Hopp til innhold

Frp krev nye innstrammingar i innvandringspolitikken

Landsstyret i Framstegspartiet har samrøystes gått inn for å starte forhandlingar om ein ny regjeringsplattform der også Kristeleg Folkeparti er med.

Partileder Siv Jensen på FrPs landstyremøte.

Partileiar Siv Jensen på Fremskrittspartiets landsstyremøte.

Partileiar Siv Jensen seier til NRK at landsstyret har gitt partileiinga fleire veldig tydelege krav. Det gjeld blant anna ytterlegare innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken, å senke skatte- og avgiftstrykket og auka satsing på samferdsel.

– Vi treng gjennomslag for våre saker. Det blir ikkje ein ny regjeringsplattform utan at vi får betydeleg gjennomslag, legg partileiaren til. Ho meiner det er viktig for alle partia som set seg til eit forhandlingsbord, å prøve å få større gjennomslag for politikken sin.

– Tydelege tilbakemeldingar

Når det gjeld paragraf 2C, som gjeld abort etter veke 12, vil ikkje Siv Jensen seie noko anna enn at Framstegspartiet står fast på synet om at kvinner sjølve skal bestemme om dei vil ta abort eller ikkje.

– Vi hadde ein god debatt i landsstyret. Vi har fått tydelege tilbakemeldingar på kvar smertegrensa er. Vi går inn i forhandlingane med eit mål om å lukkast. Men det er avhengig av at vi får betydeleg gjennomslag, seier Siv Jensen til NRK.

Ho gjer det klart at det ikkje kjem til å bli lette forhandlingar.

Det har vore ein del motstand internt i Frp mot å gå i regjering med KrF, men det var altså eit samla landsstyre som gjekk inn for forhandlingar på møtet i dag. Det er ikkje kjent kva konkrete krav partiet kjem til å stille i forhandlingane.

Sonderingar

Venstre har alt fått klarsignal til å starte regjeringsforhandlingar, medan Kristeleg Folkeparti truleg kjem med ei avklaring i løpet av denne veka.

Sonderingar mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF starta 22. november, etter at eit ekstraordinært landsmøte i KrF vedtok å prøve å få til eit regjeringssamarbeid med regjeringa Solberg. Dette i strid med partileiar Knut Arild Hareide sitt ynskje om å samarbeide med Arbeidarpartiet.

Det er uklart om forhandlingane vil starte før jul.

I dag feller Frp sin dom over Ernas drøm

Frp-ere i NRK-undersøkelse: Sju av ti sier nei til å endre abortloven

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger