Hopp til innhold

– Vi prøver å halde hovudet kaldt

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har segla på ein jamn opptur gjennom heile valkampen. No går det mot eit brakval for klimapartiet.

Basert på dei fyrste oppteljingane kan kommune- og fylkestingsvalet 2019 sjå ut til å bli det valet der dei grøne veljarane for alvor gjorde opprør mot klimapolitikken til styringspartia Arbeidarpartiet og Høgre.

Når dei fyrste stemmene er talt opp, ligg MDG an til å få 8,0 prosent av stemmene på landsbasis. Og særleg i Oslo kan dei nå nye høgder. Førehandsstemmene er talt opp i hovudstaden og MDG har ein oppslutnad på nesten 17 prosent.

Oppslutninga i Oslo kommune er nærast ei dobling sidan førre kommune- og fylkestingsval.

Lan Marie Berg

«Lan Lan Lan, Lan Lan Lan» roper valvaken til MDG taktfast mot Lan Marie Berg på scena.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

På Sentralen i Oslo, eit steinkast frå Karl Johans gate, er MDG samla på valvake. Aldri før har dei lagt an til å få så mykje makt.

– Dette ser veldig bra ut for oss, men vi er litt opptatt av å halde hovudet kaldt for det kan vere vi går eit prosentpoeng eller meir ned, er fyrste reaksjon frå Une Bastholm, nasjonal talsperson i partiet.

Samtidig innrømmer ho at det er ein god følelse å ligge så høgt på prognosane.

Une Bastholm

Une Bastholm er nasjonal talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Gunhild Hjermundrud

I marmorsalen, i det gamle sparebankbygget, er dei unge og hippe MDG'arane i Oslo samla. Ein susar forbi med øl i handa og capsen bak fram. Mange er i trettiåra og dei fleste har på seg noko grønt.

Det er ingen tvil om kven som er stjerna i denne leiren. «Lan Lan Lan, Lan Lan Lan» roper valvaken taktfast når Lan Marie Berg, miljøbyråd i Oslo, held eit flammande innlegg frå talarstolen.

– Vi elskar bomringen, ropar Berg tilbake.

Det går mot et brakvalg for Miljøpartiet De Grønne, ifølge prognosene.

Det går mot et brakval for Miljøpartiet De Grønne, ifølge prognosane.

Ho er blant sine eigne og lovar beinhard, offensiv og radikal klimapolitikk framover.

– I dag har vi vist at det er mogleg å bli attvalt med radikal miljøpolitikk. Vi er attvalt med eit valskred. Det einaste ansvarlege i 2019 er å vere radikal, seier Berg frå talarstolen.

Ho meiner årets kommune- og fylkestingsval har blitt eit klimaval og at særleg to grupper skjelv i buksene i kveld.

– Det eine er oljelobbyen. Dei andre er utdaterte politikarar som i årevis har feiga ut. Tenk at dei andre partia har kappast i valkampen om bompengar, seier Berg.

Sjekk resultatet frå din kommune: Valgresultat for Norge – Valg 2019 – NRK

Resten av leiinga i MDG prøver framleis å halde nervane under kontroll og prøver å vere nøkterne til talfasiten er lagt fram.

– Det er veldig fint å komme inn på eit høgt nivå når vi får denne målinga, men så må vi innstille oss på at det endelege resultatet trenger ikkje sjå slik ut, seier Arild Hermstad som er den andre nasjonale talspersonen i partiet.

Politisk kommentator, Lars Nehru Sand, om de første tallene.

Politisk kommentator, Lars Nehru Sand, om de første tala.

Spenning utanfor byane

Det er knytt stor spenning til om MDG vil gjere seg gjeldande andre stader enn i storbyane. I Vardø får MDG 22,5 prosent av stemmene og kommunen ligg an til å bli den sterkaste MDG-kommunen i landet.

Nrkvalg

Jubelen stod i taket på valvaken til MDG då dei fekk dei fyrste oppteljingane.

Foto: Gunhild Hjermundrud

Bastholm lovar at folk kjem til å merke at grøne politikarar no truleg trer inn i kommunestyre over heile landet.

– Over heile Noreg kjem befolkninga til å merke at det blir meir fokus på å ta vare på naturen, ta vare på matjorda og ikkje minst kutte klimagassutsleppa. Kommunane er utruleg viktige for å komme i mål med den store jobben vi har framfor oss med å kutte nok utslepp, seier Bastholm.

Nasjonal talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne Arild Hermstad

Arild Hermstad, nasjonal talsperson i MDG, jublar over dei fyrste rapportane.

Foto: Gunhild Hjermundrud

Får partiet meir makt, er dei sjølve klare på at dei også har andre saker dei brenn for, utover klimasaka.

– Vi har allereie bevist i dei kommunane vi sit i at vi har vår eigen skule- og helsepolitikk. Og eg meiner at på mange av dei områda så har vi betre politikk enn mange av dei andre partia. Det skal vi vise i åra som kjem, seier Hermstad.

Miljøpartiet De Grønne går mot et brakvalg, særlig i Oslo og Bergen, ifølge de foreløpig opptalte stemmene fra kommunevalget.

Miljøpartiet De Grønne går mot et brakval, særleg i Oslo og Bergen, ifølge de foreløpig opptalte stemmene frå kommunevalet.

Siktar mot regjeringsmakt, utelukkar Høgre

– Dette er berre byrjinga, i 2021 skal vi ta den grøne bølga til stortinget, avsluttar Berg frå talarstolen.

Stemninga er upåklageleg på valvaken og dei håpar optimistisk på at den grøne bølgja kan føre til regjeringsmakt om to år. Slår målingane i forkant av dagens val til, ser partiet mot dei raud-grøne og utelukkar Høgre.

Une Bastholm og Arild Hermstad

Dei nasjonale talspersonane i Miljøpartiet Dei Grøne Une Bastholm og Arild Hermstad jublar på valvaken til partiet.

Foto: Gunhild Hjermundrud

– Problemet er at Høgre har låst seg til Frp, og for oss er ikkje det aktuelt i dag og eg tvilar på om det kjem til å bli aktuelt i 2021, seier Hermstad.

Han meiner det må store endringar til i norsk politikk om partiet skal snu seg mot dei blå partia.

– Når vi har fått bompengepartiet som Høgre seier at dei ønsker å samarbeide med mange stader, føler eg at avstanden til partiet Høgre har blitt unødig stor, seier Hermstad.

Han meiner MDG kan vere partiet som torer kjempe kampane for klimaet i forhandlingsrommet til ei regjering, og bringe miljøpolitikken på rett plass.

Samtidig innrømmer Hermstad at eit hurtig veksande parti også har veksesmerter. Partiet berre fekk ein kandidat inn på Stortinget i 2017.

– Vi hadde nok håpa å få fleire inn på Stortinget, men vi er vant til å bygge parti og vi er vant til at ikkje alt går lukt framover heile tida. Eg føler vi har lært mykje, veldig raskt og vi kjem forhåpentlegvis til å lære mykje av valresultatet vi ser seinare i kveld, seier ein optimistisk Hermstad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger