Hopp til innhold

Frp vil oppheve skjenketidene

Frp foreslår å fjerne ølgardina i matbutikkane, oppheve skjenketidene og la 18-åringar kjøpe sprit. KrF er forbausa over kor langt Frp vil gå.

Puber og barer må få lov til å ha døgnåpent om de ønsker det.
Det foreslår Fremskrittspartiets programutvalg.
Dette er alt annet enn samarbeidsinvitasjon, svarer Kristelig Folkeparti. Reporter: Ellen Omland. Foto: Margareta E. Haug

Puber og barer må få lov til å ha døgnåpent om de ønsker det. Det foreslår Fremskrittspartiets programutvalg. Dette er alt annet enn samarbeidsinvitasjon, svarer Kristelig Folkeparti. Reporter: Ellen Omland. Foto: Margareta E. Haug.

Per Sandberg

– Har du stemmerett når du er 18 år, må samfunnet også ha tillit til at du kan omgås alkohol på ein god måte, meiner Frp-nestleiar Per Sandberg.

Foto: Solum, Stian Lysberg

I forslaget til nytt partiprogram foreslår Frp at butikkane skal få selje øl så lenge dei har ope. Altså vil dei fjerne den såkalla ølgardina som i dag blir hengt opp klokka 20.

Programkomiteen vil også la 18-åringar kjøpe sprit, og dei vil at kvar enkelt kommune skal få bestemme kor lenge barar og pubar skal få skjenke alkohol.

– Det er ikkje så mykje nytt i vår alkoholpolitikk, men vi er meir detaljerte fordi vi ser at reiselivet slit med statlege reguleringar når det gjeld opningstidene. Vi vil delegere mykje av alkoholpolitikken til kommunane, seier Per Sandberg, som er leiar av programkomiteen.

– Regulerer seg sjølv

Han trur ikkje det vil bli «vill vest» i norske byar, sjølv om barane skulle få utvida opningstider.

– Eg trur dette regulerer seg sjølv. Barar er avhengige av kundar, og eg trur ikkje det er grunnlag for eit stort kundemarknad ut over det som finst i dag. Men kommunane må ha større fridom til å bestemme opningstidene, særleg med tanke på reiselivsnæringa, meiner Sandberg.

Han forsvarer òg forslaget om at 18-åringar skal få kjøpe sprit.

– Har du stemmerett når du er 18 år, må samfunnet også ha tillit til at du kan omgås alkohol på ein god måte. Det er ingen grunn til å vere restriktive fordi nokre få ikkje greier å handtere alkohol.

Hør radioversjonen av saken her.

– Vil gje betre drikkekultur

Frp vil dessutan oppheve alkoholmonopolet, sette ned avgiftene og la bønder selje eigenprodusert alkohol på garden. Likevel er ikkje Sandberg redd for at alkoholbruken i Noreg skal skli ut:

– Eg trur ikkje alkoholen vil flyte. Eg har tillit til at dei fleste kan omgå alkohol på ein god måte. Eg trur dessutan at liberalisering av alkoholpolitikken vil gje oss ein betre drikkekultur i Noreg, seier Sandberg.

Laila Dåvøy

KrF-politikar Laila Dåvøy trur Frp sine forslag vil føre til at folk drikk meir og får fleire alkoholskader.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Dårleg KrF-invitasjon

Det har ikkje KrF-politikar Laila Dåvøy det minste tru på. Ho meiner dette forslaget er det motsette av ein samarbeidsinvitasjon til KrF.

– Dette er eit svært dårlig forslag, som strir mot KrF sin politikk, som er å stramme inn skjenketidene. Eit slikt frislepp er ikkje lurt av den enkle grunn at jo meir ein aukar tilgangen, jo meir drikk folk og jo fleire alkoholskadar får vi. Dette er eit steg i heilt feil retning, meiner Dåvøy.

– Går overraskande langt

Ho meiner likevel det er fint at Frp presiserer meir om kva dei meiner med ein liberal skjenkepolitikk.

– Det er greitt i eit valgår å vite kvar vi har kvarandre. Vi har alltid visst at Frp var liberale, men at dei skulle gå så langt hadde eg faktisk ikkje trudd, seier Dåvøy.

Programforslaget til Frp blir sendt ut på høyring i dag, og partiet har frist til 1. februar for å komme med innspel.

AKTUELT NÅ