Hopp til innhold

Funn av ny planet: – Eit gjennombrot

Planeten ligg rundt 4,2 lysår vekke frå jorda. Astrofysikar meiner funnet kan vere eit gjennombrot.

Artist’s impression of Proxima d (wider view)

Den nye planeten har fått navnet Proxima d.

Foto: ESO/L. Calçada

Planeten har fått namnet Proxima d, og ligg rundt 4,2 lysår vekke frå jorda. Funnet er gjort av ei gruppe astronomar ledet av João Faria frå Institutt for astrofysikk og romvitenskap i Portugal, ved hjelp av teleskop ved det Europeiske sørlige observatorium

Proxima d går i bane rundt sola Proxima Centauri, som er den stjerna som ligg nærast solsystemet vårt.

– Funnet viser at vår næraste stjernenabo ser ut til å vere fullpakka med interessante nye verder, innan rekkevidd for framtidig utforsking, fortel João Faria.

Planeten ligg for nær stjerna til at det finst vatn eller liv slik vi kjenner det der.

Tidlegare har det vore funn av to planetar som går rundt stjerna, ein av dei er ein jordliknande planet, der det kan finnast vatn.

Les også Den nye planeten har fått navnet Proxima d.

New shot of Proxima Centauri, our nearest neighbour

Kan føre til funn av jordliknande planetar

Målingane som er gjort for å finne planeten, er utført med eit ganske nytt verktøy, med eit teleskop som har eksistert i rundt 20 år.

No blir det bygt det ein ny generasjon med kjempeteleskop, òg dei er berre nokre år frå å kunne bli tatt i bruk.

– Det er eit gjennombrot for denne målemetoden, seier astrofysikar Håkon Dahle.

Forskarane har klart å måle fart ned til 40 centimeter i sekundet. Eit menneske kan røre seg mykje fortare enn det.

At ein klarar å måle det med dei instrumenta ein har i dag, og at ein vil få endå meir nøyaktige teleskop, det betyr at ein vil kunne finne andre jordliknande planetar i andre solsystem, seier Dahle.

The VLT's laser guide star

Ved å måle farta til stjerna Proxima Centauris har man klart å finne at det går ein liten planet i bane rundt den.

Foto: Gerhard Hüdepohl / G. Hüdepohl (atacamaphoto.com)

Rekord

Proxima d er ein liten planet, berre 25 prosent av jorda sin storleik.

– Det er rekord når det gjeld planetar funnet på denne måten, fortel Håkon Dahle.

Håkon Dahle ved Nordisk Optisk Teleskop (NOT) på La Palma

Astrofysikar Håkon Dahle meiner at funnet kan føre til at man kan oppdage fleire jordliknande planetar i andre solsystem.

Foto: Jostein Riiser Kristiansen

Ved å måle farta til Proxima Centauri, kan ein sjå at planetanes tyngdekraft trekk på stjerna. Forskarane har sett fleire systematiske variasjonar av fart av stjerna som er skulda planetane rundt. Lengda på de ulike variasjonane er bestemt av omløpstida til kvar av dei tre planetane.

– Ein har sett ein variasjon i svingingar på fem dagar, som vil seie at denne planeten går rundt Proxima Centauris på fem dagar, kor stor variasjon det er fortel noko om størrelsen.

Ved å sjå på korleis stjerna rører seg har forskarane klart å finne ut at det sannsynlegvis finst ein planet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger