Hopp til innhold

Frode Sulland: – Gjenopptakingskommisjonen ligg med broten rygg

Advokatar meiner frifinninga av Viggo Kristiansen viser at det er på tide å avvikle dagens ordning med Gjenopptakingskommisjonen.

Frode Sulland

Frode Sulland meiner det er på tide å erstatte dagens ordning for prøving av straffesaker der nokon meiner dei er uskuldig dømde.

Foto: Knut Are Tornås / NRK

Viggo Kristiansen blei i 2000 dømd til 21 års forvaring, med ei minstetid på 10 år, i Baneheia-saka. Han har heile vegen sagt at han var uskuldig.

I løpet av desse åra har han kravd å få saka si teken opp på nytt fem gongar i Gjenopptakingskommisjonen, før han til slutt fekk medhald i 2021.

Fredag sa riksadvokat Jørn Sigurd Maurud at han ikkje var i tvil om at Kristiansen burde bli frifunnen.

Det er formelt Borgarting lagmannsrett som må frifinne Kristiansen, men avgjerda til Riksadvokaten er i praksis ei endeleg avgjerd.

Vil avvikle kommisjonen

Det at Kristiansen måtte gå så mange rundar før han fekk saka si behandla på nytt, viser at Gjenopptakingskommisjonen ikkje fungerer som han skal, seier advokaten hans Arvid Sjødin til NRK.

– Eg trur det beste ville vere å legge ned kommisjonen, og at ein går tilbake til domstolen. Med domstolen vil du kunne gå opp det dei har gjort i etterkant, og du kan anke. Du kan ikkje anke ei avgjerd frå kommisjonen.

Før Gjenopptakingskommisjonen blei oppretta, var det domstolen som hadde avsagt ein dom som avgjorde om ei sak skulle takast opp på nytt.

Arvid Sjødin

Advokat Arvid Sjødin vil reversere ordninga for gjenopptaking av straffesaker.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Ein av dei tinga Sjødin reagerer på i Kristiansens sak, er at det ifølge VG var same mann som hadde skrive alle forslaga til avgjerder i Baneheia-saka.

– Då er det stort sett han som skriv innstillingane som avgjer kva kommisjonen skal gjere i forhold til det. Det som var heldig denne gongen var at det var kome inn nye medlemmar som valde å gå sin eigen veg.

Les også Dette betyr fredagens Baneheia-avgjørelse for veien videre

Viggo Kristiansen hjemme

Sjødin får støtte frå advokat Frode Sulland som meiner avgjerda til Riksadvokaten viser at ordninga vi har i dag ikkje fungerer som ho skal.

– Gjenopptakingskommisjonen ligg med broten rygg etter massiv kritikk i mange år. Dette bør vere nådestøyten for kommisjonen vi har i dag.

Frode Sulland og Veronica Orderud

Sulland var forsvarar for Veronica Orderud i Orderud-saka. Dei har gjort fleire forsøk på å få saka prøvd på nytt utan hell. I slutten av september var det ny synfaring på Orderud gård i samband med eit nytt forsøk på å få saka prøvd.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Sulland meiner både samansetninga og måten kommisjonen arbeider på er feil. Han reagerer også på at det ikkje er mogeleg å overprøve ei avgjerd i kommisjonen. Difor meiner han det på tide å avvikle ordninga slik vi kjenner ho i dag.

– No må vi starte med blanke ark, og etablere ei langt meir rettssikker ordning for prøving av straffesaker der nokon meiner dei er uskuldig dømde.

Varslar gransking av Baneheia-saka

På spørsmål frå NRK om justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil ta initiativ til å sjå på ordninga med Gjenopptakingskommisjonen, viser departementet til det Mehl sa på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Der sa ho at dersom lagmannsretten kjem med ein frifinnande dom, er dette ein av dei største rettsskandalane i Noreg i nyare tid.

– Regjeringa meiner det er heilt naudsynt med eit granskingsutval som skal gå gjennom alle sider av saka, sa ho.

Bane-mehl-211022

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) ønsker å sjå på alle aktørane i Baneheia-saka, også Gjenopptakingskommisjonen.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Dette omfattar også Gjenopptakingskommisjonen, opplyser Justis- og beredskapsdepartementet til NRK.

Avtroppande leiar for Gjenopptakingskommisjonen, Siv Hallgren, seier til NRK at det er naturleg at arbeidet deira no blir granska.

– Eg skal ikkje vurdere sjølve kommisjonen, men eg synest i lys av denne saka og Riksadvokatens klare utsegn i dag at det er naturleg å sjå på behandlinga i ein heilskap. Inn i dette bør også kommisjonens arbeid inngå.

Siv Hallgren

Avtroppande leiar for Gjenopptakingskommisjonen, Siv Hallgren, meiner det er bra Baneheia-saka blir grundig granska.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Til påstanden frå Sjødin om at det er den som har skrive innstillinga som langt på veg bestemmer utfallet, avviser ho dette.

– Det er kommisjonen som avgjer sakene, og som vurderer både saka og utkasta. Dette er heilt vanleg i forvaltninga. At ein har nokon som greier ut og andre som avgjer.

Les også Her stikker Viggo Kristiansen til skogs etter Baneheia-avgjørelse

Viggo Kristiansen

AKTUELT NÅ