Orvik.

Det er temperaturen som endrar seg markant.

- Vi ser ingen samanheng mellom endringane i temperatur og straum - dei går ikkje i takt, seier han. Vår forsking viser at variasjonen i straum i hovudsak er styrt av vinden i Nord-Atlanteren. Årsakene til auken i temperatur er langt meir samansette. No blir utfordringa vår å finne svar på kva som ligg bak desse store endringane i temperaturen, seier Orvik.

- Ingen fare for kollaps

Cecilie Mauritzen

Cecilie Mauritzen.

Foto: Met.no / NRK

Målingane frå Universitetet i Bergen er ein del av eit større forskingsprosjekt i samband med det internasjonale Polaråret.

Prosjektleiar Cecilie Mauritzen er uroa over utviklinga.

- Det er ingen grunn til å uroe seg for at Golfstraumen skal kollapse, men det er grunn til uro over at vi ser ei oppvarming her som er ti gonger sterkare enn det vi ser på globalt nivå. Dette har direkte konsekvens for isdekket i Arktis og før økosystema i havet, seier Mauritzen, som er seniorforskar ved Meteorologisk institutt.

- Gjennomsnittstemperaturen i dei øvste 700 metrane av verdshava har auka med 0,1 grad i løpet av dei siste femti åra, men i denne delen av Golfstraumen er oppvarminga altså ein heil grad på mindre enn ti år, sier Mauritzen.

Polaråret set fokus på Golfstraumen

No under det internasjonale Polaråret gjer forskarar frå mange land ein ekstra innsats for å følgje utviklinga av Golfstraumen. Korleis klimaendringane verkar inn på havstraumane er nemleg eitt av dei heilt sentrale forskingsspørsmåla under Polaråret.

I to av dei største enkeltprosjekta med norsk deltaking - iAOOS og BIAC - er dette hovedtema. Ei rekkje andre prosjekt er også med på å hente inn data om straumtilhøva og dei variablane som ein trur driv havstraumen.

Under toktet i Norskehavet blei det - i tillegg til å hente inn data frå boksane som ligg i fast posisjon i havet - kasta ut drivbøyer som skal følgje Golfstraumen nordover.

Bøyene har utstyr som måler havtemperatur og posisjon, og sender informasjonen fortløpande tilbake til forskarane via satellitt.

AKTUELT NÅ