Hopp til innhold

Fleire Frp-fylkesleiarar vil ut av regjering

Fleire Frp-fylkesleiarar vil ut av regjering. Fleire krev at Siv Jensen kallar inn til ekstraordinært landsstyremøte for å diskutere om partiet skal forlate regjeringa.

Siv Jensen

FÅR KRITIKK FRÅ FYLKESLEIAR: Siv Jensen og resten av partileiinga får kritikk frå fylkesleiaren i Troms og Finnmark, Odd Eilert Persen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Tysdag ettermiddag vart det kjent at Noreg hentar tilbake ei terrorsikta 29-år gammal kvinne og hennar to barn på tre og fem år frå Syria.

Det eine barnet, ein gut på fem år er alvorleg sjuk.

Regjeringa har jobba i det skjulte sidan oktober med å hente dei heim, men Framstegspartiet har valt å ikkje stille seg bak avgjerda.

Saka har blitt tunga på vektskåla for fleire fylkesleiarar, som no meiner at Frp bør forlate regjeringa.

Vil ha Frp ut av regjering

Fylkesleiar i Nordland Frp Dagfinn Henrik Olsen er blant dei som meiner at tida er inne for at partiet forlèt regjeringa.

– Eg meiner nok er nok, og at tida no er inne for å forlate denne regjeringa, seier Olsen til NRK.

Han meiner regjeringspartnarane har svikta partiet og fryktar dette vil skje igjen.

– Då fungerer det ikkje lenger på ein god måte. Då tenker eg at vi ikkje treng å vere del av ei slik regjering.

Krev ekstraordinært landsstyremøte

Fylkesleiar i Troms og Finnmark Frp Odd Eilert Persen kjenner seg ikkje igjen i partiet og krev at dei forlèt regjeringa.

– Det er på høg tid at vi går ut, før vi raserer det siste som er igjen av det som heiter Frp. Det som går no føre seg er rett og slett flaut. Det er vondt for oss ekte Frp-arar å oppleve, seier han.

Odd Eilert Persen meiner Frp inngår for mange kompromiss i regjeringssamarbeidet og at det går på kostnad av tilliten til veljarane.

– Vi leverer ingenting. Vi har ikkje noko truverd overfor veljarane. Kvar dag i regjering, sviktar vi veljarane våre. Vi sit som nokre rævsleikarar for Høgre, Venstre og KrF. Dei får gjere akkurat som dei vil, seier Persen.

Han krev derfor at Siv Jensen kallar inn til ekstraordinært landsstyremøte.

Landsstyret vert kalla inn når Sentralstyret, stortingsgruppa eller fylkesstyra i minst sju fylke krev det med meir enn halvparten av stemmene i kvart forum.

– Eg vil be om eit ekstraordinært landsstyremøte, og vi kjem til å stemme for å gå ut av regjering, seier Persen.

Kva synest du om partileiinga?

– Dei gjer ein elendig jobb. Det er forferdeleg å sitte og vere vitne til det som går føre seg. Vi får ingen informasjon om viktige saker. Vi blir informert gjennom media. seier Persen.

– Begeret vårt er fullt no

Siv Jensen vil be om støtte til å sette hardt mot hardt overfor Erna Solberg på Frp sitt gruppemøte klokka 15 onsdag ettermiddag, skriv Dagbladet.

Ho bekreftar at konsekvensen kan bli å bryte ut av regjeringa.

– Vi kjem no til å definere nokre veldig klare krav frå Frp. Så blir det opp til Erna og Høgre å ta det på alvor eller ikkje ta det på alvor. Det må skje ganske raskt. For begeret vårt er fullt no. Vi sit ikkje i regjering for ein kvar pris. I IS-saka har dei tre andre partia bevega seg vekk frå Frp, seier Siv Jensen til Dagbladet.

Ho presiserer at Framstegspartiet heile tida har vore villig til å hente det sjuke barnet heim utan mora.

NRK har enno ikkje fått noko kommentar frå Siv Jensen.

Odd Eilert Persen

MEINER DEI SVIKTAR VELJARANE: Odd Eilert Persen meiner Frp inngår for mange kompromiss i regjeringssamarbeidet og at det går på kostnad av tilliten til veljarane.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Fleire fylkesleiarar vil ha krisemøte

Johan Aas. som er fylkesleiar i Innlandet Frp ønskjer og at det blir kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte.

Han opplyser til NRK at fleire fylkesleiarar meiner det same.

– Vi meiner helt klart at vi må sette oss ned i et ekstraordinært landsstyremøte og diskutere korleis vi skal angripe dette vidare, seier han.

Aas meiner Frp bør forlate regjeringa om situasjonen held fram som i dag.

– Om situasjonen er som no og vi blir behandla på same måte vidare, så er svaret ja. Begeret er fullt, slik situasjonen er i dag, seier han.

Vil ha debatt om regjeringssamarbeidet

Fylkesleiar i Vestfold og Telemark Frp, Frode Gaasland Hestnes ønskjer debatten om regjeringssamarbeidet velkomen:

– Det dei andre regjeringspartia har gjort no, gjer at Frp må ta debatten; Kva gjer vi no? Frp har eit klart landsmøtevedtak, som regjeringa har gått imot. Dette må føre til debatt. Sitter vi som stemmegissel for Høyre, eller for å få gjennomslag for vår politikk?

Tone Ims Larssen, fylkesleiar i Oslo Frp fortel til NRK at ho støttar kravet om ekstraordinært landsstyremøte.

Fylkesleiaren er langt på veg einig med dei som meiner at avgjerda om å hente tilbake den terrorsikta 29 år gamle kvinna og hennar to barn, er eit overtramp frå dei andre regjeringspartia.

Ims Larssen vil ikkje svare på kor Oslo Frp stiller seg i diskusjonen om regjeringssamarbeidet før etter stortingsgruppa sitt møte onsdag ettermiddag.

Fylkesleiar i Rogaland Frp, Bente Thorsen meiner partiet no må diskutere kva dei skal krevje for å halde fram i regjering.

– Vi må ha ein diskusjon om begge deler; både regjeringsdeltaking og kva vi eventuelt må ha igjen for å fortsette, seier Thorsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger